søndag, juli 20, 2014

Oppussingssommar


Ei til to veker tenkte eg rommet skulle ta. Jau, det vart litt lenger. Men det nærmar seg.
Og eg har no hatt både fjellferie og badeferie også då. 
Eg har erfart at å sette opp panel utan spikerpistol er hardt arbeid. Og at å slå 
inn spikrane med ein spikerdor etterpå er både gørrkjedeleg og gir vonde handledd.
Ikkje noko som helst romantisk å pusse opp altså. Og så kom det eg trudde var enkelt
og greit - å sette opp lister. Makan til nerveknusande arbeid har eg ikkje vore borti. Det tok
meg to dagar å sage til og sette opp dørlister samt sage til og høvle ned golvlister slik 
at dei faktisk låg neråt golvet som svingar i hytt og pine. Og ein del hyl og skrik, litt banning
og antydning til grining. 
Så det var faktisk utruleg deilig å endeleg byrje med malinga! 
Vindauget i veggen er eg stornøgd med, saginga har eg gjort sjølv, men har fått
 hjelp til å feste vindauget i veggen. Vindauget er nydeleg med gamle beslag
som eg har fått pussa ned litt, og eg har valt å male det i den fine blåfargen som eg
har på det gamle lintøyskapet på kjøkenet. Akk, dette vert bra! 



2 kommentarer:

  1. Med godt grunnarbeid kommer resultaene. Og det rare er at oppussing alltid tar lengre tid enn man tror. Men så kan man sitte med god selvfølelse og være litt stolt når man er ferdig. Klappe seg sjøl litt på skuldra og si at jammen var du flink, Gleder meg til å se sluttresultatet.
    Sommerhilsen fra Marit

    SvarSlett
  2. Eg har erfart at ved oppussing treng ein både planlegging og ca-budsjett, men samtidig så er det viktig å ha smøre seg med ein god klatt naivitet! Og ikkje minst, når ein er ferdig, legge alt i gløyeboka slik at ein ikkje hugsar kor lang tid det tok og kor trøytt ein vart:-)
    Og takk ja, eg skal også vere stolt når rommet er heilt ferdig! Og så vente ei good stund til neste store prosjekt :-)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!