søndag, mai 25, 2014

På tunet i mai

Late vårdagar? Å nei du. Mykje å gjere på tunet om dagen.
Nytt gjerde har kome opp og har faktisk laga tunet mitt. Det gjer
at eg kan ha tunet for meg sjølv utan at saugene går og knaskar 
i seg potteplantene utanfor inngangspartiet og skit både her og der. 
Dette gjerdet er som ein draum som har gått i oppfylling, og takka vere
mi driftige mor, gode armmusklar og bonden Tor så har det kome opp
i løpet av denne veka. 
Små gleder!



Ei real grøft er gravd opp paralellt med huset mitt. Der skal eg legge
både grus og dreneringsrøyr, og etter at grøfta vart gravd opp har
eg sett resultat allereie. Men kjedeleg arbeid å gjere åleine det der. 


På nordsida av huset fann eg ut at eg ville lage meg eit bed. 
Gamle fine steinar har eg bært med meg frå gamlesiloen ved gamlelåven.
Og ei gamal koparkjele frå låven er henta ned og fylt med jord og
flotte blomegevinstar frå bygdekvinnelagets årlege lotteri! 




Planen er at bedet skal vere eit "gjenbruksbed". Eg har allereie hatt meg nokre
rundar og gravd opp både røter frå storliljekonvall og gamle pinseliljeløkar
samt ein busk som hadde forvilla seg langt oppi haugen her. Fram med
spaden, hal i og dra og nedi bedet med den. 




Grisane nyt late maidagskvilar i jorda dei har gravd opp. 


Det er så kjekt å kunne pynte opp utanfor huset utan å vere redd for 
at alt er ete opp når eg står opp om morgonen! 


3 kommentarer:

  1. Ja du har møje godt arbeid foran deg du og! Me får heie på kverandre

    SvarSlett
  2. Idyllen råder hos deg. Men en sånn idyll krever litt (mye) jobb også.
    Veit litt om det, for jeg bor jo midt i skauen sjøl. Det kreves litt arbeid
    for å ha det koselig rundt seg. Jeg har også planlagt ett bed i år hvor jeg
    skal putte ned alle løkene fra påskeliljene som ble kjøpt i år. Det er for gæli
    å kaste dem, så da er løsningen ett gjenbruksbed her også.
    PS. Det er alltid like koselig å se innleggene dine.
    Klem fra Marit

    SvarSlett
  3. Det krever sin jobb ja. Men så er det jo alt i alt ein kjekk jobb. Ein får vere ute i mykje frisk luft og bruke kroppen. Treng ikkje treningssenter då ;-)
    Me får heie på kvarandre ja! :-)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!