tirsdag, juli 29, 2014

Gamalt kjøkenskap i ny figur


Gamlekjøkenet/nyekontoret som eg har jobba med i sommar nærmar seg ferdig. No har eg 
malt i nesten to veker og har framleis att å male taket. Sørpelei innimellom må 
eg ærleg innrømme, men fekk meg litt malerglede då eg fekk sjå ferdig resultat på
det gamle kjøkenskapet i dag! Eg har rive kjøkendelen, men dette plassbygde og gamle
treskapet har fått stå. Med kjekke og djupe skuffer og hyller. Den lyse lillafargen
som det hadde før går att andre stader i huset og det er ein farge eg har vore trøtt av
lenge. Men fargen skal få vere på ein gammal krakk som eg har på kjøkenet. 
Eg malte kjøkenskapet i samme farge som eg malte det gamle lintøyskapet som 
står på nyekjøkenet. Fargen har eg lysna ein del opp og har brukt den lyse nyansen på 
forskjellige andre ting, som i innlegget under. 


Skuffehandtaka er av gamlesorten, men er ganske like på dei ein får 
kjøpt i dag. Derimot er desse handtaka laga for hand av ein Fjellgardsmann
for mange år sidan. Og det er litt spesielt. Handtaka hadde nokre lag med lakk
og skitt på seg men vart som nye etter ein vask. 


Til handtak på skapdørene har eg nytta porselensknottar frå garden
som eg også tidlegare har nytta til knaggar her. Eg syns dei er så 
nydelege, til tross for ein flekk her og der. 


Slik såg gamleskapet ut før oppussinga. Femtitalshandtak på skapdørene, men eg 
såg spor av at det hadde vore andre handtak før dei kvite handtaka. Skuffer og
skapdører er i heiltre og ser ein inn i skapa så ser ein rett på tømmerveggane. 

3 kommentarer:

  1. Flink og utholdende, viktige egenskaper i et gammelt hus.
    Fin farge, er glad i den eg og

    Følger med videre

    Ha en fin sommer fortsatt, mannen min såg det første fugletrekket sørover i dag, det går mot haust

    SvarSlett
  2. Så kult det gamle kjøkkenskapet ble. Flott farge også.
    Er så godt å se farger rundt omkring.
    Resultatene av maleprosessen din blir kjempefint.
    Klem fra Marit

    SvarSlett
  3. Hei!

    Takk begge to! Det har faktisk vore litt vanskeleg å velge farge denne gongen, men trur eg har landa på denne fargen, i og med at den går igjen i skapet på nyekjøkenet også. Jo meir ein malar og pussar opp jo meir følsom og ublesuttsom vert ein i forhold til fargar, tekstur osv.

    Jau, ein kan nesten kjenne haustlufta no. Og bjørnebæra er modne. Men jammen har me hatt ein varm sommar og då er det lettare å gå den litt friske men mørkare tida i møte. God seinsommardagar til både Marit og Elisabeth!

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!