søndag, august 31, 2014

Pizza perfetto


Eg har aldri vore i italia, det å ete pizza i italia står på lista over ting å gjere
i løpet av livet. Men til tross for det så har eg eit tydeleg bilete av korleis den perfekte
italienske pizzaen skal vere. Tynn og sprø botn, god tomatsaus, mozzarella..
Ein gong i blant prøver eg å få til akkurat dette, og eg trur eg nærmar meg 
litt og litt kvar gong. Denne gongen fekk eg til og med komfyren til å gå i svart
i nokre minutt, så temperaturen skal nok senkast litt neste gong! Men pizzaen vart
knallgod, nesten perfekt, til tross for ingen fancy pizzaovn her! 

Her kjem oppskrift på 3-4 pizzaer og gode tips!

Pizzadeig:
6 dl pizzamjøl Farina Tipo "0"
ca 2 dl vatn
ei lita klype med fersk gjær
2 ss god olivenolje
1/2 ts salt

Tomatsaus:
1 gul lauk
1 kinesisk kvitlauk
1 boks Mutti hermetiske tomater
1- 2 ts sukker
1-2 ts tørka oregano
salt/pepar etter smak

Lag gjerne deigen på føremiddagen om du skal ha pizzaen til kvelds. Lite gjær
og lang hevetid gir knallgod deig! Bruk gjerne kjøkkenmaskin og elt deigen godt. Ha i litt
meir væske om deigen vert for tørr. La så deigen kvile i ei anna bolle med plast
 og kjøkenhandkle over i gjerne 5-8 timar eller meir. Lag tomatsausen ved å surre
 lauk i olje, ha oppi tomater og krydder og la det koke inn til tjukk konsistens.
Jevne gjerne sausen med stavmiksar. Kjøl gjerne sausen ned før bruk.

Set ovnen på høg temperatur. 275 grader prøvde eg, 250 grader har eg nytta før og er
nok tryggare. La steikeplata stå inne i ovnen mens den varmar seg opp. Ha på 
kjøkenvifta, for det kjem ein del damp ut. Kjevle ut  deigen til 3-4 runde og tynne 
pizzabotnar på eit mjølldekka underlag. Når ovnen er varm nok
så ta ut steikeplata, strø på polenta eller mjøl for å unngå at pizzaen set seg fast. 

No må du jobbe raskt! 

Legg på ein pizzbotn, smør på saus, riv på mozzarella og anna du vil ha av fyll. 
Ikkje ta for mykje på! Eg syns gjerne tomat og pepperoni er ein vinnar! 
Og nokre blad med basilikum om eg har. 
Dryss over litt god olivenolje og nokre flak med godt havsalt.
Få steikeplata inn i ovnen og la den steike i ca 7-8 minutt til osten er gyllen.
Pizzaen er klar til å etast på minuttet! 

På veg inn i glovarm ovn. Ca 1/3 pakke mozzarella på denne og nokre
få pepperonibitar, det er nok! Knakande italiensk godt! 



Lampens revansj

Som vist tidlegare så arva eg ein lampetopp frå faren
til ei venninne. Lampen var tidlegare ein kjær ting for
han og det har vore viktig for meg å kunne nytte den 
vidare. Eg hadde ein liknande lampe, men den var i messing
og passa ikkje heilt saman med den oransje. Så den har blitt
liggande i ei korg her. Men så dukka ideen opp.


Ei handklestang eller noko liknande som eg ein gong
kjøpte på ein bruktbutikk. Den har egentlig ikkje blitt nytta
til noko viktig, men no fekk den ei knallkjekk oppgåve.

Lampen kan justerast etter om eg vil ha den høgt eller lågt på 
veggen, samt så kan eg jo justere vinkelen på lampen også.
Genialt og det såg nesten ut som design der borte på veggen! 




Heimekontor I


Littegrann tid har det vore til jobbing med heimekontoret. 
Vindauget er på plass i kvit utføring, og så har eg valt
vinduskarm i treverk som er beisa eitt strøk og lakka
etterpå.

Eg tok opp suksessen frå i fjor med å lage meg bordplate 
av gamal bordkledning frå huset. Den gamle bordkledningen
som vart rive då ny vart set på er heilt nydeleg og har breie bord. 
På det meste er dei 30 cm breie og eg har samla nokre plankar
som var fine. Denne gongen har eg pussa dei glatte med maskin, 
i fjor gjekk alt for hand. Det var greit å gjere samtidig som eg
pussa ned ei bordplate til slaktebenk i løa. 
 Plankane har så blitt impregnerte for å ikkje dra inn
unødig mått i huset, beisa eit lite strøk med kvitt og så
lakka med mattlakk.


Plankar med sjel som har levd eit liv.


 To typar treverk i ulike tonar mot kvarandre er vakkert og skapar liv. 


Borda er 30 cm breie begge to og er blitt festa med lekter under på
tvers. På eine enden kviler bordplata seg til ei lekt som er festa
til veggen. På den andre enden har eg set på eitt bordbein samt festa
langsida til veggen med vanlege hylleknektar. Bordet sit godt
festa til veggen og er då stødig og bra. 

Morgonstund - hausttonar

Tidleg sundag morgon, berre eg, ein hund, ein katt og
nokre høner er ute og nyt morgonsola mot truande
mørkt himmeltak.








fredag, august 29, 2014

EKTE leverpostei


Det er ikkje kvar dag ein har sin eigenprodusert griselever
i kjøleskapet. Det hadde no eg, og til tross for at det har vore vel
mykje kjøt dei siste dagane så vart det leverposteilaging i dag! 
Fersk lever kan du elles få tak i ein av dei få kjøtbutikkane som
framleis er drivande samt at du kan høyre med kjøtdisken i matbutikken
om dei kan skaffe deg det. Det er vel mest vanleg å lage eigen leverpostei
til jul, men det smakte like godt i slutten av august! Oppskrifta fann eg
her og har tilpassa den noko som vanleg. 
Leverposteien vart faktisk veldig god og neste gong skal eg eksperimentere
meir med krydderet tenker eg! Livet er jo for kort til å ikkje 
eksperimentere!

Lekker leverpostei

til 4 metallformer (kjøpt i 10pkn på Biltema)

2 kg svinelever (skal ligge i vatn i kjøleskapet før bruk)
500 - 600 g flesk/sideflesk/bacon med mykje flesk
4 ansjosfiletar (ein liten hermetikkboks)
2 mellomstore gule laukar
1/2-1 kinesisk kvitlauk
300 g strøkavring/griljermjøl
6 ts salt
2 ts peppar - gjerne nykverna for best smak
2 ts malt nellik 
8 egg
1 dl H-mjølk

Eg laga oppskrifta i to omgongar for å få nok plass i foodprossessoren. 
Etterpå blanda eg begge rørene i ei stor bolle. 

Del opp flesket i bitar og kjør det i foodprossessoren. Ha så oppi
lever i bitar og kjør det saman til ei slett masse. Knepp ansjosen med 
ei spiseskei og ha oppi røra. Ha oppi hakka lauk og kvitlauk. Kjør
det ein runde til lauken er malt opp. Bland strøkavring og krydderet
saman i ei skål og visp saman egg og mjølk. Ha dette oppi røra,
kjør det jevnt og ha så røra oppi metallformer som er smurt med 
smør eller olje/formspray. 

Steik leverposteiane på 170grader i vannbad i ein time. Ha gjerne over
eit bakepapir slik at dei ikkje vert brende på toppen og får
kraftig steikeskorpe. Du kan sjekke
om dei er ferdige med å stikke ein trepinne nedi, kjem den opp rein så
er dei klare. La dei kjøle seg ned på ei rist. Etter at dei er kalde kan du 
dele opp og fryse ned i boksar/posar/vakuumposar og ta opp etterkvart. 
Leverposteien held seg elles 5-7 dagar i kjøleskapet! 

Biletoppskrift

Lever og røykt Evangerflesk

Ein lånt foodprossessor gjorde hardjobben!

Røra vart raudleg og lukta veldig godt

Flotte heva leverposteiar


Leverpostei er jo egentlig ikkje lekkert, men real kvardagsmat som
fortener god norsk agurk og ein dæsj majones! Nam! 


onsdag, august 27, 2014

Ny erfaring i livet - eit slakteinnlegg

OBS!!
(Om du er redd for å sjå bilete av kvar kjøtet til grillpølsene dine
kjem i frå, så er det ikkje lurt å lese vidare på innlegget :)

I dag har eg gjort ei ny erfaring i livet, det kjennes nesten
som at å gå inn i ei ny epoke. Eg har slakta eigen gris på garden, 
noko som fleire naboar som stakk innom for å kikke rapporterte 
om at var eit sjeldan syn no til dags. Eg hadde god hjelp frå ein 
kyndig mann samt assistent i mor mi, men det tok heile
dagen allikevel. Grisane var rolege og fine og vart avliva mens dei
kosa seg med brød og bananbitar, gode favorittar. Etter avliving vart
det intens sprelling og forflytning på mange meter, så det å samle blod
vart ei utfordring. Og det var overraskande ikkje trist å ta livet av dei.

Deretter vart det vask og skrubb, fulgt av ei god økt
med skraping av bust (håret på grisen). For å få av busten må ein ha kokande
vatn på, som ein kokar med to vannkokarar og heller over eit handkle som
ligg på eit område på grisen. Den eine grisen hadde veldig mykje bust som
var hard å få vekk, den andre grisen hadde bust som lausna som smelta smør. 
Deretter var det å snitte og sage opp brystbeinet, tømme vommen, skjære av hovud
osv. No heng det fire halve grisar til avkjøling i løa og det ser knallbra ut! 
Eg er sliten og i morgon vert det partering og leverposteilaging. Og eg skal gi
meg sjølv ein stor klapp på skuldera! 

Grisen måtte fraktast med traktor frå beiteområdet til slaktestaden i løa. 

Ein daud gris ser ikkje så skummel ut. 

Busten er skrapa av og grisen vert "naken". Deretter kjem snittet for å tømme innvollar. 

Gissen sitt grisehovud. Her ventar kutting av øyrer, tunge og kjaker. 

Mat! Kjakar, tunge, lever og hjarte. Rett til kjøleskapet. 

Grisane, til tross for dagleg mosjon, var store og tunge! Gossen var på ca 120 kilo, og utan innvollar og
hovudet kom slaktevekta på 95kilo. 

Eskeland slakteri versågod! Kanskje ein gong i framtida i alle fall! 

Her ser ein rett inn på den gode ribba som mange kosar seg med til jul! 

mandag, august 25, 2014

Travle dagar











Det går litt i eitt for tida. Slaktedato nærmar seg (om to dagar no) og det har vore ein del
planlegging og førebuing på meg. No er det meste klart, ein tom frysar er på plass takka vera
eit kjekt søskenbarn, og ein stor slaktebenk er pussa klar til bruk. Eg har lest om spansk 
blodpølse, spekeskinke, svinepølser, syltelabbar pluss pluss. I tillegg så har den siste
veggen blitt dekka av ny bordkledning  og nytt vindauge er på plass. Om dagen går det i
maling av vaskerhuset som eg ikkje fekk malt i fjor. Og så gjenstår tre dørar som også
treng eitt og to strøk av den milde blåfargen. Snart er det ekte haust og innevèr
og då er det greit å vere ferdig med ting og tang ute. 
Dei tre kyllingane får nyte nokre timar ute når vèret tillet det og grisane nyt dagane som om 
dei ikkje visste kva som venta dei. 

Tida går fort og snart kjem dei fargesterke septemberdagane mot oss med lune solgløtt 
og perfekt vèr for å nyte ein kaffikopp med eit godt pledd rundt seg utandørs. Dei gler
eg meg til! 

mandag, august 18, 2014

Eplemuffins


Bakelysta har for alvor vakna hos meg. Det er som regel regntunge sundagar
eg kosar meg med slikt. Og no om dagen er det jo så mangt
ein kan plukke ute og ha i bakverk. Eg fann meg nokre syrlige
epler frå storehagen her og tenkte eg ville prøve meg med dei i muffins.
Til vanleg pleier ein å bruke smørbasert deig til eplekake, men eg prøvde 
meg med eggedosisbasert, og det vart vellukka! Dei heva seg flotte og fine
og vart både saftige og gode. Trikset er også å dele opp eplene i små 
terningar slik at dei ikkje vert så tunge i deigen.

Saftige og gode eplemuffins
ca 24 stk

3 passeleg store epler, gjerne syrlege
saften av ei halv sitron
2 ss lønnesirup (evnt sukker/kanel eller kanskje likør om du vil ha det)

Ta ut kjernehusa og kutt opp eplene i små terningar. Press
over ei halv sitron, ha oppi to gode skeier lønnesirup og bland 
godt. La gjerne dette stå kaldt ei stund og rør innimellom. 

Økologisk lønnesirup, både mørk og lys, finn ein på enkelte matbutikkar.
 Lønnesirup er gull verdt som søtning, denne mørke er knallgod! Eg fann min
på ein mindre Sparbutikk.

Muffinsrøre:
3 tempererte egg
3 dl sukker
5 dl kveitemjøl
2 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker
250 g smelta og avkjølt skikkeleg smør

Visp opp luftig eggedosis. Bland forsiktig inn mjølblandinga 
og så det avkjølte smøret. Ha til slutt i eplebitane og væska dei ligg i. 
Bland forsiktig. Ha oppi muffinsformer og steik dei på 225 grader i 
10-14 minutt til dei er lett gyldne på toppen. 
Desse muffinsane er like gode dagen derpå, men ha dei då i 
kjøleskapet i ein tett pose/boks. 



søndag, august 17, 2014

Bestemors gamle stav..

...fann eg på lemen (loftet). Der handtaket vart spikka om til hovudet til
ein slange. Slik ein gjorde det før. Vert det laga stavar lenger?
Denne er nok litt for låg for at eg kan ta den med på tur,
så den har fått ei anna oppgåve hos meg. 
 Som oppheng for bilete ute i vaskerhuset mitt! Til og med 
nokre små flasker/vasar kan hengast opp og tas lett ned. 





Enda litt meir liv og røre i gongen. Og bileta kan skiftast ut 
etter lyst og behov. Denne gongen har eg valt ut den fine
blomen min, ein liten duk som har fulgt meg i mange år, festa
til ei biletramme og fylt med vatt under. Bilete til venstre er
eit naturromantisk bilete frå Færøyane, så er det litt fiske-
kunnskapar på færøysk og deler av eit nydeleg bursdagskort eg 
fekk av ho tante i Askim i fjor! Små skattar!

lørdag, august 16, 2014

Huset utanpå om dagen


Maling innanfor i vaskerhuset krevde også eit strøk på døra. Utanpå hadde 
døra ein mørk blåfarge som går att på begge kjellerdører. 


Valet falt på denne fargen, "Indigo dempet" av Jotun og
den kjentes heilt rett ut til huset. Det visar seg at bittelitt av innsida
av eine kjellardøra er malt i liknande farge frå gammalt av, utan 
at eg har bevisst lagt merke til dette. Så ikkje rart at fargen kjentes 
rett ut!


 Det vart ein god farge og ei god inngongsdør.
Denne inngongsdøra er gamal og har berre ein heilt
vanleg lås. Den andre døra fins det ikkje nøkkel til,
så den kan eg ikkje låse utanfrå. Sjarmerande!


Betre seint enn aldri. Siste halvside med husvegg vert no skifta i
bordkledning og vindauge. Den nye bordkledningen har eg 
heldigvis malt frå før slik at det er berre litt småmaling som
trengs når det er ferdig. 

fredag, august 15, 2014

Haustleg





Me har bikka midten av august og det er allereie haustleg i lufta. Om sommaren
 hadde regna vekk så hadde gjerne panikken breia seg i kroppen, men etter
denne sommaren kjennes det veldig greit ut med den friske lufta,
nokre tidlege "hauststormar" og mørket som snik seg innom litt og litt tidlegare
 kvar kveld. Ute er det framleis grønt og herleg, men ein ser små teikn på at den
 neste årstida lurar seg inn. Som at epletrea og hasseltrea bugnar av godsaker.
Det er så koseleg å plukke nøtter, fylle lommene og smaksteste ved
å knekke skalet med jekslane, og håpe det ikkje fører til eit tannlegebesøk.

Nyt dei fine haustdagane som kjem!