onsdag, april 02, 2014

Gamle, fylte påskeliljer


Mens eg var på farten på austlandet i helga så byrja påskeliljene å bløme
for fullt heime i sola. Det var ei fin overrasking og då var det ekstra deilig å kome 
heim til fine Eskeland. Påskeliljene står mange samla og lyser
gult og luktar deilig oppi skråninga ved huset. Denne typen som eg lurer på om
heiter Van Sion, eller Sions gule lilje, er ein gamal sort som ein helst finn i eldre
hagar rundt om kring. Dei er både utruleg flotte og så luktar dei også så deilig av vår,
og det gjer ikkje alle påskeliljene du får kjøpt i dag. Eg har no trudd at det var 
bestemor som planta desse løkane, men faktisk kan dei vere enda eldre. 
Den beste måten å behandle påskeliljer på er å ikkje plukke dei inn 
og ikkje klyppe dei ned når dei er visna. Ein kan knipe av hovudet når 
den er ferdig med å bløme, men elles skal dei få stå og visne for seg sjølv
 slik at næringa trekk tilbake til løkane att.
Og er ein ekstra flink hagedame så tek ein løkane opp og deler
dei samt planter dei på ny til sommaren. Og gir dei litt gjødsel. 
Så vil dei bløme enda finare i mange år vidare. 

4 kommentarer:

  1. Hei

    Kan du, eller eventuelt andre, skaffe meg slike gamle fylte påskeliljer? Jeg har noen få, men ønsker å supplere. De er så langt jeg vet ikke til salgs i butikker, og derfor lurer jeg på om noen vil selge meg noen løker.

    Hilsen BeRo

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei igjen

      Jeg vil gjerne kjøpe noen få av disse løkene. De er ikke å få kjøpt i butikker i følge Vest-Agder naturhistoriske museum som har kartlagt slike påskeliljer på fyrstasjoner i Sør-Norge.

      Jeg tror det er uproblematisk å sende løker i posten (i en eske), men for øvrig jobber jeg i Oslo og kan treffes der.

      Hilsen BeRo

      Slett
  2. Hei!

    Eg veit ikkje kvar ein kan få tak i sånne lenger. Eg kjem nok ikkje til å selge aktivt men eg kunne jo kanskje ha ordna nokre få. Men det måtte i tilfelle ha blitt til sommaren, har ein halvvegs plan om å ta opp nokre og plante dei att. Så det hadde i tilfelle vore aktuelt då? kvar bur du?

    SvarSlett
  3. Hei igjen!

    Mi mailadresse er ingvildeskeland(a)gmail.com og så kan me i tilfelle ordne det ute i juni ein gong? Det skal nok gå bra det altså :-)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!