torsdag, mai 29, 2014

Hageinspirasjon

Hagen byrjar å rope på meg: sjå kor høgt graset får vekse, sjå kor raskt løvetennene breier seg i bedet, du kan berre gi opp - me tek over i hagen din! Eg får av og til ein skikkeleg hagegnist, men innimellom når den gnisten ikkje er der så veks det over att og eg veit liksom ikkje kva eg skal gjere. Hagen min var ein gong kjent for å vere stor og flott, då bestemor ordna og luka og stelte og styrte der. Mykje har skjedd sidan den gong og det er lite att i hagen frå bestemor si tid, særleg grunna det vart lagt inn kommunalt vatn for nokre år sidan. Men tanken er der og håpet er der, på at hagen skal bli frodig og flott! Om det så tek mange år, noko som det kjem til å ta. Eg har både kraftig skråning, eit svært fuktig område og ganske småkupert terreng som gjer det vanskeleg å køyre over med plenklyppar. Men! Eg har fine steinbed og nokre gamle skattar av planter og blomar som dukkar opp.
Uansett, ein treng inspirasjon til å putle på med hage. Litt får eg frå blad, litt frå mor mi og andre kjente sine hagar. Og så i dag ein tur til Haaheim Gaard att, det skjer så mykje der både i hage og restaurant og overnatting at ein årleg tur er viktig å få til. Her kjem fine inspirerande bilete!

Haaheim Gaard, Tysnes. Restaurant, overnatting, straks bakeri og damespa. 

For ein herleg måte å avgrense bedet på, med gamle takpanner sirlig stabla etter kvarandre. 


Sommaren har rett og slett kome lenger her. Stikkelsbær og ripsbær har kome langt allereie! 

Urtebed 

Skråning som er delt opp i "trappesteg" med både urter og blomar. Og surra greiner som skal vere klatrestativ for både
erter og blomkarse. Genialt! 

Fire forskjellige typar mynte; grønmynte, krusemynte, ingefærmynte og arabisk mynte. Nam!

Stikkord: frodig, avslappande, deilig og draumeaktig. Akk..

Då sjåast me att til neste sommar Haaheim og så kanskje eg får trylla litt i min eigen hage imens!

onsdag, mai 28, 2014

Vekas nynorske!


Eg fekk ei fin overrasking denne veka, bloggen min er nemleg valt
ut til å vere vekas blogg i tevlinga om å bli "Verdas beste nynorske blogg"!
Det er Framtida.no, Noregs Mållag og Norsk Målungdom som står bak 
denne tevlinga og i dag står det ei lita tekst om bloggen min på den 
nynorske nettavisa framtida.no. Andre som er kåra til vekas blogg er
blant anna matbloggen "Frå hage til mage"  og "Hjartesmil" 
som deler mange flotte bilete og gode ord. 

HER kan du sjå artikkelen som har fått namn "Huset med det gule i", ein herleg
og ganske representativ tittel spør du meg. Og bilete over er tileigna den! Moro! 

tirsdag, mai 27, 2014

Heimedyrka

Det spirer og gror her oppe. Eg har i dag hausta mine fyrste
reddikar, fine og raude er dei. Nye frø vart sådd samtidig, for
reddikar kan ein plukke gjennom heile sommaren. Så kjekt! 
Salatane, særleg ruccolaen er på god veg mot middagsbordet no, 
mens rotgrønsakene tek lengre tid. Urtebedet vert fylt
opp av den beste graslauken og rosmarin, salvie og mynte veks til
frå fjoråret. Til og med ramsløken eg plukka på Tysnes i vår trivst i 
urtebedet, og det er ikkje kvar som helst den trivst! Mykje glede i å ha 
urter og grønsaker i hagen, det krever berre at du vatnar og gjødslar jevnleg
og så gjer det jo seg nesten sjølv. Og så risikerer ein jo å bli sunn! 






søndag, mai 25, 2014

På tunet i mai

Late vårdagar? Å nei du. Mykje å gjere på tunet om dagen.
Nytt gjerde har kome opp og har faktisk laga tunet mitt. Det gjer
at eg kan ha tunet for meg sjølv utan at saugene går og knaskar 
i seg potteplantene utanfor inngangspartiet og skit både her og der. 
Dette gjerdet er som ein draum som har gått i oppfylling, og takka vere
mi driftige mor, gode armmusklar og bonden Tor så har det kome opp
i løpet av denne veka. 
Små gleder!



Ei real grøft er gravd opp paralellt med huset mitt. Der skal eg legge
både grus og dreneringsrøyr, og etter at grøfta vart gravd opp har
eg sett resultat allereie. Men kjedeleg arbeid å gjere åleine det der. 


På nordsida av huset fann eg ut at eg ville lage meg eit bed. 
Gamle fine steinar har eg bært med meg frå gamlesiloen ved gamlelåven.
Og ei gamal koparkjele frå låven er henta ned og fylt med jord og
flotte blomegevinstar frå bygdekvinnelagets årlege lotteri! 




Planen er at bedet skal vere eit "gjenbruksbed". Eg har allereie hatt meg nokre
rundar og gravd opp både røter frå storliljekonvall og gamle pinseliljeløkar
samt ein busk som hadde forvilla seg langt oppi haugen her. Fram med
spaden, hal i og dra og nedi bedet med den. 




Grisane nyt late maidagskvilar i jorda dei har gravd opp. 


Det er så kjekt å kunne pynte opp utanfor huset utan å vere redd for 
at alt er ete opp når eg står opp om morgonen! 


lørdag, mai 24, 2014

Nye fargeskattar



Eg føretrekk å kjøpe meg nye koppar, men når det gjeld glas
så likar eg best å kjøpe brukt. Gode gamle, fargerike og glade
glas. Gjerne tynne og lette. Som har vore i bruk på gamle fine
kjøken eller som har stått gøymd i "finskapet" i ei eller anna stove.
Ein sjeldan gong dukkar dei opp. Og denne veka fann eg nokre 
fine nokre, på bruktbutikken på Husnes som eg stakk innom etter 
jobben. To i gult/oransj og to i grønt/blått. Dei gjorde meg glad!
Og fekk vere med heim i sekken og opp i kjøkenhylla mi. 
Og saman med krutsterk kaffi, god juice, tjukke pannekaker med
lønnesirup og eit svenskt blad så er det laurdagslukka for meg! 

fredag, mai 23, 2014

Ode til Bollefrua


Lenge sidan eg har baka kjeks no! Og når eg er i yrande bakehumør kikkar eg gjerne innom
mitt fine søskenbarn sin blogg med namn Bollefrua og eg vert både svulten
og godtesjuk og bakesjuk og inspirert! I dag skulle eg ha grisebesøk (les: besøk
involvert vising av grisar - grisar er jo sjeldan kost blant mine vener) og ville gi dei 
noko attåt kaffien! Så då fann eg oppskrift på sjokoladekjeks med pekannøtter og havsalt.
Eg bytta ut pekan med valnøtter då det er det eg som oftast har på kammerset, men
steike gode kjeks! Atter ein gong, salt og søtt er den beste kombinasjonen! 

For oppskrift på desse supre fredagskjeksa, klikk HER, og la deg elles freiste
av dyktige Bollefrua sine bakargleder! 

søndag, mai 18, 2014

Førebuing



Eg er jo født og oppvaksen på gard. Og har alltid vore glad i dyr.
Det har alltid vore trist når slaktebilen har kome og henta både kyr og sauge.
Men det er klart at dyr tyder mat, sjølv om mange dessverre ikkje har den
forståinga lenger, for maten ligg jo berre vakuumpakka i kjøledisken til ein
billeg penge om dagen. Dette griseprosjektet er både ei utforsking av å ha
nokre dyr eg ikkje har erfaring med frå før, samt å ha mi eiga matproduksjon.
Målet er som sagt å slakte grisane sjølv til hausten om det let seg gjere.
I trygge omgjevnader utan lengre reiseveg til slakteriet
 og det vert sagt at det faktisk kan smakast på kjøtet.
Sidan eg ikkje kan noko særleg om slakt og partering så har eg byrja å
lese meg opp litt. Blant anna dukka denne filmen opp, og til tross for
at den er ein del år gammal så er den framleis like genial - for meg og
mange andre som skulle finne interesse i eigenprodusert skinke, koteletter,
bacon og meir til! 

Statens opplysningskontor i husstell viser: 
OPPDELING AV HALV GRIS 




Langtidsbaking


Ikkje la deg skremme av det ordet - langtidsbaking. For både her på bloggen og elles
finn ein oppskrifter på lettlaga grytebrød som ein berre rører i saman og lar
stå over natta. Genialt det, men også genialt å bryne seg på "the real thing". 
Det treng ikkje å bety mykje arbeid, men heller at ein har ein dag til rådigheit 
der ein kan stikke innom kjøkenet og stelle litt med deigen innimellom - og få litt
god deigkjensle. Perfekt for ein sundag eller ein regnvèrsdag. 
Utanom deigstell så kan ein jo gjere det ein vil elles i løpet av dagen. 

Eg har tidlegare skrive om både Morten Schakenda og hans spelt- og emmerbrød. Og her
kjem oppskrifta i hans versjon. Og eg lovar, dette brødet er vannvittig godt! Dei som 
ikkje har smakt emmer - ein gamal kornsort - har noko særs godt i vente! Eg for min del føler
denne lette og gode smaken passar godt til årstida, og at andre kornsortar som til dømes rug og bygg passar betre til kaldare tider. Men det er no berre meg. 

EMMER- OG SPELTBRØD
3 brød

900 g sikta kveitemjøl
1,1 dl kaldt vatn
300 g sammalt spelt (grov)
300 sammalt emmer (fint/grov etter ynskje)
60 g honning
20 g salt
15 g gjær


  • Ha alle ingrediensane (utanom salt og gjær) i ein kjøkenmaskin. Bruk kun 1 liter vatn, resten brukar du seinare. 
  • Rør saman deigen i to minutt og la den så kvile i ein halvtime. 
  • Ha så oppi gjær og salt og elt deigen på låg fart i 15-20 minutt. Ha til slutt i resten av vatnet. 
  • Smør ei stor skål/bolle med olje og hell deigen oppi. Pakk den inn i plast - eg pleier å ha over ein halv plastpose som eg sparar til dette føremålet. La deigen heve i to timar. 
  • Strekk deigen og brett over. Snu bolla og og gjer det ein gong til. Dekk til deigen att og hev i ein ny time til.
  • Del deigen opp i tre emner - form dei gjerne runde og legg dei på eit mjøla underlag.  

Brød til heving på linklede. Dobbel oppskrift gir knallgodt brød i fleire veker framover
for min del! 


  • Dekk med plast og hev ein ny time.
  • Elt brødemna lett og legg dei med skjøyten opp. Om du skal steike brøda i former så lag dei lange. 
  • Hev dei på ny ein time - gjerne på ein mjøla klede i lin eller bomull. Pass på at dei ikkje hev over i kvarandre.
  • Skru omnen på 240 grader med steikeplata inni. 
  • Når omnen er varm nok, ta ut steikeplata og legg raskt over eit bakepapir og legg på brøda med skjøyten ned - evnt ha dei i olja former.
  • For maks uttelling - ha ei gammal slitt form nederst i omnen. I det du lukkar døra for å steike brøda, hell over ca 0,5 dl vatn i forma. Dette gjer at brøda held på fuktigheita betre og får heve seg nok i omnen før dei vert ferdigsteikt. 
  • Steik brøda på 240 grader i fem minutt, skru så ned til 180 grader og steik vidare i om lag 40 minutt. 
  • Ikkje opne døra unødvendig!
  • Avkjøl brøda på rist! 



onsdag, mai 14, 2014

Grisar - dag to

Det var visst to damer eg hadde fått med meg heim. To snille
og trygge damer. Pratsomme og rotete og tøysete også. No har dei flytta
inn i skuret sitt som har fått midlertidege veggar frampå, slik at dei
skal hugse på framover at dette er staden å varme seg om natta
og å gøyme seg for kaldt regn og varm sol. 

Og ikkje minst, sidan det var to snedne damer så kan dei jo ikkje heite
Gissen og Gossen. Så i dag er dei omdøypt til Guri og Gina! 
Guri har nokre svake brune flekkar på ryggen mens
Gina er den største av dei. Per i dag veg nok grisane rundt om 
30-40 kilo og store skal dei bli til hausten! Om alt går slik eg ynskjer
så vert det heimeslakt og eige bacon på meg til hausten,
men det vil tida vise!


To fine halekrøllar.

Ikkje lett å få teke bilete av desse livlege krabatane, men her poserer Gina eit
lite augeblikk for fotografen. 

Kvifor kan eg ikkje gå ut på graset bondemor? 
Kveldskvil...


tirsdag, mai 13, 2014

Griseheldige meg



To herlige grisar, med foreløbig namn Gissen og Gossen, er no trygt plasserte 
nokre meter frå huset mitt her. Dei har allereie fått kosa seg med nokre vintereple
frå i fjor og skal i natt akklimatiserast til å leve ute framover. Så i natt ligg dei trygt 
og godt i eit kalvebur og med gode tepper over buret slik at vinden skal halde seg ute.
I morgon vert det nok liv her ute! Vælkømmi til gards! 

mandag, mai 12, 2014

Maimorgon



Dette er den finaste månaden i året. Med lyse morgonar og skrikande grønfarge. Skodde som av og til ligg lågt på sjøen og som gjer at eg kan kvile augo på eit kvitt og mjukt teppe der ute. Det er verdt å ta fram kamera i sekstida på morgonkvisten då. Nyt månaden! 

søndag, mai 11, 2014

Siste nytt - Mai


Som artikkelen i BT skildra så fint så får eg av og til besøk av høner i huset. 
Det skjer no stadig vekk i desse finværstider og dei nye hønene er ikkje redde for å 
spankulere inn på gamlekjøkenet.
 Frensur derimot er ikkje så nøgd med det og han vert redd, dei vert redde og ei 

vannvittig hønsekakling startar og får meg til å lure på kva i all verden som skjer i huset!  
Ein snauklypt Buster har teke til seg statens ernæringsråd og satsar på
fem om dagen. Han har nett oppdaga at eple er knallgodt. Gulrot og tomat
er jo sjølvsagt favorittane då.

Saugene og lamba storkosar seg om dagen. Mykje gras og late dagar i bittelitt
regn, men mest finvèr! 

Viktig å nytte tida ute i sola! Solkrokar kan finnast så mange stader! 

Elektrisk gjerde er sett opp og nesten klart til at
to grisar snart skal dukke opp her! 

Gøyalt tidsfordriv/mindfulness/balansetrening! Slakk line på tunet, i bruk
så ofte temperaturen tilseier barfotgåing. 

Ei lita brun høne har teke på seg rolla som kloks i år. Fjorårets gode kloks var nemlig
offer for hauken i vår. Denne høna ligg på ti egg, men det vert spennande å sjå kor mange
det vert liv i! 

Kva skjedde med søtpotetene?


Absolutt ingenting. For ganske nøyaktig ein månad sidan
skreiv eg om spiring av søtpoteter her. Med håp om at økologiske
søtpoteter ville spire i godt lys og over ein god varmeovn i kjøkenglaset.
Det skjedde ingenting. Eg heldt dei fuktige heile vegen og
som biletet viser så ga eg til slutt heilt opp. Så kjedeleg! 
Eg har derimot fått tips frå Eidens Hage om å putte dei i ei bøtte
med jord og halde dei varmt - enda varmare. Eg har nok ikkje så god varme i 
drivskapet mitt så spørs om eg får det til i år. Men kanskje til neste år, 
og om andre har fått det til så gi meg gjerne ein lyd! 


tirsdag, mai 06, 2014

Ekte skattejakt

På garden går det i grøfter og drenering for tida.
Tre gode grøfter/veiter er gravd opp og nokre stader
er det truffe på dei gode gamle kisteveitene for dei
som kjenner til det omgrepet. Alltid noko nytt å lære
for meg i alle fall! Uansett så dukka det opp litt
forskjellig i jord- og steinmassene i dag. Som kanskje
høyrer heime frå kisteveitene si tid. Og det vert no nokre
år det! Før i tida kvitta folk seg med ting og tang ved
å kaste det i veitene og det var også ein fin måte 
å fylle dei opp på. 

Eg fann to gamle grøne flasker og eit blekkhus. 
I fin stand! Nokre andre ting vart også tekne med heim
for å studerast og kanskje pynte opp ein husvegg. 

Veit nedanfor huset. Nytt dreneringsrøyr på plass.  
Brune skattar.

Nokre gode vaskerundar og vips har eg både vase/lysestake klart! 

Blekkhus i fin stand (eit lite skår i opninga) etter å ha lagt under jorda i mange,
mange år!