tirsdag, mai 06, 2014

Ekte skattejakt

På garden går det i grøfter og drenering for tida.
Tre gode grøfter/veiter er gravd opp og nokre stader
er det truffe på dei gode gamle kisteveitene for dei
som kjenner til det omgrepet. Alltid noko nytt å lære
for meg i alle fall! Uansett så dukka det opp litt
forskjellig i jord- og steinmassene i dag. Som kanskje
høyrer heime frå kisteveitene si tid. Og det vert no nokre
år det! Før i tida kvitta folk seg med ting og tang ved
å kaste det i veitene og det var også ein fin måte 
å fylle dei opp på. 

Eg fann to gamle grøne flasker og eit blekkhus. 
I fin stand! Nokre andre ting vart også tekne med heim
for å studerast og kanskje pynte opp ein husvegg. 

Veit nedanfor huset. Nytt dreneringsrøyr på plass.  
Brune skattar.

Nokre gode vaskerundar og vips har eg både vase/lysestake klart! 

Blekkhus i fin stand (eit lite skår i opninga) etter å ha lagt under jorda i mange,
mange år! 

2 kommentarer:

  1. Det der er jo ekte skatter, som til og med er gravd opp fra jorda.
    Kan ikke bedre bli. Herlig med sånne funn.
    Gammelt glass er så fiiiiiint.
    Masse hilsen fra Marit

    SvarSlett
  2. Ja, kjempegøy! Skulle nesten hatt meg ein metalldetektor også:-) Dei gamle flaskene var nydelige...
    Ein fin dag vidare til deg!

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!