tirsdag, april 15, 2014

Påskefrukost


Det er ferie. Det er sol. Litt lengre frukostar enn vanleg. 
God frukost; enkelt heimebakt brød med masse syltetøy, god juice og sterk kaffi. Nam!
Eg har latt meg inspirere av han Morten Schakenda att, denne
gongen hadde han ei oppskrift i A-magasinet på spelt- og emmerbrød. 
Eg skal prøve hans fulle oppskrift ein anna gong, men i denne omgongen
vart det heile eit eltefritt grytesteikt brød som smakte heilt nydeleg! 
Emmer får du tak i på enkelte helsekostbutikkar eller ved å bestille på internett.
Eg kjøper meg mjøl frå Holli Mølle frå Kinsarvik i Bergen. Emmer er ein eldgamal
kornsort som er ein av forfedrane til spelt. Den gir ein spesielt god smak og kan gjere
brødet mørkt på farge. Det er lurt å blande emmer i lag med andre mjølsortar. 

Grytebrød med emmer og spelt
til eit stort grytebrød treng du:

Ei stor jerngryte med lokk

150 g emmer
400 g sammalt spelt grov
400 g sikta speltmjøl
1 ss salt
3 ss linfrø og 2 ss valmuefrø (kan sløyfast)
3 dl appelsinjuice
6 dl kaldt vatn
1 god spiseskei maltekstrakt
1 ss mjuk/flytande honning
ca 5 - 10 g gjær
sikta speltmjøl/kveitemjøl til utbaking

Bland saman alt det tørre i ei stor bolle. Ha oppi vatn og appelsinjuice
i eit litermål/skål. Smuldre oppi gjær og ha oppi malt og honning. Rør
godt med ein gaffel til du ser at gjær/malt/honning har løyst seg opp. 
Bland dette i det tørre og rør godt saman. Ha ein plastpose over bakebolla og
la det stå på kjøkenbenken til dagen etter.

På morgonkvisten set du ovnen på 250 grader. La jerngryta stå inni med lokk 
på seg for å varme seg opp. Hell smjøl utover bordet og velt deigen over. Den er nok 
ganske blaut og det kan vere lurt å bearbeide den litt med litt mjøl først. Bruk gjerne
ein hard sleikepott/steikespade til å velte deigen i mjøl. Du brettar på ein måte
deigkantane innover i deigklumpen. Når ovnen er varm så tek du ut gryta, tek av 
lokket og strør litt mjøl i botnen. Velt over deigen og heller også over litt mjøl, 
eventuelt også litt flaksalt og litt frø etter smak. La brødet steike på 250 grader
i 30 minutt med lokk på, ta så av lokket og la det steike 30 minutt. Du kan måle
om brødet er ferdig steikt ved å enten banke under (det skal lage ein hol lyd) eller
ved å måle temperaturen inni (ca 96-98 grader ved eit ferdig grovt brød). 
Og då var påskefrukosten redda! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!