fredag, september 27, 2013

Kjøkenbilete nr.2

Ting tek tid og alt er ikkje ferdig. Eg putlar på med småting
der inne enda og difor har eg lyst til å legge ut nokre fleire
smakebitbilete frå mitt nydelege kjøken!

Ei gammal ramme er sett fast til døra med to små spikrar

Eg fann eit lite kvitt veggstativ ein gong i vår på ein bruktbutikk.
No fant eg endeleg ut korleis eg skulle bruke det!
No får den bære finfine tallerknar frå Ib Laursen og ein frå bestemor.

Under den nederste vegghylla har eg hengt opp ei stang som eg også
har funne på loftet, med gamle krokar til. Her får mine flotte Sarah Reed tekoppar
henge trygt og godt.

Eit lite skilt med bolleoppskrift som eg fekk i presang
frå mi søster i fjor.

Ventilatoren er oppe, den går heilt opp til taket. Det tok tid og arbeid
å få opp den! Full av fingeravtrykk som må vekk etterkvart. 

Litt pynt har fått landa på øverste hylle. Catrineholm får vise seg fram! 

På kjøkenøya frå Ikea har eg hengt opp ei stang på kvar side. Her kan kjøkenutstyr
og diverse få henge framme om det vil.
Bestemor sin fine krakk under. 
Eg har snopa meg eit nydeleg kjøkenhandkle frå KID interiør denne veka. 

Dyr gir ro

Firkløver 
Finsaugen i kveldinga

Frøken har blitt ganske så kameravant

På veg til topps før det mørknar

Etter ein lang dag på jobb er eg så takknemlig for å kunne komme heim til desse fine dyra her!

tirsdag, september 24, 2013

Graskarbaking



Graskaret i hagen er plukka inn, det vart nok berre to kilo tungt og kunne 
kanskje ha vakse seg større. Men eg var småredd for at sneglane skulle finne det
eller det skulle bli overmodent. Og me er jo faktisk i slutten av september vel?

Eg har aldri dyrka fram graskar før men har smakt graskarsuppe laga av
mi søster då ho budde i Skottland. Og det var jo veldig godt!
Så då måtte eg prøve noko anna no. Nemleg søte muffins! Eg triksa meg
igjennom denne oppskrifta her:

Krydra graskarmuffins
ca 20 små

400 gram graskar
250 g mjøl (eg nytta halvt om halvt kveitemjøl/havremjøl)
200 g sukker (eg nytta brunt)
1/4 ts allehånde
1/4 ts rive muskatnøtt
1 ts kanel
1 dl rapsolje
2 store egg
50-100 g valnøtter

Eg skjærte opp graskaret i bitar fyrst og dampa det nokre minuttar. 
Deretter kjørte eg dei i ein blender. Det går også fint an å raspe graskaret.
Så blanda eg det tørre i ei bolle og vispa lett saman egg, olje og graskar før eg 
blanda alt saman. Eg helte det opp i muffinsformer som eg steikte på 200 grader
i ca 15-20 minutt. Eg lot dei kjøle seg noko ned før eg smurte på ein enkel 
sjokoladeglasur (smelt 1 ss smør, 100 g kokesjokolade, og ein skvett sterk kaffi og
rør inn 1 ss melis). Så fekk eg servert mine flinke arbeidsmenn som 
framleis er innom huset her.


mandag, september 23, 2013

Måndagshelsing


Nydeleg haustdag! Eg høyres vel av og til vel overpositiv ut, tru meg, eg
har mine søndagskveldsdepresjonar og mandagsurokråker og tøysete tankekjør om alt og ingenting.
 Og då må eg finne på noko lurt som å la Busten dra meg ut på tur, bade i elva på fjellet,
la kreativiteten vakne ved hjelp av eit kjekt interiørblad eller bake noko godt. 
I dag starta dagen litt halvdårleg oppi topplokket, som måndagar gjer for dei fleste.
Men så kjekt med sol! Septembersol! Og så fint å dra rundt seg eit ullpledd etter måndagsturen
og sette seg ut med ein kopp rykande varm kaffi (à la Hovland). Så kan veka berre komme! 

torsdag, september 19, 2013

Nokre kjøkenbilete








Nokre smakebitbilete frå det nye kjøkenet, til dei som er nysgjerrige på det!
Er framleis ikkje heilt i mål, men det nærmar seg! 
Hyllesystem er snart på plass over benkeplata. Den eine kjøkenhylla
har eg teikna og planlagt sjølv, malt og snekra nøyaktig saman. Veldig kjekt!

Elles så kan eg ikkje skryte nok av Sunde Snekkeri, som har teikna, snekra 
og innstallert kjøkenet på mitt skeive golv!

søndag, september 15, 2013

Septembertonar

Eplene raudnar  
Huset er bordkledt, isolert og ferdigmåla 3,5 sider! Hagen er så smått overgrodd,
men heldigvis er det ein ny sommar til neste år, og då skal eg ikkje male hus! :)

Det haustast i grønsakene også, men det einslege graskaret veks litt og litt for kvar veke

Fine lamb som kanskje nærmar seg slakteklare, jau, der var fårikålen..

Katt og saug, ingen hindring, her går alle i lag! 

Eplene er suure, men å lure dei inn i ei vaffelrøre er ikkje dumt! 

tirsdag, september 10, 2013

Ta ei potet!!




Eg har sådd nokre få poteter i eitt av blomebeda mine. For ein treng jo ikkje
ha ein åker til slikt. Potetene veks opp til å bli grøne planter med fine kvite
blomar. Så det tek seg no godt ut som pynt i hagen då. Og så er det
bonusen då, å dra opp ein busk og plukke med seg fine poteter.
Rett frå jorda og oppi panna og så gode dei var! 

mandag, september 09, 2013

Den store kjøkendagen!



Dette er ein stor dag for meg! Snekkeren frå Sunde Snekkeri er på plass 
i heimen min og bygger på plass kjøkenet mitt! Foreløbig ser alt meir ut som
ein byggeplass, men i løpet av veka trur eg det meste skal vere i orden her av
inventar, røyrlegging og elektrisitet! 
Nydeleg kald blåfarge på kjøkenet i kontrast mot det kvite golvet og taket
og mot den varme fargen på veggane. 
Dette vert bra! 

lørdag, september 07, 2013

Loppis

Haust og vår er lik loppemarked. I alle fall i byen der eg
budde før. Her ser eg sjelden annonsar for det, men i dag
skulle det faktisk vere loppemarked både på Fitjar og
på Bømlo! Det er i dei små kommunane det skjer!
Litt langt å reise til begge to så då vart det Fitjartur på 
føremiddagen i dag. Og så kjekke loppeselgarar det
var der då!

Eg kom heim med to kakeboksar som har romma is før,
eg har nemleg ein slik frå før og den er stadig i bruk!
Og ein Catrineholm lotus-kjele, det har eg aldri eigd. Den var prist
til 150 men eg fekk tips om å prute den ned (!) så eg ga 100 kr
for den! Den har nokre små hakk i sida og har litt misfarging i botn
men elles i fin stand. Eit røvarkjøp som er dedikert nyekjøkenet som
er på veg inn døra neste veke! 




fredag, september 06, 2013

Haustleg syltetøy


Plommene er her! Me har ikkje plommer på garden lenger 
men i mange hagar rundt om heng det mykje  deilige raude og blå. 
Og eg er så heldig at eg har ein fin kollega i Kvinnherad som fekk plukke hos sin nabo,
 og som kom med ei heil bøtte med raude plommer til meg på jobben.
 Litt styr var det å få dette med seg på sykkel heim att til Stord, men alt ordnar seg. 

Eg har i alle fall laga meg ein god porsjon med plommesyltetøy. 
Har fulgt denne enkle oppskrifta fmatlidenskapbloggen 
og tilsatt nokre kanelstenger og to-tre anisblomar i oppkokinga.
 Det ga ein mildt krydra smak som
passa nydeleg med plommesmaken! 

Plommer, kanel og anis. 
Syltetøyet skal kokast i minimun 10 minutt. 

For ein knæsj raudfarge! Brødskive, smør og syltetøy og eit stort glas mjølk! Kveldsmaten er redda. 

søndag, september 01, 2013

Saugeblues




Det er hardt å vere saug om hausten. Det er vått å vere saug om hausten. 
Kanskje lengtar dei etter ein stor paraply eller ei hipp skaljakke til å slenge over seg. 
Eller berre eit stort tak til å gå under. Og ein kopp varm kakao til kvelds. 

Kantarell på glas

Det dukka opp eit oppskriftshefte frå Aftenposten i postkassen
min i går. Med oppskrifter og tekst av Yngve Ekern. Ei fin overrasking
for eg saknar gode matartiklar og oppskrifter i dagens aviser. Og her
fekk eg akkurat det eg ønska! Nytenkande og spanande oppskrifter, 
ikkje nødvendigvis så avanserte. Og eg falt for kvitlauksmarinerte
kantarellar som eg berre måtte prøve ut. Konservering er jo 
ein av mine mange mellomnamn. Så då vart det kantarellplukking
i skogen i dag, herleg aktivitet på ein regntung sundag.

Kvitlauksmarinerte kantarellar

Nyplukka og rensa kantarellar
1 heil kinesisk kvitlauk i skiver
nokre blad med estragon frå hagen (evnt 1 ts tørka estragon)
safta frå ei halv sitron
rapsolje

Eg fylte lag på lag med kantarell, kvitlauk og estragon i eit 
mellomstort noregsglas. Så helte eg over sitronsaft og rapsolje 
slik at det dekka over alt. Så vart det lukka godt med heilt ny syltestrikk! 
Ut på kammerset med det og så er det berre å vente..