tirsdag, mars 25, 2014

Sigurd snegledrepar

Små gule snegleungar blant tussalus og røter. 



Mitt beste tips i sneglekampen. Mot desse fæle brune sneglane som et opp
hagane våre. Hagen her var fri for slike heilt til eg tabba meg ut
og kjøpte nokre stauder frå Plantasjen i fjor. Plantene sto ute
nokre dagar før utplanting og då dukka dei ekle opp over alt. Så etter tips
frå ein god nabo så har eg slept hønene inn i hagen! Først og fremst har eg 
velta alle steinhellene i hagen der desse små ekle babysneglane ligg og
gleder seg til gode vårmåltid. Og hønsa var i ekstase og knaska dei i seg
som smågodt på ein tysdag. Etterpå helte eg over med aske før eg la steinane
på plass att. Aske likar dei ikkje! 

Så til deg som slit med sneglar - leig deg nokre høner! 

søndag, mars 23, 2014

Prosjekt grønsaker



Dette er akkurat som å snope. Dei er dyre per gram desse frøa, men til gjengjeld kan ein kanskje hauste
mange kilo med grønsaker om nokre månader! Eg gler meg! 

Tomatfrøa frå tomatene på torget spirer som berre det. Dei må derimot stå i drivskapet til sommaren. 

I år er det storsatsing. Mykje gode grønsaker skal vekse på Eskeland i år!
Til det har eg fått tak i pallekarmar frå diverse byggbutikkar på Stord. Brukte 
pallekarmar kan ein få frå 50-100 kr stk, mens på Plantasjen kostar dei nye
det dobbelte! Og så er det greit å ha to oppå kvarandre då.
Eg har fått teke i bruk nokre store steinheller som har stått langs med gamleløa. 
Dei fungerer som underlag for kassane. Deretter har eg kledd kassane med ein
planteduk innvendig. Littegranne grus i botnen for lett drenering og så 
for å få ei superjord har eg lagt saugemøkk frå løa i botnen på alle tre kassane.
 Og så er det å fylle i plantejord i store mengder og vente til varmare vèr 
i april før såing. 

Fornya stove

Den siste tida har det vore ganske mykje innevèr. Og kombinert
med mi rastlause sjel så har eg fått ordna litt inne! Det gule skapet er
ferdig med hyller innvendig og rommar alt frå bøker til krimskrams til
dukar og anna. Spisestolane fekk seg eit strøk grå maling, som vart til 
ein gnagande uro i magen - dette var ikkje rett farge for meg. Fysj.
Så ny maling vart leita etter og eg falt på fargen fjellblå, fjelljente som 
eg er så vart det heilt rett. Litt meir kontrastar i stova no. 
Ikeas Billy tullete sponhylle er kassert for ekte treverk, som passar
betre for dette heiltrehuset. Hyllene er beisa eitt strøk med kvit interiørbeis
og hengt opp med godt med luft i mellom. Bøker, som er møblar i seg 
sjølv, kjem til sin fulle rett. Neste på lista: få ut dette fæle vegg-til-veggteppet
og legge golv. Kanskje til sommaren, kanskje neste år. 
Får sjå kva tida vil bringe!

Spisestolane før oppussing. Sist malt i ei tid der eg var på jakt etter leilighet
i Bergen og ikkje hadde aning at eg faktisk skulle flytte inn her.
Den mørke stolen er nett arva og umalt. 

Berre pinnestolar i fem forskjellige typar samla. I ein deilig mørk farge!
Her sit eg og småheklar bestemorruter for tida etter inspirasjon frå Lev Landligbladet. 
Luftige hyller med fine bøker. Korg med knæsj oransj lampe arva frå Oslobyen. Kista har fått oppgåve som
ekstra sitjeplass. 

Deilig fjellblå. Den endrar seg etter kor mykje lys den får på seg. 

Fine diktbøker og min herlige kitsch lampe som gir eit fascinerande lysspel. 

Jakten på havrekjeksen


Eg åt dei beste havrekjeksa for nokre veker sidan. Baka av ei real 
Vossadame. Eg har ikkje lukkast i å få tak i oppskrifta, kanskje den
er hemmelig - kven veit. Så no har eg starta jakta på den perfekte
havrekjeksen. Eg er jo over gjennomsnittet begeistra for havre og 
ikkje minst havremjøl. I dag testa eg oppskrifta frå Fossan Mølle. 
Der skal smør og sukker røyrast kvitt, blandast i fløyte og mjøl
vekselvis. Så skal deigen kjevlast ut og runde kjeks skjærast ut med
glas eller skål. Kjeksa skal steikast på 175 grader til dei er gyldne.

Eg kutta mengden sukker til halvparten, hadde 1 teskei salt i, samt nytta 
speltmjøl i staden for kveitemjøl. Deigen var litt vanskeleg å kjevle ut.
Kjeksa vart veldig sprø og fine, men neste gong tek eg nok kanskje
litt meir sukker i. Terningkast 4. 



Obligatorisk på havrekjeks; godt smør og deilig gräddost. 

torsdag, mars 20, 2014

Raudnande eplejuice


Fleire kassar med Bramleyepler frå hagen står framleis lagra frå fjorårets innhausting.
På måndag sette eg to bøtter med eplejuice; ein vanleg og ein med sjølvplukka rips og
bringebær frå frysen. 

Raudnande eplejuice

3 kg eple 
500 - 1000 g raude bær, gjerne fryste
5 liter vatn

ca 600 g sukker 
1 pk sitronsyre

Del opp eplene i bitar og legg oppi ei rein bøtte. Ha oppi fryste bær og bland det lett
saman. Hell over vatn og legg eit fat på toppen og noko litt tungt noko slik at det fungerer 
som ei presse. La safta stå i tre døgn og vend rundt på eplene nokre gonger i løpet av
denne tida. 

Så treng du ein saftsilar, det får du tak i på jernvarehandel og assorterte kjøkenbutikkar.
Hell eplene over i eit sileklede over ei stor panne og la stå nokre timar til all 
væske har rent av. Varm så opp safta med sukker og sitronsyre, smak deg til med
sukkeret etter kor søtt du vil ha juicen.Om du minkar på vatn og aukar på med sukker
kan du lage ei god saft! Kok så opp juicen, la den kjøle i panna og hell over i flasker og 
oppbevar i kjøleskap. Eg pleier å fryse ned kanner med juice for å bevare friskheita og smaken.


Saftsiling på kjøkenbenken ein torsdagkveld! Det vart nokre liter ferdig juice.

Eskeland Baderi






Om det er slik det skal bli framover med klimaforandringane - mildt med mykje
vind og mykje regn - så vurderer eg eit nytt tilbod på garden. Eskeland utandørsbad. 
Eg kan lage sklier ned langs bakkane som fører til eit realt basseng nede i storehagen. 
Eg vil då tilby bading attåt ein skvett bringebærlikør (sommarstid) eller ein god kopp
krutsterk kaffi (vinterstid) året rundt.

Ta på deg ein badeshorts/badedrakt som tåler ein trøkk og kom! 

søndag, mars 16, 2014

Fargar i kvardagen




For meg gjer fargar stor forskjell i ein kvardag. Fargar gir meg liv og energi!
 Etter jul har eg drive med litt småhekling, eg treng alltid pausar etter
større prosjekt som til dømes saugen eg hekla før jul. No var det på tide å ferdigstille
mine nye friske gryteklutar som er ganske like, men allikevel forskjellige og der eg kan
matche to og to fargar om gongen etter ynskje. Knæsj og deilig på kjøkenveggen!
Gryteklutane hekla eg med pinne nr. 3 og diverse restegarn. For å lage ein slik gryteklut så
må du hekle to rundingar som du heklar saman etterpå og lagar hank til slutt. 
Er du heilt grønn på hekling så fins dei ei genial enkel oppskrift hos Bad Monkey.


Og litt rydding her og der gjorde at denne halvferdige duken dukka opp frå
gløymselen. Ein fargesterk 70-tals liten rund duk som eg ein gong byrja å 
fribrodere på. Planen var å brodere deler av eitt av mine ynglingsdikt som
eg delte på bloggen her for snart fem år sidan gitt. No har eg bestemt meg
for å fortsette! Og så treng duken ein runde med strykejernet sjølvsagt! 

God kreativ søndag til deg! 

tirsdag, mars 11, 2014

Piip-show




Kikk her: Piip-show

For tida kikkar eg mest etter denne stygge hønsehauken ute, eg har til og med fått meg
ein kikkert til denne jobben. Han sit opp sitt faste tre kvar dag og ventar på at mine 
lekre høner skal trigge svolten hans. Men det er ikkje berre eg som kikkar etter fuglar!
I 2003 starta fotografen Sten Magne Klann opp prosjektet der han tok bilete av
innsida av herleg interiørdekorerte fuglekassar. Dette har eg tidlegare skrive om her då
eg fekk tak ein slik fotoplakat i fjor. Og no er det eit nytt prosjekt på gong i NRK der
modellmakar Lars Autrande har laga eit nydeleg fuglebrett i form som ein fancy kaffibar!
Eg får herlege assosiasjonar til kaffibaren Kaffemisjonen i min førre bustad Bergen!
Fuglebrettet vert filma og vist på nettet i tre månader framover også som ein del av "minutt 
for minutt" eller "slow tv" som eg synes er eit herleg konsept! Og så kan ein jo kanskje
lære seg litt om fuglar med det same? På bilete er det ein kjernebiter som tronar
på barkrakken. Herlig! 



søndag, mars 09, 2014

Granola


Dette har eg skrive om før. Eg har nemleg laga meg frukostblanding/granola 
jevnleg over dei siste tre (!) åra no.  Obligatorisk frukost som gir næring til sykkelturen til 
kontoret eller andre morgonaktivitetar.  Oppskrifta har aldri vore heilt lik, men alltid hatt i seg
mykje god (gjerne lokal) honning samt kanel. No har eg drista meg til å prøve ut ei ny oppskrift 
 inspirert av Margit Vea. Når ein lagar slik blanding treng ein ikkje vere så nøyen med måla, ein tek 
oppi det ein har lyst på. Eg sparar ikkje på nøtter og frø for å seie det slik.

Granola med eplejuice

500 g store havregryn
100 g rugflak (evnt meir havregryn)
100 g solsikkefrø
50 g linfrø
50 g sesamfrø
100 g gresskarkjernefrø
100 g hakka mandlar
100 g hakka valnøtter
100 g hakka hasselnøtter
kokosflak - ein god neve (kan sløyfast)
litt havsalt
2 ss honning
ca 50 g smør 
ein liten slant lønnesirup
2 - 3 dl god eplejuice

Hakk klart nøtter og samle det og frø i ei skål. Smelt smør i ei stor panne. Ha oppi honning, lønnesirup
og eplejuice og varm dette lett opp. Ha så oppi nøtter og frø og bland godt saman. Ha oppi litt og litt
av havregryn og rugflak og vend om til alt er fukta. Ha blandinga over i ei langpanne. Eg føretrekk å tørke blandinga i ovnen på 175 grader med vifta på samt døra bittelitt på gløtt slik at fukten går ut. Det tek ca 30- 50 min og ein må ta ut panna og vende om på gryna innimellom slik at det tørkar jevnt. Når det er tørka og gyllent på farge så ta brettet ut frå ovnen. Vend i kokosflak (som du får tak i på helsekosten) og la det kjøle seg ned før du har det oppi ein tett boks.

Litt tålmodighet og utprøving fyrste gongen, men så får du det i fingrane og det er absolutt verdt det! 


lørdag, mars 08, 2014

Marsprosjekt


Ny månad og nye prosjekt. Ting å gjere inne og ting å gjere ute.
Når regnet stenger meg innandørs er det lett å ty til maling igjen.
Spisestolane som før var malt i ein lys blåfarge får no kle seg
i grå kledning for å roe ned fargebruken i stova litt. Og gi plass
og fokus til det gule! Eg har enda ikkje bestemt meg for 
om den grå fargen er fin eller ikkje enda, det får no tida vise.



Små potter er fylt med våt jord og små frø. I kjøkenvindauga
skal eg prøve å få fram eigentørka frø etter dei beste cherrytomatene
eg får tak i - på torget på Leirvik. Vanlige tomater, jordbær og selleri
får også prøve seg fram innandørs fyrst. Spørsmålet er om det
vert skikkeleg drivhus på meg i år? 


Eg hoppa også i eit prosjekt som har stått lenge på lista mi. Og det tok ikkje lange
tida egentlig. Nedpussing med maskin av vinduskarmar, kvitbeising og lakking.
Eg fekk vekk stygge flekkar og fekk lysna gulna treverk med beisinga. Fyrst ein 
real vindusvask no og så kan eg "flytte inn" i vinduskarmane att. 

søndag, mars 02, 2014

NIB utfordring - soverom i glade fargar




Eg forsøker meg for første gong i NIButfordring. 
Nymåla soverom i blått og gult og rosa, mine favorittfargar. 
Nattbordlampen er ein gammal keramikk og teaklampe
som er måla i ein frisk rosafarge. Bileta på veggen har fulgt meg i mange år 
og "egen härd - gull värd" tyder "eige ildstad - gull verdt" og det er så sant!

Og alt dette i eit deilig hus frå 1860 og med maaasse att å pusse opp og fargelegge! 

Klar for eit nytt år i hagen

 
Våren er jommen tidleg i år. Men så har jo vinteren knapt vist seg.
I fjor var bakkane gulsvidd i starten av april, i år har graset byrja å
vekse fram allereie no. Eg plukkar med meg våren inn så ofte eg finn den.
I vinduskarmen står eit glas med nokre krokusløkar som dukka opp på
komposthaugen min. Dei varer ikkje lenge inne i varmen men dei
gir gul glede ei lita stund i alle fall!


Ute på bakken finn ein små og spinkle tusenfryd på veg opp i lyset.


I hagen min dukka desse smørblomane opp i dag. 


Rabarbraen kikkar fram langs med hagegjerdet. Etter litt
omplassering i fjor så håpar eg på ein del rabarbra i år. Til
herlege paiar og skjønn sommarsaft. 


Kusommar - eller kusymre som det visst heiter. Eg tok med meg 
nokre røter heim frå skogen i fjor og allereie no kikkar dei fram i bedet. 


Graslauken startar snart ny potetsalatsesong! Og i år skal 
urtebedet verte enda betre og fyldigare enn i fjor!