søndag, mai 04, 2014

Ratatouille


Her er eit godt middagsforslag om ein vil prøve seg på ein 
kjøttfri middag. Eventuelt ha det som tilbehør til kjøtt, men eg
heng meg mest på det første alternativet. Det er knakande godt,
mettar også bra og så får ein ei slik god kjensle i kroppen! 

Ratatouille

1 kinesisk kvitløk/ 3 fedd vanleg kvitløk
1 raud løk
1 dl olivenolje
2 raude paprika
1 aubergine
1 squash
1 ss kvitvinseddik
1/2 buljongterning (grønsaksbuljong/kyllingbuljong)
1 ts tørka basilikum
1 ts tørka koriander (kan sløyfast)
salt/pepar

5-6 store raude tomater
litt olje
1/2 buljongterning
2 ss vatn
1 ss sukker
salt/pepar

Start med tomatsausen fyrst. Kutt tomatene i store bitar og la dei 
surre i olje i ei steikepanne.Ha over vatn, sukker og buljongterning og la 
det putre i nokre minuttar. Dryss på salt og pepar. Set panna vekk.
Kutt alle grønsakene i terningar. Surr først kvitløk og løk i olja i ei gryte
 før du tek oppi resten av grønsakene. Det skal surre i nokre minuttar. 
Ha så oppi tomatsausen, eddik, buljongterning og urter. 
La det stå og putre på låg varme i ca 15 minutt. 
Smak deg til med salt/pepar og eventuelt meir urter. 

Server gjerne med brød og godt smør attåt!  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!