torsdag, juli 31, 2014

Hekling med hamp



Og der var eg havna utpå med hekling att. Eit nytt rom med eit nakent golv som kviskrar etter
lune tepper til kaldare dagar. Eg har hekla nokre tepper i ull frå før av. Denne gongen
byrja eg rett og slett med eit nøste med hamptau og vekslar med ein fin blåfarge i ull.
Hamp kan vere litt vond å hekle med, men med stor heklenål og litt laus hekling går det 
egentlig ganske greit. Med hamp i teppet så vert teppet både litt grovare i teksturen samt
at det ligg betre på golvet - har eg ein teori om. 
Hamptau/hamptråd har eg alltid liggande, men sist no så fann eg eit stort nøste til 
femtilappen på Biltema. Ein finn det også på andre byggvarebutikkar. 

onsdag, juli 30, 2014

Sommarens beste salat


Ein herleg sommarkveld med grilling ved sjøen så dukka ein
kamerat opp med denne salaten som grilltilbehør. Eg vart forelska. 
I salaten vel å merke, og eg har laga den fleire gongar etterpå. Den
inneheld få ingrediensar; squash, tomat og mozarella. Og litt ekstra smakar då.
Eg kjenner eg vert svulten berre eg ser bileta no, så denne anbefales!
Den er super til å berre ete som den er, som tilbehør til grillmat/kjøt eller
som hovudrett attåt pasta eller anna. 

Squash-, tomat- og mozzarellasalat

1 squash
2-3 gode tomater
1-2 pakkar mozzarella
1 ss smør
litt olje
god olivenolje
saft av ei halv sitron
godt salt/kverna pepper

Skjær squashen i tynne skiver og steik dei i ein blanding av smør og olje til
dei vert gylne. Ha på salt/pepar på skivene. Skjær opp tomater og mozzarella 
i tynne skiver. Mens squashskivene er varme, legg dei lagvis i lag med tomat og
mozzarella i ei form. Ha over sitronsaft og god olivenolje samt dryss på godt
salt og kverna pepper. Varmen i squashen gjer at mozzarellaen vert mjuk og
tek til seg smakar, men om du vil  så kan du også varme retten litt i ovnen. 


Eg testa i dag ut salaten på ei seng av polenta, eksotisk som berre det.
Har aldri laga polenta ("maisgraut" med parmesan) før og det falt i smak!
Det er knallgodt med gode vegetarrettar med jevne mellomrom!


tirsdag, juli 29, 2014

Gamalt kjøkenskap i ny figur


Gamlekjøkenet/nyekontoret som eg har jobba med i sommar nærmar seg ferdig. No har eg 
malt i nesten to veker og har framleis att å male taket. Sørpelei innimellom må 
eg ærleg innrømme, men fekk meg litt malerglede då eg fekk sjå ferdig resultat på
det gamle kjøkenskapet i dag! Eg har rive kjøkendelen, men dette plassbygde og gamle
treskapet har fått stå. Med kjekke og djupe skuffer og hyller. Den lyse lillafargen
som det hadde før går att andre stader i huset og det er ein farge eg har vore trøtt av
lenge. Men fargen skal få vere på ein gammal krakk som eg har på kjøkenet. 
Eg malte kjøkenskapet i samme farge som eg malte det gamle lintøyskapet som 
står på nyekjøkenet. Fargen har eg lysna ein del opp og har brukt den lyse nyansen på 
forskjellige andre ting, som i innlegget under. 


Skuffehandtaka er av gamlesorten, men er ganske like på dei ein får 
kjøpt i dag. Derimot er desse handtaka laga for hand av ein Fjellgardsmann
for mange år sidan. Og det er litt spesielt. Handtaka hadde nokre lag med lakk
og skitt på seg men vart som nye etter ein vask. 


Til handtak på skapdørene har eg nytta porselensknottar frå garden
som eg også tidlegare har nytta til knaggar her. Eg syns dei er så 
nydelege, til tross for ein flekk her og der. 


Slik såg gamleskapet ut før oppussinga. Femtitalshandtak på skapdørene, men eg 
såg spor av at det hadde vore andre handtak før dei kvite handtaka. Skuffer og
skapdører er i heiltre og ser ein inn i skapa så ser ein rett på tømmerveggane. 

mandag, juli 28, 2014

Bli ny



Dette er ikkje noko nytt, det har no vore i desse interiørblada i lengre
tid no. Å male eller dyppe i maling kjøkenreiskapar i tre. Eg har
drive og blanda meg fram til rett nyanse til mitt nye vindauge og hadde litt 
ekstra maling som eg gjerne ville bruke til noko. Så då gjekk eg laus på mine
trofaste og godt brukte trereiskapar, og dei vart veldig koselige! Og 
fargen vart veldig roleg og behageleg, akkurat som på vindauget mitt! 

søndag, juli 27, 2014

Sommardagar


Steike for ein flott sommar. Treng ikkje seie noko meir om det
egentlig, sommaren har blitt skildra dagleg av einkvar. Eg har nytta 
tida til maling på formiddagen og har kjølt meg ned ved sjøen etterpå. 
Men eg må innrømme at det skal bli deilig med litt lågare temperaturar
og litt regn på bakken framover! 


Tomatplantene struttar med små grøne tomater. Desse plantene vart
til overs og vart berre sett i steinbedet framfor huset. Ikkje har eg vatna
dei så ofte heller. Men jammen har dei kost seg og snart kan eg
ete tomater til kvart eit måltid!


 Hønsa har det også varmt. Til tross for at eg har lagt eit provisorisk gjerde
rundt det nye gjenbruksbedet mitt så kjem dei seg igjennom for å
grave i jorda og kjøle seg ned. Og hanen Knut tek sin plass, stor
som han er. Han har også fått selskap av to nye høner no, av rasen Siw,
som er passeleg store og serverer meg knallbrune egg!


 Det står mykje i aviser/blad om å ta vare på sommarfuglar og bier
om dagen. Eg er så heldig å ha lukkast med ein stor lavendel
som breier seg utover bedet i hagen i år. Her ser eg dagleg kvite
sommarfuglar i massevis samt humler som nyt av blomane.


Frodig og deilig. 


Benken har blitt ein ettertrakta plass for skygge eller litt lun kveldssol. 


Salat for ein. Herleg å kunne plukke inn sin eigen mat. Sukkerertene
tok dessverre knekken etter å ha fått for lite vatn men resten av grønsakene
kosar seg i pallekarmane sine. 

søndag, juli 20, 2014

Luksussyltetøy


Frøfritt bringebærsyltetøy 
med hint av sitron og vanilje

Gir om lag 1 liter ferdig syltetøy

3 liter bringebær
1 sitron
1/2 vaniljestang
1 pose blå jam
ca 3-400 g sukker etter smak

Kok raskt opp bringebæra og mos dei med ein potetstampar eller
ein stavmiksar. Ha oppi sitronsaft. Press så bringebærmassen gjennom
ei sil til alle frøa ligg att. Kok så opp saman med frøa frå vaniljestanga 
og la det putre litt før du hell oppi Jam syltepulver. La det koke i to minutt
før du hell oppi sukker og ser til at alt er løyst opp. Ha oppi varme og sterile
glas og set dei opp ned til avkjøling og lagring. 

Eit herleg syltetøy som ikkje er for søtt men smakar deilig av bringebærsommar. 
Og eg oppmodar alle som kikkar innom dette innlegget å ta turen ut i sommarkvelden
med eit litermål og få oppleve både bærsamvittigheit og bærplukkingsmindfulness!

Ein sjøsundag


Før i tida var dagane fylte med arbeid. Sommarstid gjekk det i slåtten
som tok mange veker. Men søndagen var hellig. Og besteforeldrene mine
pakka gjerne korga med poteter og spekeskinke og sette seg ved sjøen, enten
på Kvednaneset eller i Munkesteinsstranda. Dette bilete er nok frå 1954 eller før, 
og sjå kor kjekt dei hadde det. Bestemor Magnhild Eskeland og bestefar Sigurd
Eskeland heilt til høgre i bilete. Det var nok ikkje den varmaste dagen då bilete vart 
teke, men under er to andre bilete frå "sjøsundag" i 1935, litt meir lettkledde då.
Bileta høyrer heime i eit gamalt album som eg fann i huset då eg flytta inn,
eit album som alltid skal følge dette huset.



Til tross for at året er no 2014 og alt har blitt enklare og lettvint så heng
framleis arbeidstrangen over meg og mor mi, for tida dei einaste som
bur på denne Eskelandsgarden no.  Men søndagen
prøver me begge å ta heilt fri og i dag på ein slik nydeleg dag pakka
me kjølebagen (notidas funksjonelle flettekorg) med potetsalat av nypoteter,
eggerøre, spekeskinke, spekepølse. Mor sine rundstykke og godt smør. Og solbærsaft.
Kva meir treng ein egentleg i livet?

Ein herleg sjøsundag vart det, på Kvednaneset, ei lita perle som eg
håpar me får bevare her på Stord. Det vert nok ingen bikinibilete
på denne bloggen, men herlig mat og herlige Kvednaneset er verdt å vise fram! 





Oppussingssommar


Ei til to veker tenkte eg rommet skulle ta. Jau, det vart litt lenger. Men det nærmar seg.
Og eg har no hatt både fjellferie og badeferie også då. 
Eg har erfart at å sette opp panel utan spikerpistol er hardt arbeid. Og at å slå 
inn spikrane med ein spikerdor etterpå er både gørrkjedeleg og gir vonde handledd.
Ikkje noko som helst romantisk å pusse opp altså. Og så kom det eg trudde var enkelt
og greit - å sette opp lister. Makan til nerveknusande arbeid har eg ikkje vore borti. Det tok
meg to dagar å sage til og sette opp dørlister samt sage til og høvle ned golvlister slik 
at dei faktisk låg neråt golvet som svingar i hytt og pine. Og ein del hyl og skrik, litt banning
og antydning til grining. 
Så det var faktisk utruleg deilig å endeleg byrje med malinga! 
Vindauget i veggen er eg stornøgd med, saginga har eg gjort sjølv, men har fått
 hjelp til å feste vindauget i veggen. Vindauget er nydeleg med gamle beslag
som eg har fått pussa ned litt, og eg har valt å male det i den fine blåfargen som eg
har på det gamle lintøyskapet på kjøkenet. Akk, dette vert bra! 



lørdag, juli 19, 2014

Bærplukking og mindfulness


I det siste har eg berre hatt oppussing surrande i hovudet. Langt der 
ute har dei modnande bæra ropt på meg, til og med mor mi har minna meg
på om det og bærsamvitet har gnagd litt meir dag for dag. Bærsamvitet - som 
dei fleste no til dags ikkje har - det samvitet som stikk i deg når du går eller
køyrer forbi struttande raude buskar med usprøyta og gratis bærbomber og
du tenker med ein gong om du burde lage syltetøy til vinteren eller berre fryse ned heile bær.
Så endeleg, ein laurdagskveld, gjekk eg til arbeidet. Med kveldssola i ryggen 
som var uuthaldeleg varm og stikkande torner klorande på armar og bein. Og
rastløysa som sitra i kroppen for bærplukking er jo tross alt ein ganske stilleståande aktivitet.
Men så etter ei god stund kom det. Bærplukkingsnuet. Der du kan stå og stå og 
fylle opp litermålet bær for bær. Det dei no til dags kallar for mindfulness, det å vere
i nuet. Ein herleg måte å finne roen på for min del, og så vert det noko å fylle frysen
og likøren med i tillegg. 



søndag, juli 13, 2014

Grisesommar

I dag har eg jammen hatt mine to grisar i to heile månader!
Dei har gått frå å vere hannar til damer og tilbake til hannar att.
Så dei går for namna Gissen og Gossen til tross for at mor gjerne
ville at dei skulle heite Bjarne og Reidar. 
Gissen og Gossen har det nok heilt fantastisk, dei får
springe rundt og grave jorda,  rulle seg i gjørma og dusje seg frå vasslangen.
 Dei får grisefor morgon og ettermiddag og gamalt brød midt på dagen.
 Og litt frukt og slikt innimellom. Dei byrjar å bli store og tunge og 
ikkje minst sterke. Så eg tør nok ikkje å sleppe ungar innanfor gjerdet, 
grisane meiner ikkje noko vondt men dei likar veldig godt å knuffe og 
småbite. Særleg Gissen elskar å klatre opp på meg og legge seg strak ut
på fanget mitt. Då roar han seg heilt ned og berre nyt å bli strøke
på ryggen. Gossen kjem då og legg seg attmed og vil ha kos han også.
Utruleg kosete og herlege dyr! 

Gissen vil ligge på fanget. Kjeledress og støvlar er obligatorisk her inne, går ein inn i vanlege klede vert ein grautskiten på eit blunk!

Elskar å bade og å springe rundt etterpå. 

Særleg Gossen elskar å klø seg langs med veggen etter dusjinga. 

Gissen 



lørdag, juli 12, 2014

Til minne om Frøken



Av og til er det litt ekstra hardt å vere bonde. Som når ein må ta
livet av dyr ein er ekstra glad i. Dei som leste BT-artikkelen i vår 
og elles dei som fylgjer bloggen veit at Frøken har vore ei særs god
og spesiell høne. No byrja ho å bli gammal og ganske pjuskete og
til slutt byrja ho no også å hakke hol på sine eigne egg. Så då
var det berre å finne fram øksa og gjere kort prosess. Det har blitt
nokre turar til hoggestabben sidan eg fekk meg høns, men dette er 
første gongen eg faktisk set opp eit lite kross til minne. Frøken
var ei herleg høne med stor personligheit. Som har hatt mang ein
kamp med hanane og som no på slutten trudde ho var ein sjølv.
Slik kan det gå i hønseverda! Og nye fine høner vil kome, får
håpe eg finn meg ei ny frøken etter kvart. 

tirsdag, juli 08, 2014

Draumar om vidda

Elva ved Viveli Fjellstove.
Hardangervidda

Tenk å bruke nokre velunte feriedagar på å svette og slite
og gå og gå og gå. Opp og ned og bort og inn i nye dalar. 
Berre tullete egentlig. Men samtidig ein heilt fantastisk feriemåte. 
Å gå i fjellheimen enten det er på Hardangervidda som her, i Oslomarka,
i Rondane eller kvar som helst, er ein eigen type avkopling. 
Jau, ein går og slit. Og ser på kart og ser på klokka. Lagar seg mål
og planlegger matpausar. Elles vandrar tankane i alt og ingenting og
ein hentar fram rare songar som er verdt å synge høgt, som 
gamle grand prixsongar som ingen andre syng på, og ein ler og ler
og kjenner at latterkrampa gjer at ein må stoppe opp ei lita stund.
 Og ein sansar naturen; ein kjenner på bjørketrea, ein plasserer føtene
trygt på glatte steinar, ein lyttar til fuglesynging som varslar vår ankomst og ein drar
inn lukta av deilig lyng. Ein ser og ser, på lange vidder innover, langt og
lengre enn langt både aust, vest, sør og nord.
Ein kjenner spruten frå stappfulle elver og priser den etterlengta sola 
når ho stikk innom i nokre periodar. Og ein set så stor pris på
så lite, for ein er utan mobildekning, utan internett og mail og tv, utan
ferske aviser og alt me tenker me treng. 
Deilig å finne roen og kjenne på nye levevanar.

To hestar; mor og son, ved Viveli. 
Fullt av lemmen på vidda! Hissige lemmen!

Stavali turisthytte. Med eigen vedfyrt badestamp til låns. Supert for såre musklar. 

Vading i ei av mange elvar. Iiiiskaldt, så kaldt at kvalmen breier seg i kroppen. Siste elv måtte
vadast (badast) opp til låra i truse og fjellsko i stri strøm. 

Mange snøfonnar, men elles varmt og fint. Sol innimellom ga nesten påskekjensle. 

Langavatnet, frå Stavali til Hadlaskard.

Perfekt lunsjvær og varmt i fjellveggen. 

Stidele ved Finnabu. 

Dinglande hengebruer...over strie elver. Ikkje kjekkaste parti å gå.  Men Marianne frå Toten
er råtøff!

Fire dagar på vandring, ein del timar trakka til saman, på veg ned til Hjølmo nord for
Eidfjord. Nydelege bjørketre, nokre med "tattoveringar" på. 


torsdag, juli 03, 2014

Salatsnikarar



Desse snikane av nokre åmer/larver dukka opp på ruccolaen min i fjor. Til slutt
reiv eg all ruccola opp. I år kom dei att gitt, og fekk med seg heile slekta si. Dei går på
ruccolaen, men i dag kneip eg dei i å krabbe bort på sukkerertene og rødbetene mine også.
Dårlig gjort! Og kor kjem dei egentleg frå? Eg plukka i alle fall inn 71 stykk i dag, pluss at 
nokre glapp gjennom fingrane mine. I all verden, brunsneglane i hagen er ingenting i forhold.
Fysj.