søndag, juni 08, 2014

Sommar på glas

Marianne frå Toten sette i gong med å lage ein stor porsjon med rabarbrasnaps 
hin dagen. Eg har jo før laga likør/snaps av både bær, kaffi og krydder, og måtte
jo berre prøve av rabarbra også! Det er så herleg å kunne helle sommarens
smakar på glas og ta eit liten munnfull sommarkjensle i badekaret ein haustkald kveld. 

Denne oppskrifta er inspirert av Marianne si oppskrift og mi vanlege likøroppskrift.
Eg må sei eg er også litt usikker på kva som egentleg gjer at ein drikk kan kallast
likør eller snaps, så eg kallar dette for sikkerhetsskuld likør. 

SOMMAR PÅ GLAS
300 g rabarbra
3 dl sukker
3 dl vatn
5 dl vodka 60%
1 god kanelstong


Start med å koke opp vatn og sukker i ein kjele til sukkeret har
smelta. Avkjøl så sukkerlaken.


Skyll rabarbraen og kutt den opp i bitar. Ha både rabarbra og kanelstong
i eit stort glas med lok. Hell over både sukkerlake og vodka.
La glaset stå mørkt og kaldt og la det trekke i opptil seks månader. 
Sil av og hell over på fine flasker! 

Steike fint glas som dukka opp på ein bruktbutikk hin dagen. No vart det enda meir sommarleg
og herleg pynt inne på kammerset! 


4 kommentarer:

  1. Oi, likør eller snaps har aldri falt eingong falt meg inn. Men eg lurte nett på det, om kanskje eg skulle prøve noko galskap med hylleblomane i år... Rabarba får eg skaffe meg til neste år, i år har eg ikkje plass til den i hage.

    SvarSlett
  2. Eg har ikkje laga noko av hylleblom før, men i år ser det ut til at det vert nokre blomar på det vesle treet i hagen, så kanskje det vert saft/sirup! Alt må jo prøvast :-) Men hylleblomlikør er jo knallflott presang å gi vekk!

    SvarSlett
  3. Artig:) Da er årets julegave i boks- hvis jeg får et lite glass med rabarbralikør så skal du få rabarbrasnaps fra meg:)

    SvarSlett
  4. Jepp, byttehandel! Min vert nok ein litt svakare likør og din vert sterk og god snaps! Så kan me samanlikne!

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!