lørdag, november 30, 2013

Adventstid

Ny adventsstake til kjøkenvindauget! 
Koppar som eg fann på lemen (loftet) etter 
bestemor. Lysa festa eg med smelta lysrestar. 
Pynta opp med knæsje nyper og fine fuglar
frå brukten i Sagvågen. Og nokre trolldeigssnø-
krystallar. Julestemning på kjøkenet no! 


No manglar berre snøkledde bakkar - dei hadde me jo sist helg! 

fredag, november 29, 2013

Barnsleg jul

Eg har funne fram trolldeigen att. Den hugsa eg frå
då eg var liten og me laga snertne figurar som me malte etterpå. 
Trolldeig er veldig enkelt å lage, du brukar 1 del salt, 
2 deler kveitemjøl, 1 del vatn og litt matolje. Deigen skal
vere fast så det er greit å tilpasse den med kveitemjøl undervegs.
Figurane skal steikast på 80 grader til dei vert harde. Mine figurar 
sto i ovnen i 14 timar. 




tirsdag, november 26, 2013

Lefsebakst

Eg og søster mi var så heldige å få koma på
lefsebakst med den flinkaste lefsebakaren eg veit om:
ho Rigmor på Førland. I eit koseleg lite bakstehus på Førland
der mykje godt av bakst har funne vegen ut i heimar og ned i magar. 
Rigmor hadde laga deigen til oss og me fekk trene oss på både 
emneoppdeling, utkjevling og steiking. 
Oppskrifta vil eg nok ikkje ut med her, men desse vart knakande
gode! Og det må nok prøvast ut i gamlehuset etterkvart. 

Stolt lefsebakar! 

Etter ein del trening vart lefsene fine, store og heilt runde! 

Ei steiketakke er obligatorisk i ein bygdeheim! 

Nydelege ferdige lefser til avkjøling. 


søndag, november 24, 2013

Vintersøndag


I går var det regn og yr. I dag starta dagen slik. Fine vinterdagar er gull 
verdt. Spesielt kjekt er det å få så fint vèr på ein søndag då!
Eg har fått planta ut blomelaukar i siste liten og har fått sett
opp nytt fuglebrett i hagen. Denne gongen kan eg sjå det frå
nye kjøkenet. Det vart visst ein heil matstasjon, så no berre ventar
eg på at dei finn fram til den. Eg fann nemleg eit nydeleg gamalt fuglebrett/hus 
i kjellaren, eg veit ikkje kven som har laga den i si tid. Men fin er den
og fint fungerer den! 


Meisebollehaldaren min er endeleg oppe. Veldig smart ting som eg styrte på med her.

lørdag, november 16, 2013

Haust i tunet

Det er skikkeleg haust på Eskeland. Og eg må ut og sette
 hausten på tunet fast til bilete. Til å sjå tilbake på. 
Og dette er min andre haust her i huset. I fjor haust gjekk det
berre i hage, hage og hage. Og å få i gong jobben i Kvinnherad.
I år har det vore kjøken, kjøken og kjøken egentleg. Og betre
varme i huset. Kva eg har for meg til neste haust er ikkje godt
å seie. Men eg trur året som kjem vert bra det også!





Forsiktig julepynting



Det har vore stille på bloggen i to veker no. Eg har farta litt rundt og elles
ikkje hatt noko særleg energi. Men litt har eg fått gjort den siste tida, som
å byrje med litt småpynting til jul! Fyrst å fremst har eg fylt lommene med nyper
frå min daglege sykkelpendling i Kvinnherad. Og har fått tredd dei inn på ein ståltråd
og har forma tre hjarter som får henge i det eine kjøkenvindauget. Med ein fugl festa på det 
eine - som då katten har vore svært nysgjerrig på. Nypene tørkar og skrukkar seg litt med tida,
men det er berre sjarmerande. 



Og så slår eg eit slag for fine, gamle brødformer! Dei kan brukast til så 
mangt. Blant anna til å ha blomar i. I vinduskarmen står det ein med tre planta 
raude amaryllis oppi. Dei treng jo ofte litt tid på å bløme. Og i ei anna form
har eg berre sett to sviblar. Det kjem til å bli fint! 

søndag, november 03, 2013

Eskeland slakteri


Eg har hatt litt for mange hanar vandrande rundt her no. Så i dag kom
dagen for den store haneslakten. Fem hanar og to høner måtte leggast
under øksa. Og sidan det i dag var storslakt så vart det flåing i staden
for ribbing slik eg gjorde sist. Og det var slik bestemor tok sine hanar 
også, så kjekt å gjere det i hennar ånd! 


Flåinga vart gjort ute og så hygienisk som muleg. Som betyr alltid reint
vatn - måtte ha assistenthjelp til det. Ei bøtte med kokande vatn, ei med
såpe i til å ofte vaske hender og ei panne med kaldt vatn. 


Etter at hanen er hovudlaus og kroppen ligg roleg så held
eg han under kokande vatn i to minutt. 



 Så er det å dra av skinn og fjør og klyppe av venger og bein. Og så tømme
den for alt av innvollar før eg skyller han i kaldt vatn. 


I denne omgong vart det seks kyllingkroppar, den siste høna fekk
legge kroppen sin under jorda. Fin søndagsaktivitet!

Krakk i rute



Eg er så nøgd med at håndarbeidshausten er i gong. Mørke og regnvèr
lokkar til hekling og strikking og andre kreative inneprosjekt. 
Den siste månaden har eg småhekla nokre bestemorsruter i tjukt
ullgarn. Rutene vart hekla saman og stifta fast til blåkrakken. 
Nytt koseleg møbel i stova! 

fredag, november 01, 2013

Spøtekveld

Eg diggar NRK som tek for seg heilaften med
herlige tema. Sist var det vedkveld og i kveld er
det strikking (eller spøt som det heiter her). 
Eg sit parat med mykje garn i sofaen 
og har nett strikka ferdig ein hals til meg sjølv. Enkelt
og raskt på tjukk rundpinne. Eg har
nemleg ikkje strikka på ei god stund no, så det var 
kjekt å kome i gong att! 


God strikkahals og klar til frosten slår inn!