onsdag, desember 31, 2014

Grisens år: Ei pølsefinale!


Eit siste blogginnlegg frå grisens år, 2014. Griseprosjektet
vart avslutta med tungekoking, leverposteilaging med siste rest
av lever og ikkje minst pølselaging. Både vanlige pølser og 
spekepølser vart laga. Marianne frå Toten var pølsemakar saman
med meg og heile prosjektet tok to dagar gitt! I pølsene nytta
me også hjortekjøt frå naboen si haustjakt, attåt svinekjøtet og spekk frå 
Eskelandsgrisane. Reine svinepølser kan ein gjerne bli litt lei har eg høyrt
rykte om.


Samling av krydder og fordeling i forhold til ulike oppskrifter.
Pepar, fenikkelfrø, kvitlauk, paprika, chili og salvie vart nytta i pølsene.
Men det er mykje å velge i og det kan vere kjekt å prøve ut to farsar
med to ulike kryddersamlingar. 



Det er viktig at kjøtet og spekket er kaldt ved kjøring gjennom
kjøtkverna. Kjøtkverna har også godt av å ligge kaldt før bruk.
God kjøkenmaskin er lurt til slikt!


Chorizopølser!

1 kg reint svinekjøt, gjerne svinenakke
200 g spekk
300 g salta spekk i små terningar
50 g nitrittsalt (for å hindre botulismebakt, - for ein fersking som meg)
1 1/2 ss røykt paprika
3 kvitløksfedd/1 kinesisk kvitløk i bitar
1 1/2 ss knust svart pepar
1 1/2 ss fenikkelfrø
evnt litt raudvin
Spekeskinketarmar, kunstige.

La tarmane ligge i blaut i om lag 30 minutt før bruk.
Køyr kjøt og spekk igjennom  kverna og bland inn spekk i
terningar. Bland så saman krydder og nitrittsalt godt. 
Press ut vatn av tarmane og fyll på med pølsefyllet. Klem ut
all luft og knyt tau stramt i enden. Heng pølsene til tørk i eit kaldt, luftig
og mørkt rom i minimum
fire veker. Dette vert spennande gitt! 



Treing av tarmar på pølsehorn. Littegrann tålmodsprøve. 


Slik ser grisetarmar og fåretarmar ut, og pølsehorn bak.
 Tarmane har eg bestilt på nett frå Scanholm.no og dei kom 
salta i små plastpakkar som eg har hatt liggande
i kjøleskapet. Fåretarmane vart vel
smale og litt strevsame, så grisetarmane, som er litt breiare,
vart det me landa på. 


Eskelandspølser versågod!

Standardoppskrift som kan endrast etter ynskje:

2,5 kg fint svinekjøt, gjerne svinenakke (me tok halvparten med hjort)
500 g spekk
50 g salt

kvitlauk i bitar (valfri mengde)
hakka frisk salvie, evnt tørka, ca 2 ss
1 ss fenikkelfrø
1 ss knust svart pepar
knust tørka chili
litt røykt paprika (valfritt)
eventuelt 1 dl mjølk
grisetarmar/fåretarmar

Skyl av salt av tarmane og la dei ligge i blaut i minimum tre timar.

Denne oppskrifta vart dobla opp nokre gonger her. Me laga halvgrove pølser ved
å køyre alt gjennom kjøtkverna og så køyre 2/3 av blandinga ein gong til. Jo fleire
gonger du køyrer det gjennom jo finare vert det. Det er også lurt å drysse saltet på
før du køyrer det i gjennom kverna, slik at saltet blandar seg godt. Bland så i krydder
rør godt saman. La farsen  og kjøtkverna stå kjølig ei stund før pølselaginga. 
Set så tarmane på pølsehornet og set i gong! Veldig praktisk å vere to
i dette arbeidet, ein stappar kjøt og den andre passar på at tarmen vert fylt greit 
med pølsefarsen
.
Skikkeleg folkeleg og kjekt arbeid!

Pølsene kan ligge nokre få dagar i kjøleskapet, men det greiaste
er å pakke dei ned i porsjonpakkar (gjerne vakuumering) og
fryse dei ned. Når pølsene skal etast er det lurt å trekke dei først ei
stund i varmt vatn (gjerne med buljong eller krydder) 
før ein steiker dei i steikepanne. Det vert veldig
godt attåt heimalaga potetstappe og god sennep!



Godt pølseår 2015!

lørdag, desember 27, 2014

Gjenbruk av ull -TRE-

To variantar av varme tøflar. 


I år har det vore tøflar som julepresangprosjekt. Ein svær og fin 
strikkagenser kjøpte eg på ein Fretexbutikk i Oslo og nytta overdelen
 som såle og resten som sider på tøflane. Som nemnd tidlegare så bør ulla
tovast godt før bruk. 

Eg nytta malar som eg tilpassa
til aktuell storleik (storleiksguide finn ein enkelt på nettet)
og sydde til slutt saman tre bitar med ull. 
Det vart jammen meg litt putlearbeid, for det kunne vere tjukt å 
sy over med symaskinen nokre stader. Og så er det viktig å bruke ekstra slitesterk
sytråd, noko ein får tak i på gode gamle sybutikkar. 

Det vart til slutt veldig fine tøflar som eg pynta med ullhjarter og anna
 og som kan varme kalde føter i vintervekene som kjem.



Munnen full av sjokoladetrøffel


For desse vil du garantert putte i munnen, på ny og på ny. 
Om det er litt styr å lage fylt konfekt, så er det superenkelt å 
lage sjokoladetrøflar. Og så står ein heilt fri til å smaksette akkurat
som ein vil. Hobbykokken, ein dyktig mann, har skrive ein god
tekst om korleis ein går fram. Sjokoladetrøflar er ikkje berre godt
til jul, men som helgegodteri, som ei gåve til ein god ven eller
berre til ein kopp sterk kaffi ein onsdag ettermiddag. 

Deilige mjølkesjokoladetrøflar

Du treng:

200 g mjølkesjokolade
1 dl kremfløyte
20 g smør
bittelitt god likør, maks 0,1dl (kan sløyfast)
litt maldonsalt
nokre anisstjerner
ei lita kanelstang 
Kakao eller anna til å rulle dei i


Smelt smør og varm opp fløyten, ha oppi
likør og la anisstjerner og kanelstang trekke
ei stund. Sil av. Smelt så sjokoladen i bitar over vannbad 
og bland fløyte og sjokolade godt saman. Set
i kjøleskapet og la stå i to-tre timar.
Lag så fine små kuler som du rullar i kakao
eller anna. Eg sto ute på kammerset og gjorde dette
der det er kaldt, elles smeltar sjokolademassa ganske
fort. Oppbevar gjerne kjølig og mums i veg! 
Trøflane smakar av mjølkesjokolade, karamell og ein
lett krydra smak, steike gode! 

fredag, desember 26, 2014

Kvitt, kvitt, kvitt


Frå haugane. Kvitt og kjølig og blått. 

Og vips var eg tilbake. Litt julelei og juletrøtt. Eg likar, som
skrive tidlegare, best jula før jul. Men ferie er godt og soving
og kvile og turar er bra. Og til og med noko maling er kjøpt inn, berre i tilfelle.
Og i dag lava snøen ned på Eskeland. Og det er ikkje mange dagar i året 
det er slik. Kvitt og magisk, kjekt for alle dei små.
Ut og prøve skia på haugane og lure kamera
med på ein tur. 

Frå skråninga ned mot tunet mitt. 


To naboar på veg opp bakken for å ake ned.

Her er Nedre Eskeland:
Mitt fine tun, gamleløa og jonaløa i raudt, nyeløa i brunt, nabogarden med gamlehuset i kvitt og løer,  og
nederst på bilete er mor mi sitt hus og garasje i raudt. 

Den gule stolen står ute året rundt og inviterer på utekaffi og utsikt. 

søndag, desember 21, 2014

Juletre i hus



Eg bur åleine og har enda ikkje fått laga mine eigne faste tradisjonar.
Eg nyt å kunne prøve meg fram, få nye idear og sjå tilbake etterpå
korleis det vart. I år har eg funne meg eit lite og herleg juletre på stølen.
Eg klarte ikkje dy meg og tok det med inn i dag. Pynten er enkel og heimalaga,
og tida vil vise om det kjem noko meir pynt, kanskje nokre gamle lys,
det vert uansett ikkje noko mykje. 
Bestemor hadde alltid eit lite og enkelt juletre, som stod oppe på ein kommode i stova.
Og det kjennes rett ut for meg også å ha eit lite eitt.


Sist helg tørka eg appelsinskiver. Kutta tynt med mandolinjern og tørka
i nokre timar på 50 grader varmluft. Heilt nydeleg som julepynt
med ei svak appelsinlukt. Og passar veldig fint på treet. 


Etter å ha jobba litt med tova ull den siste tida så har eg også
fått nytta små restar som eg har klypt hjarter av. Med hamptau
til løkker og ein rask runde med symaskinen er dette enkel og
herleg pynt.


Når appelsiner kan henge så kan epleskivene mine også få plass.
Tynne og fine med hol i midten. Og kanelstrø på. 

Juletreet står godt forankra saman med nokre vedkubbar, nokre
nellikappelsiner og ei lita mus som voktar det heile. 

God jul til mine lesarar! Eg tek meg litt bloggefri ferie! 

lørdag, desember 20, 2014

Det er striper som gjeld





Eg berre diggar mine stripete høns! Dei to kyllingane nærmar seg fem
månader og veks seg store og flotte. Og mot den krittkvite snøen vert
dei som små kunstverk vandrande rundt, på leit etter havregryn og
gode grastustar. 

fredag, desember 19, 2014

Desemberskattar



Det er ikkje berre stress å gå i butikkar før jul. 
Til dømes om du tek deg ei ledig stund til å stikke
innom dei små bruktbutikkane, skattar kan ein nemleg
også finne før jul. Eg fann denne fireliters kanna (eller
vinballongen som det muleg er) på den vesle bruktbutikken
i Uskedalen i Kvinnherad. Der er eg innom ein-to gongar 
i året. Kjekt å kunne pynte opp med både til jul og elles
utover året, alt avhenger jo av kva eg puttar oppi.



Små skattar, store skattar. Ei kakeform frå Høyang,
ein fin klassikar som eg gledar meg til å bake ei lekker formkake med! 
På bruktbutikken Retro i Kvinnherad til ein liten femmar. 
Super bruktbutikk det der! 

torsdag, desember 18, 2014

Hesjastauren




Den gode gamle hesjastauren.
Me har mange av dei, dei ligg i jonaløa
og kjedar seg alle som ein. 
Men no er ein kome i hus og rett
i arbeid, hengt over spisebordet
og på den heng alle dei kjekke lyslyktene
frå utepyntinga. Fin stemning i stova no!

tirsdag, desember 16, 2014

Desembersnø



Og det kom endeleg snø. Ikkje berre sludd og hagl og regn. 
Ikkje berre klinkeis på vegane. Våt og tung snø som nok sikkert
regnar vekk att i løpet av morgondagen, men i kveld er det
uansett lyst og fint i mørkret. Og framleis har eg ei bittelita
barnleg glede over at det vert kvitt på bakkane. 


Kor kjem maten din frå?



Over ser du ei steikt kotelett, realt saftig og god, som du
aldri har smakt det før. Det har blitt nokre slike koteletter i haust,
veldig mykje god mat, grunna griseprosjektet mitt. Før var dette kvardagen for
folk flest, etter å ha slakta den kjekke grisen og nytta kvar ein bit til mat 
utover året. Dette er ikkje eit innlegg for å frelse folk til å starte opp med
eigne grisar, men for å minne på kor maten kjem frå og at me
som forbrukarar faktisk har eit val.

Kjøt byrjar å bli urovekkande billeg, berre sjå prisen på
svineribbene rundt om i butikkane om dagen. Billeg kjøt 
gjer at bonden får mindre å rutte med og må gjerne køyre ei 
større og meir økonomisk drift for å kunne få hjula til 
å gå rundt. Med grisen som døme seier det seg nesten sjølv at
for å produsere mest muleg kjøt må ein ale opp flest muleg grisar
på kortast muleg tid. Det er reglar for grisedrift, men samtidig så
treng ikkje dei vere "gode" reglar, grisar flest har 0,8 kvadratmeter
kvar og har naturleg nok ikkje nok område til å springe rundt, vere aktive
og sosiale, slik grisar eigentleg er. Grisar flest får heller ikkje oppleve å
vere ute i frisk luft og grave i jorda. Dette er svineribbene, pølsene,
sommarkotelettene, det billege baconet. 
Det same gjeld for kylling. Me har alle fått med oss veksten av
antibiotikaresistente bakteriar i kyllingkjøt den siste tida. Me veit også 
ganske godt korleis kyllingar vert avla fram, i superfart, som gjer
at skjelett og ledd gjerne ikkje klarer å halde tritt med veksten. Alt
for å produsere raskt og stort, haugevis med kyllingfiletar som
me kjøper i økonomipakningar for å spare nokre kroner. 

Og her kjem frelsinga. Du har eit val! Det fins kjøt produsert på
andre måtar. Økologisk til dømes, som sikrar frittgåande og utegåande
dyr, både i stort og smått. Ikkje berre har dyra hatt det betre, men du 
kan GARANTERT smake forskjellen. Prøv ein filet frå Stangekylling
til dømes, ja, det er dyrare, men veldig godt og ein kan ete med betre
samvit. På enkelte matbutikkar kan du også, om du er heldig, få tak
i god gammaldags høne. Suppe kokt på høne er knallgodt, og ikkje
minst ekte saker! 

Eg er for ei meir bevisst matproduksjon, meir tilgjengeleg økologisk mat,
at me opnar lommeboka meir for dei verkeleg gode kjøtvarene
og sparar heller inn på andre unødvendige ting som har tendens til 
å kjøpe. Eg håpar fleire lesarar av bloggen vil ha dette i bakhovudet 
i året me går inn i! 

Har du lyst til å lære meir om dette; sjå film av Yngve Ekern og les tekst av Solveig Ruud frå Aftenposten her og les artikkel av Marianne Kulø her


Sommaren 2014 på Eskeland. Lukkeleg mat! 

søndag, desember 14, 2014

Husskattar -FIRE-

I fjor hadde eg nokre innlegg med husskattar, ting eg har funne i 
huset og som eg set stor pris på og vil nytte vidare. 
Oppe på lemen har eg enda
ikkje heilt kontroll på kva som er der, det er framleis eit roterom
med restar etter bestemor og bestefar. Så hin dagen kom eg over ein 
pose som eg ikkje hadde kikka oppi før. Der tok eg ut nokre røyr og
ein trebit og eg lurte fælt på kva dette kunne vere. Heilt til eg sette
det saman og såg det var jammen meg former til støyping av kronelys.
Eg måtte høyre med ei tante om dette var noko bestemor nytta, men
det hadde ho aldri sett. Så det går nok lengre tilbake i tid og det er enda
kjekkare å tenke på. Så ei ledig stund skal eg prøve meg på desse formene
eg også, utfordringa er helst å få smøyre formene innvendig slik at ikkje
lysa vil sitte bom fast.



Gjenbruk av ull -TO-


Panneband/hue 

Når ein allereie har ein strikkegenser, eller restar av ein, så kan
ein lett lage seg eit panneband eller hue som vert både unik og akkurat 
slik ein vil ha det! Eg brukte eit panneband eg er glad i som mal, og
klypte då ut denne malen både i restane av ein tova strikkegenser og
i ei fleecejakke eg har funne billig på ein bruktbutikk. Deretter gjorde eg
enkel prosess og sydde dei to i lag med knæsj sikk-sakksøm, festa 
saman på fronten og sydde på ein dekorativ knapp som pynt. Eg likar
jo desse knappane. Det resulterte i eit varmt og kløfritt panneband. 

Form som er smal men som gir ekstra varme til kalde øyre!

Grå enkel fleece innvendig.


God inspirasjonssundag til deg! 

tirsdag, desember 09, 2014

Det stormar ute..





Ein forsenka hauststorm kanskje.. 
Vinden røskar tak i husveggane og
regnet slår hardt mot vindauga.
Eg kosar meg på kjøkenet med vinduskarmar
fylt av julestemning. Og lukta av nellikspiker,
kanelbark og anisstjerner. Jula er ofte best før jul! 

søndag, desember 07, 2014

Gjenbruk av ull -EIN-












Eg har tidlegare skrive om genserputer der eg enkelt gjer om 
gamle strikkagenserar til flotte og varme puter. Det har blitt nokre
av desse og eg brukar dei året rundt. Men puter er ikkje alt ein kan
lage av strikka ull. Eg laga ei pute i år som vart til ei gevinst i ei
utlodning, men ermane låg att heime. Dei passa perfekt til å lage
blant anna vottar av så det måtte jo prøvast ut. Og når ulla er 
tova så er det enkelt og trygt å både klyppe og sy i den. 
Herlege vottar som passar perfekt til mine hender. 
Andre ting ein kan lage av strikka ull kjem ein anna gong!