torsdag, juli 31, 2014

Hekling med hamp



Og der var eg havna utpå med hekling att. Eit nytt rom med eit nakent golv som kviskrar etter
lune tepper til kaldare dagar. Eg har hekla nokre tepper i ull frå før av. Denne gongen
byrja eg rett og slett med eit nøste med hamptau og vekslar med ein fin blåfarge i ull.
Hamp kan vere litt vond å hekle med, men med stor heklenål og litt laus hekling går det 
egentlig ganske greit. Med hamp i teppet så vert teppet både litt grovare i teksturen samt
at det ligg betre på golvet - har eg ein teori om. 
Hamptau/hamptråd har eg alltid liggande, men sist no så fann eg eit stort nøste til 
femtilappen på Biltema. Ein finn det også på andre byggvarebutikkar. 

2 kommentarer:

  1. Biltema er en kjekk butikk. Har mye rart der til hus og heim også.
    Digger sånne alt muligrart butikker.
    Morsomt med sjøllaga teppe også da. Jammen er du flink til å lage
    det koselig rundt deg.
    Klem fra Marit

    SvarSlett
  2. Heilt enig, Biltema er overraskande kjekk! Og sjøllaga teppe er ikkje vanskeleg, enkel hekleteknikk, ein god del garn og nokre kveldar. Og så koseleg å lage enn å kjøpe då:-)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!