fredag, januar 31, 2014

Stemning



Lette minusgrader. Kald sol som står opp over fjorden. Smett sine
sterke stråler inn i mine små vindaugsflater, leikar seg og
lagar rutemønster på veggar og dører. Kjøkenet badar i sol og alt 
vert så lunt og godt. Slike morgonar kan ikkje kjøpast for pengar,
i slike morgonar vil ein berre vere og håpe på at
kaffikoppen aldri tek slutt. 







søndag, januar 26, 2014

Glade høner


Tilstandsrapport: Høns
I denne kalde vintertid er i følge hønsa ingenting meir herleg enn å sette seg på 
det beste vaglet - nemleg det gamle velta epletreet med utsikt mot vinterleg
solnedgong. Her kan ein stelle fjøra eller berre døse av litt før ein må spasere
nedover bakken og legge seg i det mørke hønsehuset for natta. 


Elg i solnedgong sa du? Høns i solnedgong er jo mykje finare. 

torsdag, januar 23, 2014

Kosegraut


Luksusgraut med nøtter, aprikos og sjokolade

Eg har levd sunt og stramt sidan nyttår.
 Men matlei kan ein bli og eg syns framleis at
det er viktig å kose seg av og til. Og gjerne ikkje berre på laurdagen.
I Danmark er graut veldig in, du kan stikke innom grautkafè og 
prøve forskjellige sortar, både søte og salte, for frukost, lunsj,
middag og kvelds. Eg har tidlegare slått eit slag for havremjølsgraut,
og det er basisen for denne grauten også. Fløyelsmjuk, sunn
og god. Og så kan du variere "tilbehøret" etter smak og lyst.

1 porsjon - til deg og berre deg

0,5 dl havremjøl 
1,5 dl mjølk - gjerne heilmjølk
1 ss tørka kokos
litt salt
litt sukker

Kok opp grauten og mens den putrar så ristar du ein neve med
hasselnøtter i ei varm panne. Hakk tre-fire tørka aprikosar og hiv 
oppi panna. Drypp gjerne over litt lønnesirup eller honning for litt
karamellisering. Hakk opp 1-2 ruter mørk kokesjokolade (gjerne 70% 
kakaoinnhald). Ha graut oppi fatet og dryss over nøtteblanding og
sjokolade. Serveres gjerne med eit kaldt glas skummamjølk attåt!
Nam!!



mandag, januar 20, 2014

Trekke om ein stol


Interiørlysta er tent for det nye året. Og etter søndagstur og søndagskvil
vart det plutseleg eit realt søndagskveldsprosjekt på gong med omtrekking
av ein av bestemor sine gamle stolar. Som til no har vore heldig hundestol men
som absolutt hadde godt potensiale. Stoff hadde eg allereie kjøpt på salg (25kr/m!) 
på Åhlens i Bergen, eg gjer nokre sånne kupp om det dukkar opp stoff eg likar på tilbod. Og stiftemaskinen var klar til dyst, samt ei barnemadrass som eg fekk tak i på kort varsel. 

Skru av stolbein, løsne stoffet som er festa med stiftar.

Stolen er frå "Lenestolfabrikken" -  var ikkje det eit koseleg namn?

Ganske spennande innside, men allikevel heil og fin. Litt av ei
barnemadrass vart klypt til og lagt oppå det eksistreande setetrekket.
Så gjaldt det å plassere og tilpasse ca 2 meter stofflengde på
og stramme godt mens det vart stifta på. 

Jepp, slik forlot eg stova då eg gjekk og la meg i går. Fullstendig rot. 

Stolen vart knallbra! Det vart nokre brettar under, men det gjer no ingenting. Det gir den
personlighet! 

To knæsje oransje knappar strammar inn i rygglenet.
Eit nytt innslag i stova mi - på veg ut av gamlisstilen!

lørdag, januar 18, 2014

Å bu på ein gard


Å bu på ein gard. Det gjer at det året i gjennom alltid er noko å ta seg til om veret er greit. I dag, på ein laurdag, har eg ikkje vore på shopping eller på kafè. Eg har i staden hatt på hjelm og vernebukse og felt tre passeleg store bjørketre. Og ved å bruke motorsag får ein trent både armar, skuldre og kjernemuskulatur. Og ikkje minst pusta inn kald og frisk luft. Det gjeld å førebu neste vinter, med ny fersk ved som skal varme to stover. Alltid tenke framover. Og på ettermiddagen er kroppen svulten og trøytt. Det er lov å berre slappe av resten av kvelden og roa senker seg. For eit godt liv eg har valt meg.

Nistehorn

I "gamledagar" fekk eg ei oppskrift av ei venninne som då var
fersk småbarnsmor. Ei oppskrift på grove skinkehorn. Eg er jo typen
til å sjelden halde meg til ei oppskrift over lengre tid,
men akkurat denne har eg bakt gong på gong. Det er nemleg så
greit å ha slike horn i frysen og kunne ta med seg enten på tur,
eller som ekstra god niste på jobben. Eg har av og til nokre reisedagar 
i jobben og då er det supert å ta fram eit slikt smakfullt og grovt horn
 som gir god metthetsfølelse. Og så er det supert å kunne bruke opp dei
osteflisene som ligg igjen i kjøleskåpet og som ikkje freistar å 
ha på skiva :) 

NISTEHORN MED SKINKE

Gjærdeig
2,5 dl mjølk
25 g smør
25 g gjær
1 ts salt
1,5 dl sammalt rug
1,5 dl sammalt kveite
3- 5 dl kveitemjøl 
(kan kuttast ned på kveitemjøl og ha i 
1 dl havremjøl og 0,5 dl havregryn) 

Smelt smør og ha oppi mjølk. Bland ut gjær i mjølka. Bland
saman med det tørre - ha kveitemjølet i litt og litt til konsistensen
på deigen blir fin. Elt deigen og la den så heve i 30 minutt.

Tomatsaus (til 2 porsjonar gjærdeig evnt ein porsjon deig og ein pizza)
1/2 - 1 gul lauk
2 kvitlauksfedd/ 1 kinesisk kvitlauk
2 ss olje
2 boksar hermetiske tomater
oregano og basilikum eller andre urter
salt - pepper - sukker

Fres hakka lauk blank i olje. Tilsett tomater og urter
og la den koke inn til ein tjukk saus (20-30 minutt).
Smak til med salt, pepper og sukker. Kan mosast med 
stavmiksar om ein ynskjer ein jevn saus.

Fyll
1 boks picnicskinke eller anna type skinke, kylling, pølse eller grønsaker
rive eller oppkutta fast ost av valgfri type, evnt fetaost som også er godt


Del deigen i to og kjevle den eine deigen ut så tynt du klarer
 (grov deig er gjerne meir vanskeleg å bearbeide slik enn fin deig). 
Skjær opp i 6 - 8 trekantar og legg tomatsaus, skinke og ost på enden
av hornet. Rull så saman hornet. Det treng absolutt ikkje vere perfekt
og fine brettekantar her, prøv heller å lukke slik at innhaldet
ikkje renn ut. Legg horna på papirkledt bakebrett og hev på
ny i 30-45 minutt. 
Horna skal steikast på 200 grader i ca 15 minutt til dei er lett gyldne på toppen.
Avkjøl på rist, sleng i ein pose og fyll opp frysen til nokre sutalause lunsjar! 



søndag, januar 12, 2014

Endeleg vinter & pinnebrød



Endeleg kom det litt kulde og litt snø. Og litt sol og rett og slett berre utevèr!
Eg prøver i år igjen å slå eit slag for ting ein har lyst til å gjere, men
som berre vert i tankane. Så i dag har eg tent opp bål og invitert ho
mor til søndagsmiddag - ute. Gode gamle grillpølser, med pinnebrød
og varm/snart kald potetsalat. Og sommarens rabarbrasaft. 
Så koseleg å spidde pølser! Og vil du gjere det samme så kjem no
oppskrift på supert pinnebrød:
(2 porsjonar )

0,5 dl sammalt kveite
1,5 dl kveitemjøl
1 ts salt
1ts  bakepulver
1/2 ts urter, eg brukte tørka koriander
0,5 dl vatn
2-3 ss olje
2 soltørka tomater kutta opp smått

Bland alt det tørre. Tilsett olje frå glaset med soltørka tomater.
Ha oppi soltørka tomater og vatn og bland godt. 
Pinnebrødet vert fort brent om du har det over flammane så
grill det heller over glør. 


onsdag, januar 08, 2014

Så var det januar - og mørkt






Det er alltid koseleg med julepynting. Å plukke pynten ned er gørrkjedeleg,
men samtidig veldig godt. Eg feirer januar med glade fargar både på 
blomar og lys. Sviblar er og blir ein av mine favorittar, dei gir
deilig lukt i heile stova. 
I år - eller i fjor - har vinteren vore særleg våt og mørk. Eg lengtar
etter sola og har teikna ho på døra mi. Det går treigt, men dagen 
aukar no med nokre få minuttar kvar dag! Og kanskje kan me håpe 
på litt kvit vinter før den fine våren kjem. 

God januar til deg! 

søndag, januar 05, 2014

Prosjekt soverom


Eg har hatt to veker med juleferie. Det har vore godt, men som vanleg
så gjer så mykje fritid at eg klør i fingrane etter å gjere noko. Og då falt
valet på å ta soverommet, sjølv om gamlekjøkenet står øverst på lista over
oppussingsprosjekt for tida. Å pusse opp eit rom tek alltid lenger tid enn 
planlagt, og dette rommet tok om lag 8-9 dagar med nedvask/grunning, 
maling av tak, vegger, nedpussing og maling av golv. 

Rommet såg slik ut, med gulna trepanel på vegger og i tak. Og glinsande
golv. Om ikkje trepanelet hadde
vore lakka så hadde eg gjerne lysna treverket litt i staden, det syns eg er fint.

Oppussing er ikkje dumt når sola stikk sjeldan innom og utsikta er
på plass. Veggane fekk ein lys blå og matt farge med eit lite hint av raudt i seg.
Taket vart malt med oljemaling i fargen bomull. 

Golvet var dekka med eit tjukt lag av blank lakk. Sidan det var bulkete
og eg hadde ein liten pussemaskin til rådighet så valte eg å pusse det noko ned
slik at malingen fekk heft. 

Akk, golvet vart fint som nedpussa også, men det var uansett langt 
igjen til eg hadde pussa ned alt av lakk og gulna treverk så maling 
måtte til.  

Gråmaling med litt raudt i seg vart løysinga og det vart ganske bra! 

Rommet var plutseleg mykje større enn det var sist, det er
i alle fall kjensla eg har. 

Den gule kommoden kjem meir fram no.  

Det samme gjer denne fine knaggen. 

Og gjenbrukslampen min i gul bengalakk kjem endeleg til sin rett. 

Bokhuset har blitt hus til ein lampe og det tek seg ganske godt ut i rommet.
I tillegg til oppussinga var det på tide å investere i ei skikkeleg seng, så no har
eg endeleg ei god Svane kontinentalseng som er 150 cm brei! Så då var det berre
å seie god natt!