torsdag, februar 27, 2014

Då høna vart hane


Siste hønsenytt:
Det skjer rare ting på Eskeland. Hønsehauken har vore
her for første gong. Og tok livet av ei høne. Det er no ei 
sak og det er nok ganske vanleg blant hønsebønder. 
Men det har dukka opp noko anna spesielt. Favoritthøna
Frøken byrjar å føle seg mannleg! Sist eg hadde hane var
i haust og den forsvant då den prøvde å fryse ut denne høna. 
For denne høna har øverste rang i gjengen. Og no tek ho det
eitt steg vidare. Hin dagen fann eg ho sitjande oppå ei av dei 
andre hønene. Ho forsøkte faktisk å parre seg med høna. 
Eg vart veldig overraska og forvirra, og byrja å 
google fenomenet. Og det fins faktisk, berre sjå her.
Ei høne kan av forskjellige spesielle grunnar (noko usikkert)
bli "ein hane". Legge om atferd og etterkvart utvikle dei
synlege hanetrekka. Men kjønnet tilseier framleis at "hanen" er
ei høne og kan aldri befrukte andre høner. I dag høyrte
eg for første gong at høna forsøkte å gale på morgon-
kvisten. 
Noko sjeldent fenomen dette her og ganske morsomt
at det går føre seg på mitt tun! 

2 kommentarer:

  1. Jeg opplevde også det samme da min hane døde. Den ene høna ble mer og mer mandig og galte stadig vekk. Naboen ble sur for hun hadde klaget på hanen og mente derfor at jeg hadde skaffet meg en ny. :-) Nå har jeg gitt bort min galende høne til noen med hane og hun er nå tilbake til sitt opprinnelige kvinnelige jeg.

    SvarSlett
  2. Hei!
    Så morosamt å høyre! Eg har eit anna problem, denne høna går ikkje overrens med andre hanar, då vert ho hakka til blods eller jaga ut. Så ho skal få lov til å vere einaste "hane" i flokken ei stund til! :-)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!