søndag, mai 11, 2014

Siste nytt - Mai


Som artikkelen i BT skildra så fint så får eg av og til besøk av høner i huset. 
Det skjer no stadig vekk i desse finværstider og dei nye hønene er ikkje redde for å 
spankulere inn på gamlekjøkenet.
 Frensur derimot er ikkje så nøgd med det og han vert redd, dei vert redde og ei 

vannvittig hønsekakling startar og får meg til å lure på kva i all verden som skjer i huset!  
Ein snauklypt Buster har teke til seg statens ernæringsråd og satsar på
fem om dagen. Han har nett oppdaga at eple er knallgodt. Gulrot og tomat
er jo sjølvsagt favorittane då.

Saugene og lamba storkosar seg om dagen. Mykje gras og late dagar i bittelitt
regn, men mest finvèr! 

Viktig å nytte tida ute i sola! Solkrokar kan finnast så mange stader! 

Elektrisk gjerde er sett opp og nesten klart til at
to grisar snart skal dukke opp her! 

Gøyalt tidsfordriv/mindfulness/balansetrening! Slakk line på tunet, i bruk
så ofte temperaturen tilseier barfotgåing. 

Ei lita brun høne har teke på seg rolla som kloks i år. Fjorårets gode kloks var nemlig
offer for hauken i vår. Denne høna ligg på ti egg, men det vert spennande å sjå kor mange
det vert liv i! 

4 kommentarer:

  1. Gleder meg til å høre om hvor mange kyllinger som kommer ut.
    Flott lesing i artikkelen om deg og huset ditt. Deilig å ha ett slikt
    sted å bo. Digger å bo så landlig som jeg gjør sjøl også. Godt å
    kunne gjøre som man vil etter en lang dag der man har møtt andre
    mennesker og deres behov hele dagen. Stas å følge med deg videre.
    Klem fra Marit

    SvarSlett
  2. Takk for fin helsing! Det er deilig å bu landleg til ja, så mykje å putle med ute og så lett å få ro i kropp og sjel i lyden av fuglesong og saugebreking. Kjekt at du følger med på bloggen min! Skal oppdatere på både grisar og kyllingar framover! :-)

    SvarSlett
  3. Me har ein plass som din, men me bor der ikkje - ennå ;) Imponert over alt du få te, flotte bilder av fine firbeinte og alle hønene. Har lest alt. Blir spennande å se grisene. Me glede oss ;)

    SvarSlett
  4. Flytt heim! -Det er mine ord då:-) Så kjekt at du likar bloggen! Er jo ein av grunnane til at eg fortsett, folk som følger med på mine prosjekt og på kva som skjer i tunet :-) Ha ei fin veke til deg Elisabeth!

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!