tirsdag, juni 10, 2014

Snekkeriet

Det var deilig å finne fram hammar og spiker att. Og gå laus på
diverse plank som ligg samla rundt om. Det er nesten som med
symaskinen, når ein fyrst tek den fram og startar opp så vert ein 
gjerne sittande og skal sy all slags. 

Eg starta opp med ein sengebotn som eg fann på lemen her då 
eg flytta inn. Den hadde vel funne vegen rett til bålet tenker eg, 
men det var noko med den. Det er spent over gode fjøringar slik at 
det faktisk er skikkeleg deilig å ligge på. Og det gjor eg i fjor sommar,
berre oppå eit teppe i sola. 

I fyrste omgong fekk den seg litt understell med hjul. No gjenstår
det å ordne med ei madrass og så har eg herleg solseng, eventuelt
ein utesofa på hjul!



I fjor då bordkledningen vart skifta så dukka det opp tre malte
plankar i den eldste delen av huset. Dei vart teke vare på grunna
sin nydelege sjøgrønne farge med litt spenn i. Eg tok rett og slett
og laga ein utebenk av dei med ei real eikeplank som bein og med
enkle hylleknektar frå Biltema som berande konstruksjon til rygglene.
Benken vart sjarmerande og litt grov, og eit herleg møbel utanfor
hønsehuset.






Og til slutt på snekkerdagen min laga eg ein rabarbrakasse! Rabarbraen min
har i år som i fjor blitt så som så, eg trur den står for mørkt og brunsneglane 
gossar seg med blada. Så dei har ikkje blitt så kraftige som eg hadde håpa, til 
tross for at dei har bada i saugemøk. Men til neste år.... Då! Opp i høgda og 
opp i lyset i ein stor (1x1meter) kasse med duk i botn. Kassen vart snekra
av sjarmerande gamle fjøler i ulike nyansar så den vart eit lite kunstverk i seg
sjølv syns no eg! Nøgd snekker altså! 



Og til dei som trur dei ikkje kan snekre, eg trur alle kan det! Berre begynn litt smått
og ikkje forvent at du skal snekre på nivå med ein snekker. Ein kan lage mykje kjekt
og nyttig og sjarmerande og fint for det! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!