lørdag, mai 24, 2014

Nye fargeskattar



Eg føretrekk å kjøpe meg nye koppar, men når det gjeld glas
så likar eg best å kjøpe brukt. Gode gamle, fargerike og glade
glas. Gjerne tynne og lette. Som har vore i bruk på gamle fine
kjøken eller som har stått gøymd i "finskapet" i ei eller anna stove.
Ein sjeldan gong dukkar dei opp. Og denne veka fann eg nokre 
fine nokre, på bruktbutikken på Husnes som eg stakk innom etter 
jobben. To i gult/oransj og to i grønt/blått. Dei gjorde meg glad!
Og fekk vere med heim i sekken og opp i kjøkenhylla mi. 
Og saman med krutsterk kaffi, god juice, tjukke pannekaker med
lønnesirup og eit svenskt blad så er det laurdagslukka for meg! 

2 kommentarer:

  1. Herlige fargeklatter av noen glass. Gjenbruk er toppen.
    Hverdagsgleden som du beskriver her er flott.
    Trenger ikke så mye for å ha det helt topp!!!
    Klem fra Marit

    SvarSlett
  2. Takk for det! Kjekt å høyre! Kvardagane er jo det me har mest av i livet, så kvardagsglede er jo så viktig! :-)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!