søndag, august 31, 2014

Lampens revansj

Som vist tidlegare så arva eg ein lampetopp frå faren
til ei venninne. Lampen var tidlegare ein kjær ting for
han og det har vore viktig for meg å kunne nytte den 
vidare. Eg hadde ein liknande lampe, men den var i messing
og passa ikkje heilt saman med den oransje. Så den har blitt
liggande i ei korg her. Men så dukka ideen opp.


Ei handklestang eller noko liknande som eg ein gong
kjøpte på ein bruktbutikk. Den har egentlig ikkje blitt nytta
til noko viktig, men no fekk den ei knallkjekk oppgåve.

Lampen kan justerast etter om eg vil ha den høgt eller lågt på 
veggen, samt så kan eg jo justere vinkelen på lampen også.
Genialt og det såg nesten ut som design der borte på veggen! 




2 kommentarer:

  1. Det er jo en designlampe. Det er Ingvild design!
    Orange er kult. Har ei orange kul(e)lampe sjøl også.
    Klem fra Marit

    SvarSlett
  2. Ingvilddesign! Haha, ja, det stemmer det! Er jammen litt lysten på oransj om dagen sjølv, har to lampar i den fargen og snart kjem det to stolar også!

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!