søndag, oktober 27, 2013

Skuffehylle

Eg hadde ingen planar om å ha mjølskuffer på kjøkenet mitt. Og så 
dukka dei visst opp på loppemarked sist helg. Og då måtte det jo berre til.
Så då måtte eg jo lage ei hylle som skuffene kunne stå stødig inni. 
Det er veldig kjekt med slik enkel snekring, ein treng berre plank 
(eg brukte hobbyplank frå Biltema), skruar, trelim og litt maling. 




lørdag, oktober 26, 2013

Lampepuss

Alltid eitt eller anna prosjekt på gong. Eller langt bak i 
bakhovudet for realisering ein eller anna gong i løpet av livet.
Eg flytta jo inn i eit delvis møblert hus. Og litt etter litt finn eg
mine eigne vriar. Til dømes har eg leita lenge etter kjekke vegglampar.
Dei som har vore der har eg aldri likt, men har til nøds sett på dei 
morosame lampeskjermar. Men i løpet av to loppemarked i år
har eg funne to like og tøffe lampar, dessverre i to forskjellige fargar. 
Og to forskjellige fargar på lampane er eg ikkje klar for igjen, så då
vart bengalacken igjen min gode ven. Og denne gongen vart det
jammen meg kvitfarge på meg, ikkje knæsjgul! 

Gamlelampen. 

Den raude lampen fann eg sist helg, den blå med "FINA"-klistermerke på
fann eg i vår. Er litt putlearbeid med demontering og montering
av slike gamle lampar. 

To fine ny-gamle lampar med godt lys! Gjenbruk er genialt! 

Havregraut



Eg er ikkje så glad i havregraut. For meg er den seig og tam og noko eg
et for å få energi. Og difor er det vel mest på DNT-hytter eg hiv i meg havregraut
til frukost før dagens tur. Her heime lagar eg "luksusversjonen" av og til, 
særleg når det er kaldt og surt ute. Denne er mild og god på smak
og like sunn som den vanlege grauten. Du må berre få tak i havremjøl,
noko som du finn på gode matbutikkar som Meny og kanskje Spar.

Morgonglad havregraut

til 2 porsjonar

1 dl havremjøl
3 dl lettmjølk (ja - mjølk, ikkje vatn)
1/2 ts salt
1 ts sukker

Kok opp mens du rører i gryta. I offisiell oppskrift
skal havregrauten kokast i 3-5 minuttar. Det har no 
eg aldri gjort. Min kokar opp og putrar litegranne
før eg svolten forsyner meg, tek på ein klatt smør
og dryssar over "luksus-sukkeret" - demerasukker. 
Og så vert det ein god morgon!

"Har ikkje lyst til å gå ut i dag, berre kikke ut på regnet"

fredag, oktober 25, 2013

Islendur


Hugsa du før i tida då du høyrte favorittsongen om og om igjen
og liksom aldri vart lei? Då den songen gjerne var ein radiohit som 
mange andre spelte like mykje. Eller du var sær og høyrte på ein song
alle andre syns var rar. Eg har ein slik oppleving no. Etter mi Teiturlytting
kom eg tilfeldigvis over ein islending - eg held meg jo til desse nabolanda.
Han syng så utruleg varmt! Dessverre har han lite sjarm å dele frå scenen, men
songen, den kjenner eg i magen, til tross for at eg ikkje forstår eit einaste ord.
Og den må spelast om og om og om igjen.
Kanskje det fins nokon andre der ute som likar den like godt som meg? 

søndag, oktober 20, 2013

Vegen ut


Eg leste fredagsmagasinet til Dagens Næringsliv i kveld. Eit 
magasin som eg av og til finn noko interessant i. Denne gongen kom 
eg over ein tekst av ein mann ved namn Simen Tveitereid (journalist, forfattar
og hobbybonde) og teksten er også i forlenga versjon her.
Og det vart klart for meg, atter ein gong, kvifor eg flytta frå byen og heim! 
Å sanse naturen; lukte, smake, føle og sjå den kvar dag gjennom heile året, gjennom
haust og vinter, gjennom vår og sommar. Å la den vesle turen innom hønsehuset
for å gi dei mat og stell faktisk vere ei stund som gjer at alt anna eg tenkte på
vart lagt vekk. Å vandre over garden med Bust og stadig oppdage nye ting.
Å sitte på benken med varme klær ein vinterkveld og berre sjå på stjernene. 
Eller berre sitte inne og sjå ut på det dagen bringer av utsikt. 
Og det føles godt. 

Epledilla



Sjølvsagt må det til med ei eplekakeoppskrift no om hausten. Og det fins nok mange av dei. Mor mi lagar til dømes ei nydeleg ei med mykje vaniljekrem pakka rundt eplene. Nam! Eg fekk ein gong ei herleg oppskrift frå frøken Hedda (med amerikanske aner) på eplekake med rømme. Dessverre har den forsvunne ut i det blå, så då fekk internett og improvisasjon på kjøkenet hjelpe litt til. Denne kaka er skikkeleg frisk, og ein kan då med good samvittighet servere skikkeleg feit og god is attåt.

Rømmelystig eplekake

125 g smør
125 g sukker
2 egg
125 g kveitemjøl
1 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker

4 syrlege epler, gjerne vinterepler
saft av ei lime
kanel og sukker

1 egg
4 -5 ss sukker
2 ts vaniljesukker
1 boks lettrømme/seterrømme

Brunt sukker/demerasukker og kanel

Skrell eplene og del dei i båtar. Ha dei oppi ei skål og "mariner" dei med
limesaft, sukker og kanel.
Visp smør og sukker kvitt og ha oppi eitt egg om gongen. Ta så oppi 
det tørre og visp godt saman. Smør utover ei smurt kakeform. 
Spre eplebitane utover røra. 
Visp egg og sukker til eggedosis og ha oppi rømme og vaniljesukker. 
Eg nytta lettrømme for det er som regel det eg har i kjøleskapet. Det gjer også kaka
litt lettare enn med til dømes seterrømme. 
Hell dette så over eplene og dryss over med kanel og demerasukker. 

Kaka steikes i ovnen på 180 grader i 30 minutt til den er gylden på toppen.

God eplekakehaust og hugs å støtte innsamlingsaksjonen for demenssaken i dag! 

lørdag, oktober 19, 2013

Velkomen til Fitjar



Eg har skrive om det før: det er altså på Fitjar det skjer! Her får dei til ting. 
Her samlar dei folk. Her serverer dei kultur og tradisjon rett til dette møtande folket.
I dag var det både messe og loppemarked med ting frå den gamle 
husmorskulen. Eg som har bygd meg opp litt loppiserfaring frå bylivet
var ute i god tid og fekk tak i gode kupp. Til prutbare prisar. 
Også inn på messa etterpå og smake på mykje god lokalmat,  
og både røykelaks og eplegele vart med heim i veska. 

Lefser og nordlandskaker nybakte til sals. 

Den gamle husmorskulen på Fitjar.

Loppemarked - ei stund etter at dei gode skattane er kjøpte, men framleis kan
ein finne noko, som t.d. dei som er interesserte i gamle plansjar.
Veldig kjekt! 

Nye skattar

Nytt kjøken og difor treng ein jo nye "gamle" skattar frå loppis på Fitjar:

Alt dette for 400kr! 

Fine gamle mjølskuffer, usikkert på kva slike skuffer heiter. Så no må eg lage hylle til dei!

Eg kjøpte seks slike, det var ei stor korg med mange i. I dei fleste hadde det vore sagogryn i,
 i følge merkelappane. 
Serveringsfat i nydeleg mintgrøn farge, ei form i herlig gulfarge! 

Aluminiumsskåler og potetstamper.

Ein drøss med fin gamale Helle bestikk! Både servering og vanleg bruk. Jippi! 

tirsdag, oktober 15, 2013

O'store kjøkendraum ja

Ok, no skal eg gi meg. Siste fine biletesamling av kjøkenet er nu på veg ut - 
til Evy og andre som ikkje bur rett i nærleiken her.











Vinduskarmen er fin til lagring av fargeglade kjøkenreiskapar. 

Varmekroken - utan varme foreløbig. Ei enkel Ikeahylle med ein gammal smørkinnar og diverse anna ting og utstyr lagra. 

Ei gamal skjærefjøl frå loftet har fått ny oppgåve som hylle for kaffikannene mine

Den gamle skjærefjøla som var ein del av det gamle kjøkenet får leve vidare her, den ligg godt på kjøkenbenken. 



Kaffikroken min. Ingen fancy kaffimaskin her.

Alle tre Muutolampar er på plass

Kjekt å få vist fram alle mummikoppane og anna eg har av fargeglede!

Utsikt frå mitt kjøken

søndag, oktober 13, 2013

Eit nytt innlegg med sauge i..





Eg kan ikkje dy meg. Eg er så glad i sauge. I Tor sine sauge som vandrar på
garden her. Og naboen sin flotte vèrsaug som lengtar etter damene på andre sida. 
Han har funne hol i gjerdet og kome seg over nokre gongar. Men då vert
det jo rabalder med nyfødde lamb på kalde vinterdagar. 
Eg er i alle fall så glad i desse saugene. Som fyller dagane med å finklyppe
graset. Og kose seg i oktobersol. 

Eg driv lite med inneaktivitetar desse soldagane. Innekreativiteten får berre vente
til mørkret sakte men sikkert sender meg inn. 
Ha ei vidare god haustveke kjære lesar! 

fredag, oktober 11, 2013

Steikje fine haustdagar


Eg er så takksam. For alt det fine været me har hatt i haust!
For alt det fine været me har hatt i år. 
Denne sola og desse haustfargane fyller meg med glede og krefter, 
nok til å gå laus på ein kald vinter. Takk! 

onsdag, oktober 09, 2013

Litt haustmusikk



Eg kikka innom Teitur igjen, min fine færøyske mann.
Og plutseleg kjenner eg meg som ein student i Bergen igjen
med loftshybel i Sydnessmauet og yoga ute på bakken med rare blikk
her og der. Og ei masteroppgåve hengande over hovudet og ei usikker framtid. 
Godt det er over, og bra gjekk det. Men rart med det, musikken festar minner
og følelsar og bilete. 

Og så drøymer eg meg tilbake til Færøyane. Kanskje ein av dei få stadene eg kunne
ha budd, om eg så skulle flytte vekk frå dette nydelege huset.
For eit nydeleg språk, så grøn og frodig natur, så mykje fargar overalt.
Nei, der må eg tilbake. Og kanskje eg treffer på Teitur då..

Godt husrom


Ein ny kikk inn på mitt gode rom. Dekka opp til kvelds med kvardagsvafler
på kjøkenøya. Og framleis i innredningsfasen. Men komfyren er no på plass!
Og fin stemning også! 


Kveldskos åleine. Nytt interiørblad, ein kopp varm kakao med krem
og eit dryss med kanel. Mmm...


Kjekt å bu på ein gard! Der finn ein diverse som kan brukast. Har teke i bruk nokre
gamle fester i porselen som vert brukt til elektrisk gjerde. Så fine dei vart! 

lørdag, oktober 05, 2013

Høgt heng dei..


....og sure er dei, sa reven. 
Eg fortalte til ein venn av familien at eg hadde laga
rognebærsaft. Då kalla han den eksklusiv til tross for at
eg fortalte at den vart litt bitter. For kor mange lagar
rognebærsaft no til dags? Jammen ikkje mange trur eg. 
Den vart absolutt drikkande, men litt bitter i ettersmaken.
Det er no folk som et grapefrukt og synes det er godt, så
då må no denne absolutt falle i smak også. 

Slik laga eg mi saft:

ROGNEBÆRSAFT

3/4 full bøtte med rognebær
fire appelsiner
to sitroner
nokre nellikspiker
1 kg sukker
ca 1-2 liter vatn

Skal du bryne deg på slik saft må du enten plukke inn bæra etter den
fyrste frostnatta, eller legge dei i frysen over natta. Då frigjer du sukkeret
i bæra og dei vert mindre bitre. Så kokar du opp bær med vatn i om lag 20-25 minutt.
Så hell du bæra over i eit sileklede og lar det gjerne stå natta over. Safta
skal så kokast opp att saman med saft frå pressa appelsin og sitron samt nokre
nellikspiker. Når det har kokt opp har du i sukker og skummer av. Ha så i reine og 
varme glas og set dei opp ned. 

Etterpå har du jammen meg laga nydeleg, knallraud rognebærsaft og kan
 gjerne hausta godord rundt om av andre som aldri har gjort det før...




Lampetid

Kjøkenet får no flotte lampar her og der. Før var det kun ein i taket som lyste dust opp. Det er jo eit stort rom og no treng eg lys i kvar ein krok. Dessverre så er eg allergisk mot spottar og dimming og anna nymoderne greier. Så då vart det heller fleire lampar - og enda meir liv i rommet. Noko vart nytt og innanfor kategorien design, anna vart redesign som det heiter på fint og noko rett og slett gjenbruk.


Redesign. Eg fann denne mjølkesila oppe på nordre lemen. Den er så fin og eg
lurte lenge på kva eg skulle bruke den til. No får den ein funksjon
som heimalaga lampe over kjøkenøya med ledning frå ein ikealampe.
Det vert eit lysspel i taket då det smett lys i gjennom små hol i botnen.




Design. Planen var egentleg billege ikealampar langs med kjøkendisken. Men det
snudde visst tvert om. No heng det ein Muuto E27 lampe i mørkegrått framfor 
kjøkenglaset. Den får straks selskap av to til. Ååå, kor eg ønska å kjøpe
gule lampar, men den grå gir nok eit meir roleg rom og det kjem nok av fargar her inne!


Gjenbruk. Den gamle taklampen måtte ned. Men eg hadde ikkje lyst til å forkaste den, 
den er jo så vakker! Så for å lyse opp kroken ved den gamle ovnen vart den hengt 
opp over døra inn til kammerset. Det blei skikkeleg kult og plutseleg kunne ein sjå 
dei gamletreboltane i døra når lampen lyser opp.   



Gjenbruk. Den styggfine 80/90tallslampen frå Miljøbutikken på Moster har
fått sin renessanse med ei ekstra stor lyspære, litt bonderomantisk tekstiltape
og ei gamal emaljenål som eg likar godt. Lampen lysar opp kafesona mi.


Fine lampar må ha ein fin brytar. Så ein svart brytar i gamaldags design er prioritert
framfor vanleg brytar eller designbrytar. Dei små detaljane teller dei òg.
Stikkontaktar treng heller ikkje vere kjedelege, det fins gamal design på dei også!