fredag, desember 06, 2013

Storm


Stormen sveipa innom Stord. Og sette dagen ut av rutinane. Eg kom meg
ikkje på jobb for båtane var innstilt. Og då var det berre å køyre heim og pynte
til jul i staden for. Og jammen gjekk strømmen også! Den var vekke i åtte
timar og glad var eg for at eg hadde nok stearinlys, ein ovn eg kunne
koke på og batteri til radioen min! Då var kvelden redda!


Sterke krefter ute, og snøen har kome for fullt i løpet av natta. 
Rundt om er det flust av rotvelta tre, heldigvis ikkje så mange på garden.


Storm ute er lik innetid med radio og tende lys. Akkurat slik eg likar det! 

2 kommentarer:

  1. Så koselig! Tenkte på deg i går da jeg kom på at jeg har glemt å lage årets likør! Har du noen gode tips, kjære likørmester?

    Håper alt er vel på Eskeland! Stor klem!

    SvarSlett
  2. Eg held meg jo slavisk til bringebær- og ripslikøren eg. Og bjørnebærlikøren. Men sidan du spør - kva med noko krydderlikør? Om du får tak i ekte kanelstenger (ceylon) så trur eg kanellikør vert godt!! Kanel- og sjokoladelikør? Men kvar får ein tak i sjokoladebønner då.

    Eg ventar på at konfektinspirasjonen skal komme over meg og eg skal lage masse bra konfekt i år igjen! Klem tilbake Hedda :)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!