mandag, juni 30, 2014

Søt som sirup


Eg er hekta, hekta på hylleblom - eller hydl som mi tante Aud kallar det.
Saft har eg laga i fleire omgongar og drikk det som deilig sommardrink.
Og så måtte eg jo berre prøve ut noko meir med denne blomen då. Sirup
laga av hylleblom og bringebær vart det jammen meg. Er jo ikkje dagleg
ein slurpar i seg sirup kanskje, men på pannekaker, vafler, is og i bakverk
er det jo optimalt med litt ekstra smaksrik sirup. Eg testa min på mor sine
beste pannekaker med jordbær og moreller. Utruleg godt og ein real luksusfrukost 
på søndag vart det. 

Sirup av hylleblomar og bringebær

60 blomeklasar av hylleblom
ca 250 - 300 g bringebær ferske/fryste
2 liter vatn
2 kg sukker (gjerne 1/4 mengde med brunt sukker)

Ha blomar og bringebær i ei stor bolle og hell over 2 liter kokt
vatn. Set gjerne eit lok på og la det trekke over natta i kjøleskapet. 
Sil av og ha sakfta og sukkeret oppi ei stor panne. Eg nytta ca 1/4 brunt
sukker og resten kvitt. Det brune gir litt meir karamellsmak og litt mørkare
farge enn berre kvitt sukker. Kok opp og la det småkoke i nokre timar.
Ta av skummet som dannar seg oppå væska. Etter ei stund vil væska koke
inn og kan på eit augeblikk koke over, så pass på. Det er ikkje lurt å vere i
hagen mens dette står på og få komfyren dekka av klissete sirup (oops). 
Du merkar når sirupen er tjukk og boblar veldig. Ta så panna av plata
og hell oppi reine glas/flasker. Grunna alt sukkeret så vil sirupen halde seg fint!




2 kommentarer:

  1. Nam nam, Dette så absolutt godt ut. Har bestemt meg flere ganger for å lage Hylleblomstsaft, men selv ikke i år klarte jeg å få somlet meg til det. Får satse igjen til neste år. Du veit "i morgon, i morgon, men ikkje i dag..." Har visst blitt litt sånn med Hylleblomstprosjektet mitt, desverre. Morro å se at andre er litt mer påkoblet enn meg sjøl. Hi hi.
    Sommerhilsen fra Marit

    SvarSlett
  2. Sirupen var nydelig! Berre synd den er så usunn :-) Kjenner til det der "i morgon, i morgon..". Eg tenkte eg skulle byrje å fiske eg, men det har visst ikkje skjedd enda. Så til neste år har eg byrja å fiske og så lagar du bøttevis med hylleblomsaft skal du sjå! :-)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!