tirsdag, mars 25, 2014

Sigurd snegledrepar

Små gule snegleungar blant tussalus og røter. 



Mitt beste tips i sneglekampen. Mot desse fæle brune sneglane som et opp
hagane våre. Hagen her var fri for slike heilt til eg tabba meg ut
og kjøpte nokre stauder frå Plantasjen i fjor. Plantene sto ute
nokre dagar før utplanting og då dukka dei ekle opp over alt. Så etter tips
frå ein god nabo så har eg slept hønene inn i hagen! Først og fremst har eg 
velta alle steinhellene i hagen der desse små ekle babysneglane ligg og
gleder seg til gode vårmåltid. Og hønsa var i ekstase og knaska dei i seg
som smågodt på ein tysdag. Etterpå helte eg over med aske før eg la steinane
på plass att. Aske likar dei ikkje! 

Så til deg som slit med sneglar - leig deg nokre høner! 

4 kommentarer:

  1. Høner er praktiske dyr. Her i hagen bor det to stykker, men jeg skal fylle på med noen til denne våren.
    Hilsen Camilla

    SvarSlett
  2. To høner høyrtes litt lite ut :-) Jo fleire jo betre! Eg skal fylle på nokre neste veke! Og få meg ein hane slik at eg kan få fram nokre kyllingar igjen til våren!

    SvarSlett
  3. For ein glimrande idé! Men eg aner ikkje kor eg kan få leid meg ei høne eller to... Sånn ellers trur eg kanskje kattane i nabolaget ville blitt littegrann overraska.

    SvarSlett
  4. Det må no gå an. Finn ein snill hønsebonde og lån med deg ei høne eller to i ei øskje, gi dei litt havregryn før dei går laus på delikatessane i hagen og så til slutt får du deg vekas trim med å prøve å få fatt i hønene att for å levere dei attende! :-)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!