mandag, april 28, 2014

Bergen(s Tidende) på besøk


Dette bilete er teke etter at fine slektningar frå austpå var på besøk i helga, 
det var skikkeleg koseleg! Det er slikt som kan skje i dette huset,
slektningar frå fjern og nær kjem innom og vil sjå både gard og tun 
og huset som dei ættar frå. Og det skjønar eg godt, eg kjenner 
godt til den kjensla, ein føler ei tilhøyring til dette vakre 
kvite huset der denne slekta starta frå. 

Og det ville to herlege damer frå Bergens Tidende også kjenne på.
Etter avtale fann dei vegen opp til meg og me fann både tonen
og fekk drukke god og sterk kaffi i lag. Og det kan ein sjå resultatet av
på førstkomande fredag (2.mai) i delen "Hus og hjem", om ein kjøper seg 
ei god gamaldags papirutgåve og nyt den i sola, eller ein 
betalar seg inn på www.bt.no for å lese artikkelen der. 
Eg trur det vert bra! Og eg lovar høne og kjole! 
Det var dagens avisreklame!

fredag, april 25, 2014

Naturens råskap


Trist syn som møtte meg i dag då eg kom heim. Nokre skremde høner
og fjør her og der. Og bak hønsehuset ei av mine nye flotte og store høner
død på bakken. Denne forferdelige hønsehauken har vore innom att
i dag, og hanen er nok ikkje vaksen nok enda til å ta ein kamp med han. 
Liv og død, ein del av det å vere bonde, eller hobbybonde som eg no er. 
Om det skulle no vere andre hønsebønder der ute som har gode råd angåande
fæle hønsehaukar så tek eg imot med stor takk! 

tirsdag, april 22, 2014

Ram-ram-ramslauk



No er den her att! I fjor skreiv eg om denne herlege grøne lauken i
der eg plukka den med meg og laga store mengder av pesto. 
I dag har eg køyrt nokre timar gjennom fleire kommunar og jammen
såg eg ramslauken langs med vegen mange stader. Eg stoppa på
min faste plass på Tysnes og denne gongen plukka eg med meg både
blad og nokre røter. Røtene var ikkje lette å få med seg, men det vart nokre
som eg skal prøve å få til å trivast i hagen her. 
Og til middag vart det ovnsbakt torsk med kokte poteter og ramslauk
surra lett i smør i ei steikepanne. Ramslauksyoghurtdressing skal 
også prøvast ut samt ein ny porsjon pesto må jo til. 
Veldig kjekt å kunne plukke med seg god mat ute i vår flotte natur! 

mandag, april 21, 2014

Nyydeleg påskeferie


Ettermiddagssol
Ein fin stump blant spreke tulipanar

Kvil

Galande Knut

Plantekassar fylte med frø; pastinakk, selleri, sellerirot, salatar, løkar, fennikel.....

Drivskap og ei lita solhylle. Tomater og aubergine i drivskapet, samt prøver å få fram jordbær og basilikum
bak vindauga.

Varmt med så mykje pels. I dag er den klypt av! 

Late "sommardagar" på Eskeland. For det kjennes nesten slik ut, som sommar. Og då må kameraet med ut på vift. Det grønast så fint på bakkane og blomane stikk seg fram ein etter ein.
 Hønsa drøsar i sola og hanen viser seg fram. Buster  ligg strak ut i varmen innimellom gode fjellturar.
Eg har fått snekra meg eit skur til dei forhåpentlegvis framtidige grisar, planta både i plantekassane
og i drivskapet, sove i hengekøya og krangla med rastlausheita. Men føler eg har
vore flink til å slappe av denne ferien! Men enda kan ein nyte nokre fine soldagar framover! 

Rene og pene poteter

Eg kom over ei svensk internettside med gode tips for både mat, hage
og anna. Og der falt eg for ideen om å tørrplante poteter, det vil seie at
eg kan plukke dei reine og tørre til hausten. Alt eg trengte var tørt høy. 
Og gammalt høy har me liggande i gamlelåven her. Eg sette mine poteter 
langs med hagegjerdet der det uansett skjer veldig lite. 

Framgongsmåten er slik: 

* tramp ned området der du skal sette poteter
* legg settepoteter på rekke med 30 cm mellom kvar potet
* dekk over med høy, helst om lag 30 cm høgt dekke
* vatne det godt med ein gong og vatne ved behov etterkvart

Oppdatering om korleis det går med potetene fylgjer etterkvart!

Ta ei potet! Fine settepoteter får ein til dømes på Felleskjøpet. Eg prøver
typen Troll i år. 

Viktig å vatne det godt etter at høyet er lagt. 

søndag, april 20, 2014

Velkomen til gards



Garden er fylt opp av små kvite nøster. Som elskar å springe og hoppe rundt. Og som rotar
seg vekk frå mødrene sine og må rope på hjelp. Og så gjenforening før det skjer på ny.


fredag, april 18, 2014

Påskeegg



I går leste eg at gjennomsnittsvekta på egg ligg på 63 gram. Og der trur
eg mine egg ligg som regel. Heilt til i dag då eg henta inn dette kjempeegget!
98 gram og svært! Eg har ikkje bestemt meg enda for korleis det skal etast,
kanskje det vert kokt til ein real frukost i morgon! 

torsdag, april 17, 2014

Innestund

Frensurpus med ein sår fot etter ein hannkattslåsskamp får lov til å ligge oppå kafebenken i påsken.


Eit bilete frå gamledagar: bestemor og bestefar som klypper sauge...eg elskar det biletet der! 

Eg har teke inn ei grein frå ein hegg, og den har byrja å bløme i vinduskarmen her.
Ein av dei deiligaste blomeluktene surrar i lufta..

tirsdag, april 15, 2014

Roe ned






Roe ned. På fjellvis. Og årets fyrste (og i seinaste laget) fjellbad i herleg friskt vatn. 
Fantastisk påskevær skal nytast i fulle drag! 

Påskefrukost


Det er ferie. Det er sol. Litt lengre frukostar enn vanleg. 
God frukost; enkelt heimebakt brød med masse syltetøy, god juice og sterk kaffi. Nam!
Eg har latt meg inspirere av han Morten Schakenda att, denne
gongen hadde han ei oppskrift i A-magasinet på spelt- og emmerbrød. 
Eg skal prøve hans fulle oppskrift ein anna gong, men i denne omgongen
vart det heile eit eltefritt grytesteikt brød som smakte heilt nydeleg! 
Emmer får du tak i på enkelte helsekostbutikkar eller ved å bestille på internett.
Eg kjøper meg mjøl frå Holli Mølle frå Kinsarvik i Bergen. Emmer er ein eldgamal
kornsort som er ein av forfedrane til spelt. Den gir ein spesielt god smak og kan gjere
brødet mørkt på farge. Det er lurt å blande emmer i lag med andre mjølsortar. 

Grytebrød med emmer og spelt
til eit stort grytebrød treng du:

Ei stor jerngryte med lokk

150 g emmer
400 g sammalt spelt grov
400 g sikta speltmjøl
1 ss salt
3 ss linfrø og 2 ss valmuefrø (kan sløyfast)
3 dl appelsinjuice
6 dl kaldt vatn
1 god spiseskei maltekstrakt
1 ss mjuk/flytande honning
ca 5 - 10 g gjær
sikta speltmjøl/kveitemjøl til utbaking

Bland saman alt det tørre i ei stor bolle. Ha oppi vatn og appelsinjuice
i eit litermål/skål. Smuldre oppi gjær og ha oppi malt og honning. Rør
godt med ein gaffel til du ser at gjær/malt/honning har løyst seg opp. 
Bland dette i det tørre og rør godt saman. Ha ein plastpose over bakebolla og
la det stå på kjøkenbenken til dagen etter.

På morgonkvisten set du ovnen på 250 grader. La jerngryta stå inni med lokk 
på seg for å varme seg opp. Hell smjøl utover bordet og velt deigen over. Den er nok 
ganske blaut og det kan vere lurt å bearbeide den litt med litt mjøl først. Bruk gjerne
ein hard sleikepott/steikespade til å velte deigen i mjøl. Du brettar på ein måte
deigkantane innover i deigklumpen. Når ovnen er varm så tek du ut gryta, tek av 
lokket og strør litt mjøl i botnen. Velt over deigen og heller også over litt mjøl, 
eventuelt også litt flaksalt og litt frø etter smak. La brødet steike på 250 grader
i 30 minutt med lokk på, ta så av lokket og la det steike 30 minutt. Du kan måle
om brødet er ferdig steikt ved å enten banke under (det skal lage ein hol lyd) eller
ved å måle temperaturen inni (ca 96-98 grader ved eit ferdig grovt brød). 
Og då var påskefrukosten redda! 

lørdag, april 12, 2014

Søtpotet i hagen?



Etter Lise Finckenhagen si reklame for søtpotet i vinter så håpar
eg på at fleire har fått opp augo for denne grønsaka! Eg har ete
ein del i løpet av vinteren i alle fall. Den er knallgod enten bakt i ovn
eller som stappe i lag med gulrot og potet. Uansett så har eg prøvd fleire
gongar tidlegare å spire søtpotet i vindauget. Det skal jo gå, men
kvar gong har ingenting skjedd og til slutt har det berre
mugla ned i glaset. I år tek eg revansj og har fått tak i økologiske
søtpoteter på Kinsarvik i Bergen. Dei hadde nokre tynne røter på seg
og eg håpar det er eit godt teikn! Uansett, no står dei i kjøkenvindauga
både over varme og i godt lys og eg kryssar fingrane!
For å kunne plante søtpoteter så må ein nemleg gå fram på denne
måten. Dele ei i to, feste i tannpirkarar og la den avkutta delen
stå i vatn og toppen over. Etterkvart skal det byrje å vekse små
spirer/blad ut frå søtpoteta, og desse kan ein etterkvart plukke 
av og sette i jord. 
Eg fann ein herleg amerikansk blogg som skriv legg ut bilete og tekst
om denne prosessen i detalj her.
For dei som skulle no vere like gira på dette som meg :-)

fredag, april 11, 2014

Feriestart



No har ferien starta for min del. Eg skal ha fri i mange dagar framover! 
Ferien skal nyttast heime og det er nok å putle på med. Men ingen store
prosjekt denne gongen, bank i bordet!

Halsnøyhønene storkosar seg på Eskeland og har ikkje skjønt heilt vitsen med
vagl enda. Kvar kveld krøkar dei seg saman oppi vindauga og kan følge med
på det som no skulle skje på tunet før nattemørket breier seg. Når dei no i tillegg har
fått nokre kilo med malt frå ein hobbyølbryggar så kunne dei ikkje hatt det betre!
Og kusommar blømer som berre det på garden. Dei har spredd seg frå i fjor og
jammen finn ein mange gode tuer i år! 

God feriestart til deg om du startar no eller på onsdag! 

tirsdag, april 08, 2014

Ny gul benk ute - og nye fine blomar




Ein gamal og slitt teakbenk. Med nokre små mørke fliser i hjørner og på midten.
Den skulle kastast i tanta mi sitt ryddesjau i fjor. Eg fekk lov til å redde den frå kontaineren
og sidan det har den stått litt her og der til lagring. Og no, i den våryre sola, vart
eg dradd ut med malarkosten. Den vart sjølvsagt knallgul, og det vart også nydeleg 
mønster over flisene. 


Ein liten mjølkekrakk frå løa får stå att med. Og både hønsenetting, gamle
blikkboksar og anna har fått fuktig mose i seg samt herlege stemorsblomar oppi.
Vårstemning ute på trammen no! 

mandag, april 07, 2014

Eg fant, eg fant!

Klokka er rundt halv åtte. Eg har vore oppe sidan klokka seks,
lufta hund og ete min frukost. Småsove litt på båten over fjorden. 
Måndagstrøtt på sykkelen og skal sykle den same turen innover
mot Husnes, langs Opsangervatnet, som eg har sykla mange 
gonger før. Heldigvis er det opplett. Tankane surrar i alt og ingenting.
Og så DER. Kva var det? Langs med den halvaude sykkelvegen? 
I all verden.
Det såg no ut som rabarbra? 

Slik starta min måndag i dag. I løpet av dagen på jobb låg det i
bakhovudet heile tida - var det rabarbra? Der?
Og så var tida der då eg kunne sette meg på sykkelen att og trø meg 
nedover mot Sunde kai.  Leite den opp og grave den opp med berre hendene.
 Pakke den inn i ein fleecehals frå sekken og legge den bakpå bagasjebrettet. 
Og så plante den saman med dei andre fine rabarbrarøtene mine i hagen.

Hugs å ha augene med deg i løpet av dagen, dei kan oppdage så mangt! 



torsdag, april 03, 2014

April



Og DER var våren her. Lyse morgonar og varm sol som lokkar
av ytterjakka. Hagen er forvirra, der prøver tulipanane å bløme sjølv om
dei berre er korte pluggar. Sjarmerande. Katten har nesten blitt ein utepus, stikk
berre innom for ein melkeskvett. 

Eg har hengt opp hengekøya og legg meg gjerne for ein strekk i sola på 
ettermiddagen. Men eg har som regel ikkje tid til å ligge der så lenge. 
Så mykje å gjere ute i slikt flott vær! Fordeling av ny grus på vegen, 
graving av små grøfter for drenering, fylle på i plantekassar og mykje anna...puh.
Og så ein gøyal ting då. Litt maling i sola. Deilig farge, min glade gulfarge! Ein
gamal benk får gjennomgå litt. Det vert bra! 




Deeeeilig gul! Og snart påske. 

onsdag, april 02, 2014

Gamle, fylte påskeliljer


Mens eg var på farten på austlandet i helga så byrja påskeliljene å bløme
for fullt heime i sola. Det var ei fin overrasking og då var det ekstra deilig å kome 
heim til fine Eskeland. Påskeliljene står mange samla og lyser
gult og luktar deilig oppi skråninga ved huset. Denne typen som eg lurer på om
heiter Van Sion, eller Sions gule lilje, er ein gamal sort som ein helst finn i eldre
hagar rundt om kring. Dei er både utruleg flotte og så luktar dei også så deilig av vår,
og det gjer ikkje alle påskeliljene du får kjøpt i dag. Eg har no trudd at det var 
bestemor som planta desse løkane, men faktisk kan dei vere enda eldre. 
Den beste måten å behandle påskeliljer på er å ikkje plukke dei inn 
og ikkje klyppe dei ned når dei er visna. Ein kan knipe av hovudet når 
den er ferdig med å bløme, men elles skal dei få stå og visne for seg sjølv
 slik at næringa trekk tilbake til løkane att.
Og er ein ekstra flink hagedame så tek ein løkane opp og deler
dei samt planter dei på ny til sommaren. Og gir dei litt gjødsel. 
Så vil dei bløme enda finare i mange år vidare. 

tirsdag, april 01, 2014

Høylandsbygdingar



Eg har vore nedom Høylandsbygd på herlege Halsnøy i dag. Og henta heim
nokre nye vener til hønsehuset. Store beist av nokre høns kan du sei! Reinrasa/blanda frå
 dei tunge hønserasane Sussex og Plymouth Rock. 
Planen er å få meg nokre kyllingar i løpet av våren og denne gongen vert det
i litt større rasar enn det eg har hatt til no. Foreløbig er det A-gjengen mot B-gjengen
her ute, men forhåpentligvis vert dei "vener" eller rangordna etterkvart. 


Første møte og to sjefshøner; ei lita spinkel Eskelandshøne mot ei svær
Høylandsbygdhøne i full hønekamp. Hanen berre spankulerte 
rundt imens. 


Striper i svart og kvitt er vel in for tida? Denne unge men allereie ganske store
hanen har fått namnet Knut og har utan å vite om det fått eit stort
ansvar på sine skuldre. Han skal nemleg beskytte sine høner for
hønsehauken og gjerne ta ein kamp med styggefuglen. Får eg no håpe. 


Steike flott hane!