søndag, august 17, 2014

Bestemors gamle stav..

...fann eg på lemen (loftet). Der handtaket vart spikka om til hovudet til
ein slange. Slik ein gjorde det før. Vert det laga stavar lenger?
Denne er nok litt for låg for at eg kan ta den med på tur,
så den har fått ei anna oppgåve hos meg. 
 Som oppheng for bilete ute i vaskerhuset mitt! Til og med 
nokre små flasker/vasar kan hengast opp og tas lett ned. 





Enda litt meir liv og røre i gongen. Og bileta kan skiftast ut 
etter lyst og behov. Denne gongen har eg valt ut den fine
blomen min, ein liten duk som har fulgt meg i mange år, festa
til ei biletramme og fylt med vatt under. Bilete til venstre er
eit naturromantisk bilete frå Færøyane, så er det litt fiske-
kunnskapar på færøysk og deler av eit nydeleg bursdagskort eg 
fekk av ho tante i Askim i fjor! Små skattar!

2 kommentarer:

  1. Herlig ny bruk av stokken til bestemor.
    Tror ikke mange lager egne stokker lenger, men husker at
    bestefaren min lagde stokkene sine sjøl. Noen ganger knøyt han
    tynne busker slik at de skulle vokse seg til med håndtak. Morsomt.
    Marit

    SvarSlett
  2. Har blitt nokre stokkar her opp igjennom tida også. Vert mest brukt til jaging av sauge til fjells. Men er vel ein tradisjon som er på veg ut ja. Fint å kunne ta dei fram att!

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!