torsdag, juni 12, 2014

Feriestart


I dag har eg gått ut i ferie. Og kroppen har muleg skjønt det for den
kjennes ut som om den bryggar på ei god sommarforkjøling. 
Men i år som i fjor har eg mange planar. Ein del å gjere inne 
og littegranne ute. Fyrst og fremst skal eg gå laus på gamlekjøkenet.
Det skal få bli eit heimekontor og eventuelt gjesterom ved behov.
I kveld har eg fått meg litt rådgjeving og eg kjenner "snekkersjølvtilliten"
har fått seg ein boost. Så dette skal eg klare! Det største problemet
ligg i å få koble av vatnet, som forsvinn i eit røyr ned i ein real steinmur. 
Men ingen krise, kven har vel ikkje lyst på ein liten nett vask på kontoret sitt? 


Slik ser gamlekjøkenet ut idag. Eg vurderer å legge ut underdelen med 
stålvasken ut på finn.no, utekjøken er jo så populært no om dagen, så 
kanskje nokon er interessert? Her skal det i alle fall rivast og panelast
og golvet skal slipast. Og ikkje minst sparkling og maling og alt som høyrer
til. Og no har eg skrive om det så no er det ingen veg attende! Good luck!

4 kommentarer:

  1. Sender en hilsen med ønske om god arbeidslyst og masse snekkerglede til deg.
    Tenker dette blir kjempefint jeg. Det er gøy å klare ting sjøl!!!
    Kveldshilsen fra Marit

    SvarSlett
  2. Hjartans takk!! Kroppen vil visst ligge flatt nokre dagar først, men gler meg til å gå i gong!

    SvarSlett
  3. "Neimenhei" ;-)
    Sånn ein koselig blogg du har!
    Håper du blir frisk fort for ser du har mye å styre med.
    Hils pus,
    Når eg gikk i 4 klasse var eg på skoletur til Ritellet, og rei på hest som hette Sjokko.
    Det må vel være i nerheten av deg det ?
    Husker "han"hadde 2 sjæferhunder som hoppa ombord og i land fra ei skute.

    Klem fra mimremira.

    SvarSlett
  4. Hei!

    Takk for det! Snart frisk og rask att no og det kriblar i fingrane ja!
    Ritellet var eg ein gong på sjølv, er ein slektning som dreiv det faktisk!
    Morsomt minne! Takkar for besøket! :-)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!