onsdag, juni 04, 2014

Opphengt



No håpar eg onkel Torleif vert nøgd. I fjor fekk eg så flotte tomatplanter
av han, men eg gløymde å plukke av nye skot etterkvart. Så det tok litt 
av inni drivskapet. Tomater vart det, men det kunne nok vore enda fleire!
I år har eg spirt fram mine eigne tomater frå frø frå verdas beste cherrytomater
frå torget. Lenge såg det ut til at dei ikkje tok seg skikkeleg når eg planta dei
ut i bøtter i drivskapet. Men plutseleg har dei skote fart og eg plukkar vekk nye 
skot nesten kvar kveld. I dag har eg hengt dei opp. Dette skal bli ein tomatsommar! 


Tre auberginespirer planta eg også ut. Alle tre har kome seg skikkeleg og har
blitt store og fine. No er eg spent på kva som skjer vidare. I fjor kjøpte eg
nemleg ei aubergineplante med små auberginar på allereie. Ekstra spanande
når ein har sådd frøa sjølv!





Sukkerertene treng også oppheng og har fått seg eit lite snekra stativ. Det er 
fascinerande å sjå korleis dei tynne strengane surrar seg godt fast til hamptråden. 
Klorar seg fast i livet. 
Naturen er finurleg. 



Dette kan sjå litt ekkelt ut. Det starta med ein eplekasse som eg har jord i og har strødd
ein pakke basilikumfrø oppi. Denne kassen står derimot under vindauget på hønsehuset
med den konsekvens at dei skit stadig vekk rett ut vindauget. Men skiten er jo knakande
god gjødsel som enten gir bøtter av energi til spirene, eller etterkvart tek livet av dei.
Eg er klar for å utforske i alle fall!

Det spirer og gror! 

2 kommentarer:

  1. Så flott med mange tomatplanter....husk å knipe "tyvene" så får du stor avling på plantene dine....Ha en fin pinse.....

    SvarSlett
  2. Prøver på det :-) Men les at det ikkje er så lurt å ha så mange planter så tett. Slik er det å måtte vente på sitt eige skikkeleg drivhus og å vere veldig glad i tomater på ein gong!
    God pinse til deg også!

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!