søndag, juni 01, 2014

Rabarbratid


No er det rabarbatid! Om du ikkje har noko i hagen så finn du gjerne på torget
eller på matbutikken for tida. Mine rabarbra er framleis litt spinkle og små, men 
allikevel full av god smak. I fjor vart det saft på meg, i år får eg sjå kva eg får til.
Men fyrst og fremst så bør det lagast bakverk med rabarbra i! Deilig og litt sunn
søndagsdessert/nonsmat/kveldsmat og jøye meg - der var det tomt!

Rabarbrapai med jordbær og havsalt


Til ein stor pai treng du: 

150 g smør
3 dl kveitemjøl/speltmjøl
2 dl sukker (gjerne brunt)
1 dl små havregryn
flaksalt

3-4 gode stilkar med rabarbra
ca 250 g jordbær 
ca 1 ss potetmjøl
2 ss sukker

Dra gjerne av skalet på rabarbraen og kutt den opp i bitar. Del jordbær opp
i bitar. Ha begge deler oppi paiforma og dryss over potetmjøl og sukker.


Smelt smør og ha oppi mjøl, sukker og havregryn. Strø over litt flaksalt.
Bland godt. Ha over paiforma. 

Steik paien på 225 grader i om lag 20 minutt til den er gyllen på toppen. 
Server med vaniljesaus, vispa krem eller vaniljeis - eller naturell som litt 
småsunn kosemat.




2 kommentarer:

  1. Me snakka nett om rabarbrapai eg og svigermor. Kanskje me skal vurdere å slenge i litt jordbær og. Det såg magisk godt ut!

    SvarSlett
  2. Gjer det! Jordbær gir litt sødme og du treng ikkje like mykje sukker (eg minka litt på det i dagens pai). Og så blir det enda meir fargerikt! Det beste hadde vore norske jordbær i paien men det var visst litt i tidlegaste laget!

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!