lørdag, august 09, 2014

Grønt fokus



La meg presentere to "før"-bilete. Etter å ha snekra og malt ferdig
mitt nye kontor så såg plutselig den vesle entreen min - eller vaskerhuset
som det heiter - veldig mørk og trist ut.  Det er vel slikt dei seier at når ein
pussar opp eitt rom så ser det neste ganske slite og fælt ut, og så har ein det
gåande. Eg hadde tre dagar igjen av ferie, var ganske ærleg sagt blitt male-
avhengig, det ein vert når ein kjem over "drittlei-av-å-male-kneiken" og berre
fortsett. Så eg kasta meg rundt, blanda maling og sette i gong. Sidan oppussing
gjerne går romsleg laus på lommeboka så har eg prøvd å spare litt her. Malingen
eg har nytta har eg hatt ståande frå før og har blanda den med kvitt til rett nyanse.
Stoffet har eg også brukt tidlegare og det var klart for ny gjenbruk. Rommet har
golv av skifer (umuleg å få reint) og plassbygd skap der bestemor blant anna hadde
ståande kjøleskapet sitt. Her har eg verktøy, håndkle, vaskebøtte, vottar/hue og slikt.

Og la meg presentere - det grøne rommet!


Litt sprø? Veit ikkje eg. Eg vert glad av rommet i alle fall! Og ein veit 
at ein entrer huset til Ingvild når ein går inn døra. Rommet vart malt
i min vanlige lyse bomullfarge for å lysne det heilt opp. Då var eg 
også nødt til å ha ein fargekontrast og valet falt denne gongen på grønt
samt innslag av tre. Golvet har fått eit strøk halvmatt golvlakk som gjer
at det er muleg å halde det reint. Golvet er kaldt så eit teppe må
sjølvsagt til.


I "avlukket" har eg sett opp skohyller av hobbyplank. På golvet står
støvelunderlaget mitt, noko eg laga då eg flytta inn her. Det består av
ei treramme, netting under og fine rullesteinar oppi. Slik kan våte og fæle
støvlar (som mine ofte er) renne av seg.


I avlukket har også rom for å henge opp jakker på kleshengarar eller krokar/knaggar.
Alt er gamalt og stammar frå ulike stader i huset. 


Ei lita knaggrekke til småjakker på besøk og hundeband.
Hobbyplank har eg kjøpt billeg på biltema, målt og sagd til
og sett opp med skruar. Oversida av hyllene har fått eit lag
golvlakk på seg for å kunne gjerast reine etter besøk av skitne sko.


Den eine gardina er sydd av stoff eg hadde på dagsenga mi og den andre er ei
kort gardin eg har hatt liggande som eg har sydd på ei forlengande kappe.
Her går også dei fine gamle skuffene med håndlaga
handtak att. Skapdørene har fått mine favorittknaggar dei også.


Speilet fann eg glad og lukkeleg på loppis i vår. Knaggrekka er restar
av dei grøne fine plankane som eg også laga benk av i vår. Dei fann me
inni husveggen i fjor. Knaggane er enkle men spesielle og kjem frå små
bodar/skap i huset. Oppå knaggrekka har eg festa ei smal vegglist til å legge
nøklar og slikt på. 

6 kommentarer:

  1. Må si jeg synes gangen din er absolutt genial jeg. Farger må man ha og grønt er skjønt.
    Knaggrekka som er laget av en plankerest og gamle kroker, rett og slett til å dø for spør du meg.
    Det er så flott og inspirerende å se hva du får til Ingvild. Dette digger jeg.
    Klem fra Marit.

    SvarSlett
  2. Takkar og bukkar! Eg er strålande nøgd! Vert glad når eg kjem ut i det grøne, på veg ut i det ekte grøne :-) Kontoret/arbeidsrommet må nok vente ei stund før det kjem ut på bloggen, er litt ting som må ordnast som ledningar, nytt vindu osv. Men det kjem det også! Og eg skal prøve å ha meg litt oppussingspause og fokusere litt på kvardag og anna småpussel ei stund :-) God laurdagskveld til deg!!

    SvarSlett
  3. Så flott det ble! Jeg elsker farger og liker at det er litt personlig preg i rommene. Vi har også gang i grønt og hvitt. Gjenbruk er flott og jeg likte veldig godt den grønne knaggrekka. Tror jeg må lage meg ei skohylle, finner ikke en jeg liker. Tror kanskje en slik støvelhylle du har laget kunne duge.
    Hilsen Camilla i Harstad

    SvarSlett
  4. Så kjekt å høyre! Eg vert så glad når folk viser fram litt fargar, heilt kvite rom vert eg litt tam av.
    Og moro at også du likte knaggrekka, små ting kan bli store skattar! Støvelhylla lagar du enkelt med nokre tjukke trelister og ei finmaska netting, hønsenetting kan også fungere. Har du skjørt golv under så er det no greit å sjekket at ikkje vatn samlar seg.
    Steinane har eg plukka ved sjøen, men det får ein jo også kjøpt. Lykke til!! :-)

    SvarSlett
  5. Så utrolig fint det ble! Kjekt å følge med deg, og takk for sist! Hilsen Hilde

    SvarSlett
  6. Takk for det Hilde! Har fått mange fine kommentarar for artikkelen, det dukkar opp ein og anna framleis! :-)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!