søndag, juni 01, 2014

NIB - juniutfordring - Frodig og grønt!



Eg prøver meg på ny i NIB si juniutfordring - uterom. 
Og mitt bidrag er denne gongen grønt og frodig og friskt og deilig!
Og det treng jo ein slik utfordring så absolutt!

Eg har fleire uteområder her på tunet, men dette er favoritten for tida. 
Her i inngongen til vaskerhuset kan eg sette meg ned på ei godpute 
med varm kveldssol imot meg og sauge traskande oppi bakken. 
Og her er det ettermiddag- og kveldsdyrking av både mynte, jordbær,
erter, grønkål og vanleg kål i kasse og krukker. Og ikkje minst herleg lavendel 
som eg elskar lukta av! 

Og her er ekte vintage! Pute frå fretex, ekte fillerye frå strame tider, krakk frå løa,
trekasse frå utefloren på stølen, mjølkespann frå garden, slipestein nett funne under
grøftegraving og trestubbe - jau - frå skogen. 
Kopp Egersund Napoli og tallerk Egersund Korulen Solsikke. 

Og ikkje minst - eit ekte vintage hus! Skikkeleg gammalt og skikkeleg nydeleg! 

3 kommentarer:

  1. Åhhhh, så idyllisk og flott!
    Der så det deilig ut å sitte!

    Lykke til i utfordringen!

    Klem fra
    Lena // Mrs. Monday

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!