søndag, mars 23, 2014

Fornya stove

Den siste tida har det vore ganske mykje innevèr. Og kombinert
med mi rastlause sjel så har eg fått ordna litt inne! Det gule skapet er
ferdig med hyller innvendig og rommar alt frå bøker til krimskrams til
dukar og anna. Spisestolane fekk seg eit strøk grå maling, som vart til 
ein gnagande uro i magen - dette var ikkje rett farge for meg. Fysj.
Så ny maling vart leita etter og eg falt på fargen fjellblå, fjelljente som 
eg er så vart det heilt rett. Litt meir kontrastar i stova no. 
Ikeas Billy tullete sponhylle er kassert for ekte treverk, som passar
betre for dette heiltrehuset. Hyllene er beisa eitt strøk med kvit interiørbeis
og hengt opp med godt med luft i mellom. Bøker, som er møblar i seg 
sjølv, kjem til sin fulle rett. Neste på lista: få ut dette fæle vegg-til-veggteppet
og legge golv. Kanskje til sommaren, kanskje neste år. 
Får sjå kva tida vil bringe!

Spisestolane før oppussing. Sist malt i ei tid der eg var på jakt etter leilighet
i Bergen og ikkje hadde aning at eg faktisk skulle flytte inn her.
Den mørke stolen er nett arva og umalt. 

Berre pinnestolar i fem forskjellige typar samla. I ein deilig mørk farge!
Her sit eg og småheklar bestemorruter for tida etter inspirasjon frå Lev Landligbladet. 
Luftige hyller med fine bøker. Korg med knæsj oransj lampe arva frå Oslobyen. Kista har fått oppgåve som
ekstra sitjeplass. 

Deilig fjellblå. Den endrar seg etter kor mykje lys den får på seg. 

Fine diktbøker og min herlige kitsch lampe som gir eit fascinerande lysspel. 

2 kommentarer:

  1. Den blå er mye herligere enn kjedelig grå. Selv har jeg nettopp funnet meg en fantastisk gal gulgrønn farge som risikerer å havne flere steder en bare den ene kommoden som var tenkt.
    Hilsen Camilla

    SvarSlett
  2. Gulgrønn farge? No vart eg nysgjerrig på den! Er heilt enig - når du finn ein som du fell for så mal i veg! Kan jo heller male over ein seinare gong når du er lei? Eg har jo verkeleg lagt min elsk på knæsjgul, over dei siste 3-4 åra. Mein ein gong vert eg nok kanskje lei. Den tid den sorg :-)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!