onsdag, august 13, 2014

Glimt frå eldre tider: Fillerya





Med huset mitt dukka det også opp nokre gamle filleryer. Dei var nydelege,
men slitte og skjøre. Det var før i tida si måte å gjenbruke gamle slitte klede på
og det er ein tradisjon få nyttar seg av i dagens bruk- og kast-samfunn. Det er ikkje
kvar dag ein finn ekte filleryer til sals, men i Kvinnherad der eg arbeider kan ein
få tak i nokre nydelege eksemplar! Ved Kvinnherad vekstbedrift, ei vekstbedrift med verna 
arbeidsplassar og attføring, vev dei mellom anna filleryer som dei sel. Dei lagar også
ein del anna innan handverk og til dømes flotte benkar i tre. Nokre av handverksvarene
sel dei på den ferske bruktbutikken Retro på Husnes. Der kikka eg innom i dag, 
som eg jevnleg gjer, på jakt etter brukte skattar. Denne fillerya låg
rett og slett og ropte på meg. Fargane var heilt herlege, både frodige og friske
og fillerya passa perfekt inn i vaskerhuset mitt både med tanke
på fargane men også i storleiken. Og kva kosta fillerya? 130 kroner, eit røvarkjøp!
Det vart ein lukkeleg slutt på dagen i dag! 

1 kommentar:

  1. Filleryer er flotte. Så mye glad farge i dem. Denne var jo riktig fin da.
    Har et lite utvalg sjøl også. Det som er så greit med dem er at det bare er å
    putte de i vaskemaskina og vips er de like klare i fargen igjen.
    Augusthilsen fra Marit

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!