fredag, august 29, 2014

EKTE leverpostei


Det er ikkje kvar dag ein har sin eigenprodusert griselever
i kjøleskapet. Det hadde no eg, og til tross for at det har vore vel
mykje kjøt dei siste dagane så vart det leverposteilaging i dag! 
Fersk lever kan du elles få tak i ein av dei få kjøtbutikkane som
framleis er drivande samt at du kan høyre med kjøtdisken i matbutikken
om dei kan skaffe deg det. Det er vel mest vanleg å lage eigen leverpostei
til jul, men det smakte like godt i slutten av august! Oppskrifta fann eg
her og har tilpassa den noko som vanleg. 
Leverposteien vart faktisk veldig god og neste gong skal eg eksperimentere
meir med krydderet tenker eg! Livet er jo for kort til å ikkje 
eksperimentere!

Lekker leverpostei

til 4 metallformer (kjøpt i 10pkn på Biltema)

2 kg svinelever (skal ligge i vatn i kjøleskapet før bruk)
500 - 600 g flesk/sideflesk/bacon med mykje flesk
4 ansjosfiletar (ein liten hermetikkboks)
2 mellomstore gule laukar
1/2-1 kinesisk kvitlauk
300 g strøkavring/griljermjøl
6 ts salt
2 ts peppar - gjerne nykverna for best smak
2 ts malt nellik 
8 egg
1 dl H-mjølk

Eg laga oppskrifta i to omgongar for å få nok plass i foodprossessoren. 
Etterpå blanda eg begge rørene i ei stor bolle. 

Del opp flesket i bitar og kjør det i foodprossessoren. Ha så oppi
lever i bitar og kjør det saman til ei slett masse. Knepp ansjosen med 
ei spiseskei og ha oppi røra. Ha oppi hakka lauk og kvitlauk. Kjør
det ein runde til lauken er malt opp. Bland strøkavring og krydderet
saman i ei skål og visp saman egg og mjølk. Ha dette oppi røra,
kjør det jevnt og ha så røra oppi metallformer som er smurt med 
smør eller olje/formspray. 

Steik leverposteiane på 170grader i vannbad i ein time. Ha gjerne over
eit bakepapir slik at dei ikkje vert brende på toppen og får
kraftig steikeskorpe. Du kan sjekke
om dei er ferdige med å stikke ein trepinne nedi, kjem den opp rein så
er dei klare. La dei kjøle seg ned på ei rist. Etter at dei er kalde kan du 
dele opp og fryse ned i boksar/posar/vakuumposar og ta opp etterkvart. 
Leverposteien held seg elles 5-7 dagar i kjøleskapet! 

Biletoppskrift

Lever og røykt Evangerflesk

Ein lånt foodprossessor gjorde hardjobben!

Røra vart raudleg og lukta veldig godt

Flotte heva leverposteiar


Leverpostei er jo egentlig ikkje lekkert, men real kvardagsmat som
fortener god norsk agurk og ein dæsj majones! Nam! 


2 kommentarer:

  1. Det der er bare så godt. Var med faren min og lagde leverpostei og leverkaker en gang.
    Tror det faktisk er noe av det beste jeg har smakt. Sjøllaga er best. Synes du er kjempeflink!!!
    Marit

    SvarSlett
  2. Takk! Eg må ærleg innrømme at det freista ikkje særleg å lage det i dag, er litt kjøtmetta i syn og lukt. Men eg har knaska i meg tre gode brødskiver i dag, knallgodt! Det vart rett i underkant 4 kilo leverpostei som er delt opp i bitar og vakuumert. Til eige bruk og fine gåver framover! Ikkje dumt det der. Spørs om eg kjem til å kjøpe vanleg leverpostei i butikken igjen nokon gong :-)
    Ha ei fin helg!

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!