torsdag, mai 01, 2014

Loppisrus

Årets store loppemarked på Solgry, på den kjende 1.maidagen. 
Mykje folk klare i kø, springing, lopperusen i blodet og loppeblikket
klart. Slitsam men utruleg herleg affære! Eg såg meg ut ein nydeleg blå
røyrstol, som vart plukka av ei anna Fjellgardsjente i opningsspurten. Slik er
det når fleire har lik smak! Men det var mykje anna av skattar der,
og det billegaste loppemarkedet eg har vore på. Fem, ti og tjuekroner for
det meste. Det gjer at folk handlar, og dei slepp å sitje att med veldig
mykje saker og ting. Årets funn: 


Smøreknivar frå Solingen. 

Knæsjgul hekladuk, den må eg finne på noko lurt med! 

Herlege pastellgule tallerkar frå Figgjo

Fine glasskåler som trengs i mitt nye kjøken. Fine til syltetøy og dessertar og anna.

Stort og herlig speil til 10 kroner!! Utan noko riper.

1 kommentar:

  1. Loppmarked det er tingen. Masse fint du har funnet.
    Jeg mener også at loppis skal være billig, må jo være litt av vitsen for
    de som har loppiset at så mye som mulig blir solgt.

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!