onsdag, august 13, 2014

Det nærmar seg...


I tre heile månader har grisane sprunge, gravd, snorka og kost seg med uante mengder
med gammalt brød og anna knask. I sommar grein eg nokre tårer med tanke på
kva som var i vente over sommaren, det var i nokre sårbare stunder, men uansett.
I hovudet har eg skyvd vekk slaktedatoen litt etter litt og plutseleg planla eg visst ikkje
slakt før ut i oktober. Men etter å ha truffe grisebonden som eg kjøpte dei av, så
landa eg nedpå jorda igjen. Slaktedatoen er no sett og den store hendinga skal skje om
berre to veker. Eg har byrja å mentalt nå ein stad der dette skal gå greit og at
dette tross alt er kjøt som skal handterast. Men spent er eg no allikevel. Så i tida 
framover kjem eg nok berre til å tenke griseblod, slakteknivar, saltebalje og anna
detaljar som skal klaffe for at slaktinga skal gå bra! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!