torsdag, februar 27, 2014

Då høna vart hane


Siste hønsenytt:
Det skjer rare ting på Eskeland. Hønsehauken har vore
her for første gong. Og tok livet av ei høne. Det er no ei 
sak og det er nok ganske vanleg blant hønsebønder. 
Men det har dukka opp noko anna spesielt. Favoritthøna
Frøken byrjar å føle seg mannleg! Sist eg hadde hane var
i haust og den forsvant då den prøvde å fryse ut denne høna. 
For denne høna har øverste rang i gjengen. Og no tek ho det
eitt steg vidare. Hin dagen fann eg ho sitjande oppå ei av dei 
andre hønene. Ho forsøkte faktisk å parre seg med høna. 
Eg vart veldig overraska og forvirra, og byrja å 
google fenomenet. Og det fins faktisk, berre sjå her.
Ei høne kan av forskjellige spesielle grunnar (noko usikkert)
bli "ein hane". Legge om atferd og etterkvart utvikle dei
synlege hanetrekka. Men kjønnet tilseier framleis at "hanen" er
ei høne og kan aldri befrukte andre høner. I dag høyrte
eg for første gong at høna forsøkte å gale på morgon-
kvisten. 
Noko sjeldent fenomen dette her og ganske morsomt
at det går føre seg på mitt tun! 

søndag, februar 23, 2014

Matglede og byggbrød



Eg tok turen til Voss i går for å gå på kurs for "Aksjon sunn matglede" i regi av Norges
Bygdekvinnelag. Der var bloggar og forfattar Margit Vea og fortalte om mat og matlaging
samt lagte kjekke smårettar i farten som me alle fekk smake på. Etter å ha høyrt diverse om
matvareproduksjon i Norge, som til dømes at brøda me kjøper er proppa fulle av kveitegluten pga dei har så kort hevetid (15-20 min!!), så vart eg på ny heftig inspirert til brødbaking. Og søndagar er perfekte for slik aktivitet. Eg har også skaffa meg ny bakebok til Sverre Sætre samt investert i skikkeleg kjøkenmaskin så alt låg til rette i dag!

 Denne søndagens bakst vart byggbrød, då eg kjøpte meg økologisk grovt byggmjøl på halv pris for nokre veker sidan i Bergen. Dette brødet er ikkje det enklaste og minst tidkrevjande brødet, men om du har tid og lyst så er det ein perfekt måte å trene seg på som brødbakar! 
Etter oppskrift frå Sverre Sætre og noko tilpassa som vanleg: 

BYGGBRØD
til 1 brød 

2 1/2 dl vatn
100 g grovmalt byggmjøl 
60 g solsikkefrø

ca 5-10 g fersk gjær (jo mindre gjær jo lengre hevetid)
2 1/2 dl vatn
1 ss maltekstrakt
2 ss kaldpressa rapsolje
10 g sesamfrø
50 g byggmjøl fint 
350 g kveitemjøl evnt speltmjøl
1 1/2 ts salt


Eg fekk tak i Hollimjøl på Kinsarvik naturkost i Bergen. Om du ikkje får tak i dette mjølet så kan
du bruke 75g byggryn som du då må koke i 10 min i vatnet. 
Fyrst kokar du opp vatnet og hell det over mjøl og solsikkefrø. Det skal så stå og trekke til det vert kaldt, gjerne over natta. 



Bland saman vatn, olje, maltekstrakt og gjær. Ha så dette saman 
med det tørre og den fuktige mjølblandinga i ein kjøkenmaskin. Elt godt i 10 minutt på låg
fart. Deigen skal vere fast men framleis litt klissete. Er deigen framleis veldig våt
så ha litt ekstra kveitemjøl i og elt til deigen slepp taket i bakebolla. 
Steike fin kjøkenmaskin frå Kenwood gjorde ein veldig bra jobb! 



Set deigen til heving under plast og gjerne også eit klede. Plast er viktig
for at ikkje fuktigheita i deigen fordampar. Deigen skal heve til dobbel storleik, 
gjerne i to timar. 


Når deigen er stor og flott så veltar du den ut på bordet med mjøl på. Trykk deigen 
forsiktig litt flat utover og brett inn alle fire kantar. Gjenta dette tre-fire gonar til. Legg så
brødet på eit bakebrett med bakepapir til ny heving. Om du vil kan du fukte det med 
litt vatn og ha litt frø på toppen. Brødet skal no heve til dobbel storleik att, i 1-2 timar under
plast og eit klede. 



Snitt brødet med noko veldig skarpt; eit barberblad er perfekt! 
Set ovnen på 250 grader. Set brødet inn og steik i 10 minutt og
set så ovnen ned til 220. Steik i ca 30-40 minutt vidare. Brødet er ferdig 
når det høyres ein hol lyd når du bankar det på toppen. Ta det ut
og la det kjøle seg på rist. Versågod! 





torsdag, februar 20, 2014

Frå bondsk til Ingvildsk

Eg har eit lite stoveprosjekt for tida. Dei større tinga
som må gjerast i stova som å legge nytt golv osv må
vente litt til, men litt maling gjer meg alltid glad.
Gamlehuset husar både arveobjekt og loppisar og
noko nytt. Det sto ein skjenk i stova som foreldrene
mine kjøpte på ein bruktbutikk til stova ein gong.
Den var flott men tung i interiøret. Så den har fått ein
ny lukkeleg eigar i Bergen og bestemor sitt gamle
skap har no funne vegen inn i stova. 


Eg trur skapet opprinneleg var kvitt eller eventuelt lys rosa, men mor mi malte
det i klassiske bondefargar for nokre år sidan då huset skulle leigast ut. 
Det er ikkje heilt min fargeskala, men dei som kjenner meg veit at eg er så 
svak for ein anna farge som går att i dette huset, nemleg sterk gul og gjerne
i Bengalakk! 


Foreløbige handtak i skinn frå eit gammalt skinnbelte. Og så
får tida vise om det vert nokre andre kjekke knottar. 


Inni skapet er det store romslige skuffer på eine sida, og eg skal
sette inn hyller på den andre. Skuffene er perfekt storleik for lagring
av cdplater, noko ein nyttar mindre og mindre no for tida.  Men som ein 
tidlegare musikkinteressert student i Bergen så vart det lytta og samla litt
og dei har sine stikk i mi historie, og får vere her litt til. 


Nydeleg knæsj gul mot både kvite veggar og bestemor sin gamle stråtapet. 
Det gjor seg i stova mi no! 

torsdag, februar 13, 2014

Fyrste vårteikn


Snøklokkene blømer og gir teikn om ein ny vår som er på veg. 
Etter ein rar vinter der me stort sett har blåst vekk og så vidt sett
snøen ligge på bakken. Skikkeleg vinter eller ei, våren er
alltid velkomen og eg gler meg til blomeløkane kikkar fram i beda. 

søndag, februar 09, 2014

Morsdag og grunn til å bake!



Eg skal feire mi mor i dag med deilig morsdagsdessert!
Og eg har laga noko som eg aldri har laga før, for det har på
ein måte aldri freista meg å lage det; vannbakkels. Det høyres
jo utruleg kjedeleg ut, men steikje det kan vere godt med litt
melis på eller godt fyll inni! Slik laga eg mine etter å ha funne grunnoppskrift her:

Vannbakkels

2 dl vatn 
90 g smør
1/4 ts salt
120 g kveitemjøl
150 g egg (ca 3-4 egg)

Kok opp vatn og smør. La det stå på plata mens du
blandar i mjøl og salt. Rør godt til røra slepp kantane på
panna. Ta panna vekk frå plata og la røra kjøle litt ned.
Ha så oppi eitt og eitt egg om gongen og bland godt saman.
Ha røra på bakeplate med skei eller ha oppi ein sprøytepose og 
sprøyt ut runde ballar. Eg prøvde det siste men det endte med
at posen sprakk og skei-metoden vart brukt i staden for. 
Steik på 180 grader i ca 25 minutt til dei er lett gyldne på toppen.
La dei avkjøle på rist. 

Jordbærfyll
(til 4 stk)

1 dl kremfløyte
0,5 dl jordbærsyltetøy
1 plate gelantin

Eg nytta heimalaga fryst jordbærsyltetøy som eg mosa saman
med stavmiksar. Visp kremen og bland i jordbærsyltetøyet forsiktig.
Legg gelantinen i bløyt i kaldt vatn i fem minutt. Klem ut vatnet 
og hell over ca 1 ss kokande vatn og rør godt. Hell raskt over i 
kremblandinga og rør godt. Ha kremen i sprøytepose og stikk
tuppen inn i vannbakkelsen og fyll opp (dei er hule inni).



Sjokoladeglasur

ca 40 g mørk sjokolade
ca 1/2 ts matolje

Smelt over vannbad og sprinkle fint over! Sett kaldt fram
til servering. 

God morsdag til alle fine mødre der ute!! 

lørdag, februar 08, 2014

Eksteriørblogg

Som kanskje nokon har lagt merke til så har eg meldt meg
inn i Norske Interiørbloggar. Men frykt ikkje, dette kjem nok
ikkje til å bli ein rein interiørblogg :-) Det er jo så mykje anna
som eg finn på om dagane! Og difor kjem det no eit eksteriør-
innlegg. Om stell av tunet mitt her oppe!
Med nytt kjøken og difor eit naturleg behov for å sjå noko anna
enn grøne blad ut av vindauga når ein står og tek oppvasken ein vårdag. 
Så i fjor vart det planlagt å rydde opp langs med gjerdet og det er
det alltid greiast å gjere om vinteren. Så alle smale bjørketre 
samt åtte-ni høge asketre er no sagd over og ventar på å 
få varme opp ovnar dei neste åra. Attende står det finaste
treet, eit lerketre som alltid har forvsunne inn bak desse høge og
fyldige asketrea. No får det stå og skinne heilt åleine med sine
spøkelsesaktige greiner og vise seg i all si grøne prakt til våren. 






mandag, februar 03, 2014

Ovnslykke



Eg har no budd i gamlehuset i om lag halvanna år. Og enda lengre har eg putla
på inni det. Men fram til no har eg aldri fyrt opp i gamleovnen på
nyekjøkenet. Eg har blitt fortalt at den er øydelagt og planen var
å få den restaurert etterkvart. I søndagsånden gjekk eg laus på den
med kitt for hand og har tetta igjen alle krikar og krokar. Inni såg
den ganske grei ut men hadde sikkert hatt nytte av nye steinar (for
dei som forstår seg på ovnsspråk - eg forstår det berre delvis). Så skulle
den stå i over ti timar før fyring. Og i dag var eg spent. Tente forsiktig 
opp og var klar for å hente ned røykvarslar og å opne alle vindauge.
Men ingen røyk kom ut og ei lukt av gammal ovn breidde seg i rommet.
I lag med ein forsiktig varme. Kokeringane i andre etasje på ovnen 
vart varme og kan etterkvart koke både vatn og kaffi tenker eg. 
Det gjekk fint! Ingen stormfyring foreløbig, men den skal prøvast ut
litt framover og godputa er lagt framfor til glede for både menneske 
og dyr. Så vart det ein lykkefylt måndag gitt! Små gleder!