torsdag, juli 03, 2014

Salatsnikarar



Desse snikane av nokre åmer/larver dukka opp på ruccolaen min i fjor. Til slutt
reiv eg all ruccola opp. I år kom dei att gitt, og fekk med seg heile slekta si. Dei går på
ruccolaen, men i dag kneip eg dei i å krabbe bort på sukkerertene og rødbetene mine også.
Dårlig gjort! Og kor kjem dei egentleg frå? Eg plukka i alle fall inn 71 stykk i dag, pluss at 
nokre glapp gjennom fingrane mine. I all verden, brunsneglane i hagen er ingenting i forhold.
Fysj.

4 kommentarer:

  1. Det ser ut som en eller annen sommerfugllarve. Men det var da virkelig mange av dem. Du kan ikke sende inn ei høne eller to for å få dem spist opp? Hønene mine spiser det meste som rører seg, men jeg har ikke fått prøvd slike du har. Jeg har mest snegler på salaten og de plukker jeg med en pinsett og forer dem til hønene. Lykke til med å berge ruccolaen.

    SvarSlett
  2. Då har eg teke livet av 71 muligens fine sommarfuglar eg då. Men det var dei eller meg - eller dei eller mat då. Satsar på at det var fæle sommarfuglar eg :-)

    SvarSlett
  3. Hvis der er de sommerfuglene jeg tror det er, så er de ikke særlig pene eller spesielle. Holder med deg i at det er lov å berge maten sin fra slike beist. Bare fortsett du :-)

    SvarSlett
  4. Godt å høyre! Har vore vekke nokre dagar no og såg ingen larver i dag, så forhåpentligvis har eg fått plukka dei vekk. Men dei har ete ein del då. Jaja :-)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!