mandag, juni 30, 2014

Søt som sirup


Eg er hekta, hekta på hylleblom - eller hydl som mi tante Aud kallar det.
Saft har eg laga i fleire omgongar og drikk det som deilig sommardrink.
Og så måtte eg jo berre prøve ut noko meir med denne blomen då. Sirup
laga av hylleblom og bringebær vart det jammen meg. Er jo ikkje dagleg
ein slurpar i seg sirup kanskje, men på pannekaker, vafler, is og i bakverk
er det jo optimalt med litt ekstra smaksrik sirup. Eg testa min på mor sine
beste pannekaker med jordbær og moreller. Utruleg godt og ein real luksusfrukost 
på søndag vart det. 

Sirup av hylleblomar og bringebær

60 blomeklasar av hylleblom
ca 250 - 300 g bringebær ferske/fryste
2 liter vatn
2 kg sukker (gjerne 1/4 mengde med brunt sukker)

Ha blomar og bringebær i ei stor bolle og hell over 2 liter kokt
vatn. Set gjerne eit lok på og la det trekke over natta i kjøleskapet. 
Sil av og ha sakfta og sukkeret oppi ei stor panne. Eg nytta ca 1/4 brunt
sukker og resten kvitt. Det brune gir litt meir karamellsmak og litt mørkare
farge enn berre kvitt sukker. Kok opp og la det småkoke i nokre timar.
Ta av skummet som dannar seg oppå væska. Etter ei stund vil væska koke
inn og kan på eit augeblikk koke over, så pass på. Det er ikkje lurt å vere i
hagen mens dette står på og få komfyren dekka av klissete sirup (oops). 
Du merkar når sirupen er tjukk og boblar veldig. Ta så panna av plata
og hell oppi reine glas/flasker. Grunna alt sukkeret så vil sirupen halde seg fint!




fredag, juni 27, 2014

Sommarkjensler - bondens vis


Dette er arbeid, men herleg arbeid! Å vere ute i varmt vær, gjerne lettkledd i herleg sol. 
Og lukta av nyslått gras og sprøtt høy er nokre av dei beste sommarluktene for meg. 
Kvar sommar skal graset tørkast og høyet skal inn. Og mette mange saugemagar 
gjennom den lange vinteren. 






Ein golvpussars memoarer

Oppussing av gamlekjøken er starta, og har no pågått i ti dagar
allereie! I gamle hus går jo ikkje alt på skinner og eg som nybyrjar
i oppussingens kunst treng både rådgjeving og til og med eksperthjelp.
Men det nærmar seg og kanskje før eg når Hardangervidda neste veke
 er det meste ferdig. Ein kan jo håpe? 

Denne snedne maskinen fekk eg leigd meg av eit firma på Stord. Men dei gløymde å
sende med meg støvsugarposar så utpå kvelden vart det full pose - og fulle huset med støv!
Golvet var mørkt og veldig gulna så absolutt klar for nedpussing. 

Fyrste overrasking etter kjøkenet var rive: tre ulike golv på rekke og rad.
Eg hadde håpt eg kunne behalde noko av det gamle men det var måttete og
dette svære holet kom eg meg ikkje unna. Og ikkje minst - olja golv nærast
som er ei mare å pusse reint!

Under den eldste delen var det jo berre småstein og ingen isolasjon. Eg måtte nok
plukke ut litt og legge isolasjon.

Isolasjon måtte leggast heile vegen og hjelp måtte til for å legge nytt golv i
oppoverbakke og å "sveise" desse to golva saman. 

Nydeleg golv. Nytt og gammalt i lag. Breitt golv ved vaskerhuset og det originale
smale golvet i resten av rommet. 

Eitt lag lut og nokre lag lakk på veg. Litt måtteting her og der, men elles smeltar
dei to golvborda saman ganske godt.
Puh. Då var det klart for panel snart! 

torsdag, juni 26, 2014

Rabarbra- og jordbærmarmelade & syltetips


Jordbæra er kome på torget på Leirvik og dei er knakande søte og gode.
 I mellom oppussingsøktene har eg sjølvsagt handla inn nokre korger
og laga jordbærsyltetøy med mynte/brunt sukker til året som kjem 
- etter at denne fine sommaren er over. Samtidig laga eg rabarbrasaft
av rabarbra som eg har fått frå ho tante, og då var jo vegen kort til å smelle
dei to i lag til ein herleg marmelade! Oppskrifta er slik, og det er berre 
å doble den opp:

Rabarbra- og jordbærmarmelade

500 g rabarbra
 250 g jordbær
3-4 dl sukker
2 ss vatn
Jam blå syltepulver

Skrell rabarbraen og kutt den opp i små bitar. Kok opp i lag med vatnet
og la det koke på svak varme under omrøring til rabarbaen er fin og mør. 
Kutt jordbæra i små bitar og ha i panna. La det koke i lag og bruk ein 
stampar til å knuse bær og rabarba til mos. Ta panna av plata og ha
i i underkant av ein halv pose Jam (for betre holdbarheit og litt fastare 
marmelade). Bland godt. Ha så oppi sukker til det løyser seg opp
og hell marmeladen i reine sterile glas. 

Set du på ein fin merkelapp så har du utruleg kjekke presangar å gi både 
sommarsdagen og elles utover året! 

For best muleg resultat på syltetøy/marmelade:

* Ha reine glas i kokvarmt vatn heilt til du fyller dei med syltetøy.
* Brukte syltetøyglas/andre glas er supre for gjenbruk til syltetøy
då du får dei heilt lufttette. Glas med lok/strikk er litt vanskelegare
å få til heilt lufttett - og heilt lufttett må til for at syltetøyet ikkje muglar.
* Set loket på og snu glasa opp ned og slik skal dei stå heile tida på lagring.
* Skal du lagre syltetøyet i romtemperatur/kjølig så er det viktig at du 
fyller opp glasa heilt til toppen før du tek loket på.
* Kokt eller rørt syltetøy som du frys ned får ein friskare smak over tid
men då er det viktig at du ikkje fyller heilt fulle glas/boksar før du frys. 
og la det 

søndag, juni 22, 2014

Sommarkjensler III






Blomesaft


Sommar for meg er safting og sylting, ei glede eg har arva frå mor og bestemor.
Bær og frukt av alle slag, men også blomar kan nyttast.
Eg har smaka hylleblomsaft før og ikkje likt det noko særleg, men eit 
struttande tre i hagen lokka meg til å prøve det ut sjølv. Oppskrifta fann
eg på den svenske bloggen Från søtt til salt og safta lagar seg jo 
nesten sjølv. Og eg vart overraska, den vart skikkeleg god! Både
syrlig, frisk og søt på ei gong. Ein herleg tørsteslukkar og sommardrink!

Hylleblomsaft/Flädersaft
ca 2,5 liter saft

30 klaser med blomar
3 store sitronar
1,5 liter vatn
1,5 kg sukker
50 g sitronsyre

Kok opp vatn med sukker og sitronsyre til det er løyst opp. Bruk økologiske
sitronar om du får tak i, eventuelt vask dei godt i varmt vatn før du skjær dei opp
i tynne skiver. Ha blomeklasar og sitronskiver i ei panne/stor bolle og hell over
sukkervatnet. La så stå i kjøleskapet i tre døger, før du siler av og hell oppi
sterile glas. Ha safta ståande i kjøleskapet, eller om du vil nyte deilig sommarsaft
om vinteren så sett nokre glas i frysen! 




onsdag, juni 18, 2014

Sommarkjensler II





Villjordbæra er modne, i massevis! Spander ein liten kveldstur med koppen
i handa og leit dei fram. Eg fann så mykje at eg kunne lage meg ei deilig
skål med villjordbær og vispa krem med litt brunt sukker i. Mmmm


Sommarkjensler I








torsdag, juni 12, 2014

Feriestart


I dag har eg gått ut i ferie. Og kroppen har muleg skjønt det for den
kjennes ut som om den bryggar på ei god sommarforkjøling. 
Men i år som i fjor har eg mange planar. Ein del å gjere inne 
og littegranne ute. Fyrst og fremst skal eg gå laus på gamlekjøkenet.
Det skal få bli eit heimekontor og eventuelt gjesterom ved behov.
I kveld har eg fått meg litt rådgjeving og eg kjenner "snekkersjølvtilliten"
har fått seg ein boost. Så dette skal eg klare! Det største problemet
ligg i å få koble av vatnet, som forsvinn i eit røyr ned i ein real steinmur. 
Men ingen krise, kven har vel ikkje lyst på ein liten nett vask på kontoret sitt? 


Slik ser gamlekjøkenet ut idag. Eg vurderer å legge ut underdelen med 
stålvasken ut på finn.no, utekjøken er jo så populært no om dagen, så 
kanskje nokon er interessert? Her skal det i alle fall rivast og panelast
og golvet skal slipast. Og ikkje minst sparkling og maling og alt som høyrer
til. Og no har eg skrive om det så no er det ingen veg attende! Good luck!

tirsdag, juni 10, 2014

Tjuveri på høglys dag




Ein kvar hobbybonde har sine små og store utfordringar. Hønsehauken
som eg fortalte om tidlegare har roa seg, det er ei stund sidan eg såg han
her på tunet no. Men det nye no er tjuvar. Nokre som til dømes stel jordbæra 
mine som held på å raudne og det kan eg no fintoverleve. 
Men eg mistenker dei same å stele egga mine om dagen! 
 Det har blitt lite egg på meg den siste veka og eg har funne
tomme egg med hakka hol i både her og der. Ei stund så mistenkte eg 
nabohunden. Heilt til eg såg ei stor skjor som føyk avgårde med eit egg.
Dette fortalte eg til ei herleg fjellgardsjente i går og fekk eit gammalt
råd attende om å henge opp ei blåse for å halde vekk skjora! 
Og jammen fann eg ikkje ei på gamlelåven, så no herskar eit maritimt preg
på hønsehuset og eg er spent på om egga får vere i fred framover! 

Og det openberra seg...


Slik var ståa! Hagen var ei beitemark. Etter at huset sto tomt og det vart
gravd opp til å legge inn vatn/kloakk så har hagen vorte villare enn vilt.
Då eg flytta her så gjekk eg laus med ljå. Hardt arbeid som gjekk seint
og det vaks like fort opp att. Eg er så glad for at eg investerte i ein 
god plenklyppar i fjor. Som eg kan justere til høge hjul. Så endeleg og for fyrste 
gong har denne delen av hagen blitt  klypt ned (får ikkje til heile hagen diverre) og det vart
totalt forandra! Og dei få hageskattane frå bestemor kjem seg ut av
kaoset og ut i hagerommet slik dei fortener! 









Snekkeriet

Det var deilig å finne fram hammar og spiker att. Og gå laus på
diverse plank som ligg samla rundt om. Det er nesten som med
symaskinen, når ein fyrst tek den fram og startar opp så vert ein 
gjerne sittande og skal sy all slags. 

Eg starta opp med ein sengebotn som eg fann på lemen her då 
eg flytta inn. Den hadde vel funne vegen rett til bålet tenker eg, 
men det var noko med den. Det er spent over gode fjøringar slik at 
det faktisk er skikkeleg deilig å ligge på. Og det gjor eg i fjor sommar,
berre oppå eit teppe i sola. 

I fyrste omgong fekk den seg litt understell med hjul. No gjenstår
det å ordne med ei madrass og så har eg herleg solseng, eventuelt
ein utesofa på hjul!



I fjor då bordkledningen vart skifta så dukka det opp tre malte
plankar i den eldste delen av huset. Dei vart teke vare på grunna
sin nydelege sjøgrønne farge med litt spenn i. Eg tok rett og slett
og laga ein utebenk av dei med ei real eikeplank som bein og med
enkle hylleknektar frå Biltema som berande konstruksjon til rygglene.
Benken vart sjarmerande og litt grov, og eit herleg møbel utanfor
hønsehuset.






Og til slutt på snekkerdagen min laga eg ein rabarbrakasse! Rabarbraen min
har i år som i fjor blitt så som så, eg trur den står for mørkt og brunsneglane 
gossar seg med blada. Så dei har ikkje blitt så kraftige som eg hadde håpa, til 
tross for at dei har bada i saugemøk. Men til neste år.... Då! Opp i høgda og 
opp i lyset i ein stor (1x1meter) kasse med duk i botn. Kassen vart snekra
av sjarmerande gamle fjøler i ulike nyansar så den vart eit lite kunstverk i seg
sjølv syns no eg! Nøgd snekker altså! 



Og til dei som trur dei ikkje kan snekre, eg trur alle kan det! Berre begynn litt smått
og ikkje forvent at du skal snekre på nivå med ein snekker. Ein kan lage mykje kjekt
og nyttig og sjarmerande og fint for det! 

søndag, juni 08, 2014

Sommar på glas

Marianne frå Toten sette i gong med å lage ein stor porsjon med rabarbrasnaps 
hin dagen. Eg har jo før laga likør/snaps av både bær, kaffi og krydder, og måtte
jo berre prøve av rabarbra også! Det er så herleg å kunne helle sommarens
smakar på glas og ta eit liten munnfull sommarkjensle i badekaret ein haustkald kveld. 

Denne oppskrifta er inspirert av Marianne si oppskrift og mi vanlege likøroppskrift.
Eg må sei eg er også litt usikker på kva som egentleg gjer at ein drikk kan kallast
likør eller snaps, så eg kallar dette for sikkerhetsskuld likør. 

SOMMAR PÅ GLAS
300 g rabarbra
3 dl sukker
3 dl vatn
5 dl vodka 60%
1 god kanelstong


Start med å koke opp vatn og sukker i ein kjele til sukkeret har
smelta. Avkjøl så sukkerlaken.


Skyll rabarbraen og kutt den opp i bitar. Ha både rabarbra og kanelstong
i eit stort glas med lok. Hell over både sukkerlake og vodka.
La glaset stå mørkt og kaldt og la det trekke i opptil seks månader. 
Sil av og hell over på fine flasker! 

Steike fint glas som dukka opp på ein bruktbutikk hin dagen. No vart det enda meir sommarleg
og herleg pynt inne på kammerset!