torsdag, juli 03, 2014

Magisk

Måtte berre ta med eit før-bilete - der kjøkeninnredninga sto. 

Oppussingens magi, eller panelets magi. Rommet har gått frå tjukke papplater
og nokre svarte treveggar og skeivt her og der til lyst panel som har dekka alle
veggar - unntatt rundt ovnen og pipa. For ei forandring! Og eg er sliten. Tok visst
lenger tid enn eg hadde tenkt dette her og kosta litt meir også, men gjer ikkje alltid 
oppussing det? Og eg har blitt ven med både stikksag, kapp og gjærsag, høvel og vinkeljern.
No vert det ein fjellferiepause og det trengs! 

Hønene må jo sjølvsagt lure seg inn og sjekke om det er noko etande blant høvelspon og samo. 

Reint treverk er nydeleg og gjer eit rom! 
Panelet skal nok malast for å lysne rommet enda meir opp, men golvet
skal få ha sin trestruktur. Eg brukte kun eitt strøk med lut for å ikkje viske
vekk treet, til tross for at lyse tregolv er jo svært så populært no i den nordiske
stilen og eg likar det veldig godt også. Men trender vil alltid gå over og då 
håpar eg dette overvintrar alle trendar. 

Eg har jammen meg sagd meg eit stort hol i veggen eg. Etter inspirasjon frå forskjellige interiørblad faktisk. Vindauge i veggen er heilt nydeleg og til dette rommet som alltid har vore mørkt så vil det gi mykje ekstra lys.
Sjølve vindauge har eg funne ute her ein eller anna stad.
Gamleskapet har eg ikkje fjerna men vurderer eit nytt strøk maling og nye handtak på skapa. Men skuffene er heilt nydelege! 
Frå papp til treverk - akk, det høyrer jo såå mykje meir heime i eit gammalt hus! 

2 kommentarer:

  1. Så fint det blir! Tror jammen meg Hilde og jeg snart må komme tilbake og lage en ny sak. Ha en strålnde fin sommer. Gidske

    SvarSlett
  2. Hei Gidske!

    Så kjekt å høyre! Ja, no vert det bra her veit du! Ha ein god sommar du også! Håpar det vert nokre fine fjellturar på deg også! :-)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!