søndag, juli 20, 2014

Ein sjøsundag


Før i tida var dagane fylte med arbeid. Sommarstid gjekk det i slåtten
som tok mange veker. Men søndagen var hellig. Og besteforeldrene mine
pakka gjerne korga med poteter og spekeskinke og sette seg ved sjøen, enten
på Kvednaneset eller i Munkesteinsstranda. Dette bilete er nok frå 1954 eller før, 
og sjå kor kjekt dei hadde det. Bestemor Magnhild Eskeland og bestefar Sigurd
Eskeland heilt til høgre i bilete. Det var nok ikkje den varmaste dagen då bilete vart 
teke, men under er to andre bilete frå "sjøsundag" i 1935, litt meir lettkledde då.
Bileta høyrer heime i eit gamalt album som eg fann i huset då eg flytta inn,
eit album som alltid skal følge dette huset.



Til tross for at året er no 2014 og alt har blitt enklare og lettvint så heng
framleis arbeidstrangen over meg og mor mi, for tida dei einaste som
bur på denne Eskelandsgarden no.  Men søndagen
prøver me begge å ta heilt fri og i dag på ein slik nydeleg dag pakka
me kjølebagen (notidas funksjonelle flettekorg) med potetsalat av nypoteter,
eggerøre, spekeskinke, spekepølse. Mor sine rundstykke og godt smør. Og solbærsaft.
Kva meir treng ein egentleg i livet?

Ein herleg sjøsundag vart det, på Kvednaneset, ei lita perle som eg
håpar me får bevare her på Stord. Det vert nok ingen bikinibilete
på denne bloggen, men herlig mat og herlige Kvednaneset er verdt å vise fram! 





6 kommentarer:

  1. Så kjekt å sjå bilete av "tante Magnhild" og "onkel Sigurd" øvst. Dei var onkel og tante til far min, Anders Eskeland. Kanskje er det han som er fotografen av det bilete? Bestemor mi, Aasta Eskeland, og mor mi Grethe Eskeland er med ser eg. Kan vere bestefar min, Mikkjel Eskeland, og er med?
    Så kjekt at huset er tatt i bruk att! Helsing Toril Eskeland Rangnes

    SvarSlett
  2. Hei! Så utruleg morosam kommentar å få! Korleis har du kome over bloggen her? Og så kjekt å få med nokre namn på dei på bilete! Alltid kjekt å høyre frå slektningar der ute, og sikkert kjekt for deg å sjå bilete frå Eskelandshuset :-) Kvar bur du? Helsing frå gamlahuset :-)

    SvarSlett
  3. Firmenningen din og dattera mi, trur de er jamngamle, fann bloggen din via ein annan blogg, trur eg. Ho fortalde meg om den og eg vart nysgjerrig på om det kunne vere slekt og at det var huset forfedrene mine kjem frå bloggen handla om, og det var det 😊. Bur på Sotra. Familien eig eit hus i Kyvik der vi er inn i mellom. Grethe på biletet, er der no. Veldig kjekt å sjå "gamlehuset"!

    SvarSlett
  4. Retting: fann ut at det er du og eg som er tremenningar. Far min og far din, Odd Ståle, var syskenborn ☺

    SvarSlett
  5. Sjå der du! Ja, eg er den yngste av søskenborna i denne generasjonen, far min var også yngst. Så det kan sikkert stemme at det er me som er tremennningar då! Far min er dessverre daud, men mor mi veit kanskje noko om dette, skal høyre med ho. Så kjekt å "få nye" slektningar då! De må gjerne ta ein tur opp ein gong og sjå kvar du kjem i frå i tilfelle! :-)

    SvarSlett
  6. Skal ikkje sjå bort frå at eg tek turen oppom ein gong eg er på veg til eller frå Fjellstova :) Ser ut for at du har gjort mykje spanande og fint på garden! Var ungdom sist eg var på vitjing på Eskeland, og det er ein del år sidan. Eg hugsar nok betre tantene dine enn far din. Trur nok mor di hugser både mor mi og far min som døyde for to år sidan.

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!