onsdag, mai 28, 2014

Vekas nynorske!


Eg fekk ei fin overrasking denne veka, bloggen min er nemleg valt
ut til å vere vekas blogg i tevlinga om å bli "Verdas beste nynorske blogg"!
Det er Framtida.no, Noregs Mållag og Norsk Målungdom som står bak 
denne tevlinga og i dag står det ei lita tekst om bloggen min på den 
nynorske nettavisa framtida.no. Andre som er kåra til vekas blogg er
blant anna matbloggen "Frå hage til mage"  og "Hjartesmil" 
som deler mange flotte bilete og gode ord. 

HER kan du sjå artikkelen som har fått namn "Huset med det gule i", ein herleg
og ganske representativ tittel spør du meg. Og bilete over er tileigna den! Moro! 

3 kommentarer:

  1. Stas Ingvild. Og det er absolutt fortjent. Du har en hyggelig blogg som er koselig å lese.
    Uavhengig av skriftspråk. Synes det er fint at du skriver på nynorsk jeg, det er vel sikkert det som ¨
    ligger nærmest dialekta di. Det gir fin identitet til bloggen.
    Ønsker deg en god fridag i morgen. Sjøl har jeg ferie denne uka.
    Glad hilsen fra Marit

    SvarSlett
  2. Nynorsk er sjølvsagt for meg ja, det ligg nærast til dialekta mi. Men det er ikkje alle stordabuarar som vel å skrive nynorsk faktisk, me har ikkje så brei dialekt her. Eg synest nynorsk er nydeleg! :-) Og høyrer absolutt heime i denne bloggen ja!
    Og takk Elisabeth!
    God fridag til begge to, nyt sola!!

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!