lørdag, januar 18, 2014

Nistehorn

I "gamledagar" fekk eg ei oppskrift av ei venninne som då var
fersk småbarnsmor. Ei oppskrift på grove skinkehorn. Eg er jo typen
til å sjelden halde meg til ei oppskrift over lengre tid,
men akkurat denne har eg bakt gong på gong. Det er nemleg så
greit å ha slike horn i frysen og kunne ta med seg enten på tur,
eller som ekstra god niste på jobben. Eg har av og til nokre reisedagar 
i jobben og då er det supert å ta fram eit slikt smakfullt og grovt horn
 som gir god metthetsfølelse. Og så er det supert å kunne bruke opp dei
osteflisene som ligg igjen i kjøleskåpet og som ikkje freistar å 
ha på skiva :) 

NISTEHORN MED SKINKE

Gjærdeig
2,5 dl mjølk
25 g smør
25 g gjær
1 ts salt
1,5 dl sammalt rug
1,5 dl sammalt kveite
3- 5 dl kveitemjøl 
(kan kuttast ned på kveitemjøl og ha i 
1 dl havremjøl og 0,5 dl havregryn) 

Smelt smør og ha oppi mjølk. Bland ut gjær i mjølka. Bland
saman med det tørre - ha kveitemjølet i litt og litt til konsistensen
på deigen blir fin. Elt deigen og la den så heve i 30 minutt.

Tomatsaus (til 2 porsjonar gjærdeig evnt ein porsjon deig og ein pizza)
1/2 - 1 gul lauk
2 kvitlauksfedd/ 1 kinesisk kvitlauk
2 ss olje
2 boksar hermetiske tomater
oregano og basilikum eller andre urter
salt - pepper - sukker

Fres hakka lauk blank i olje. Tilsett tomater og urter
og la den koke inn til ein tjukk saus (20-30 minutt).
Smak til med salt, pepper og sukker. Kan mosast med 
stavmiksar om ein ynskjer ein jevn saus.

Fyll
1 boks picnicskinke eller anna type skinke, kylling, pølse eller grønsaker
rive eller oppkutta fast ost av valgfri type, evnt fetaost som også er godt


Del deigen i to og kjevle den eine deigen ut så tynt du klarer
 (grov deig er gjerne meir vanskeleg å bearbeide slik enn fin deig). 
Skjær opp i 6 - 8 trekantar og legg tomatsaus, skinke og ost på enden
av hornet. Rull så saman hornet. Det treng absolutt ikkje vere perfekt
og fine brettekantar her, prøv heller å lukke slik at innhaldet
ikkje renn ut. Legg horna på papirkledt bakebrett og hev på
ny i 30-45 minutt. 
Horna skal steikast på 200 grader i ca 15 minutt til dei er lett gyldne på toppen.
Avkjøl på rist, sleng i ein pose og fyll opp frysen til nokre sutalause lunsjar! 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!