onsdag, august 27, 2014

Ny erfaring i livet - eit slakteinnlegg

OBS!!
(Om du er redd for å sjå bilete av kvar kjøtet til grillpølsene dine
kjem i frå, så er det ikkje lurt å lese vidare på innlegget :)

I dag har eg gjort ei ny erfaring i livet, det kjennes nesten
som at å gå inn i ei ny epoke. Eg har slakta eigen gris på garden, 
noko som fleire naboar som stakk innom for å kikke rapporterte 
om at var eit sjeldan syn no til dags. Eg hadde god hjelp frå ein 
kyndig mann samt assistent i mor mi, men det tok heile
dagen allikevel. Grisane var rolege og fine og vart avliva mens dei
kosa seg med brød og bananbitar, gode favorittar. Etter avliving vart
det intens sprelling og forflytning på mange meter, så det å samle blod
vart ei utfordring. Og det var overraskande ikkje trist å ta livet av dei.

Deretter vart det vask og skrubb, fulgt av ei god økt
med skraping av bust (håret på grisen). For å få av busten må ein ha kokande
vatn på, som ein kokar med to vannkokarar og heller over eit handkle som
ligg på eit område på grisen. Den eine grisen hadde veldig mykje bust som
var hard å få vekk, den andre grisen hadde bust som lausna som smelta smør. 
Deretter var det å snitte og sage opp brystbeinet, tømme vommen, skjære av hovud
osv. No heng det fire halve grisar til avkjøling i løa og det ser knallbra ut! 
Eg er sliten og i morgon vert det partering og leverposteilaging. Og eg skal gi
meg sjølv ein stor klapp på skuldera! 

Grisen måtte fraktast med traktor frå beiteområdet til slaktestaden i løa. 

Ein daud gris ser ikkje så skummel ut. 

Busten er skrapa av og grisen vert "naken". Deretter kjem snittet for å tømme innvollar. 

Gissen sitt grisehovud. Her ventar kutting av øyrer, tunge og kjaker. 

Mat! Kjakar, tunge, lever og hjarte. Rett til kjøleskapet. 

Grisane, til tross for dagleg mosjon, var store og tunge! Gossen var på ca 120 kilo, og utan innvollar og
hovudet kom slaktevekta på 95kilo. 

Eskeland slakteri versågod! Kanskje ein gong i framtida i alle fall! 

Her ser ein rett inn på den gode ribba som mange kosar seg med til jul! 

3 kommentarer:

  1. Lenge siden jeg har sett dette ja. Husker jeg var med hos naboen en gang som liten på 70 tallet. Det er liksom realiteten dette. Sånn ser maten vår ut før den kommer på bordet. Og tenk så fint kjøtt det er på disse to heldiggrisene her da. Som har lekt og rota rundt i det fri. Dette blir bra mat.
    Klem fra Marit

    SvarSlett
  2. Oi, kor tøff du er! Etter eit par netter på går i sommar vurderte eg sterkt å bli vegetarianer, samtidig drøymer eg om høns og kaniner i hagen - og ikkje for å bare kose med dei. Respekt for jobben du har gjort, det skal du ha!

    SvarSlett
  3. Det er nok god kvalitet på dette kjøtet ja! Utegåande og lukkelege, utan stress på veg til slakteriet. Og masse godbitar til mat. Men bittelitt trist å ikkje ha dei gåande her ute lenger kjenner eg!

    Skjønar tanken på å bli vegetarianar, det har eg fundert på mange gongar. Eg har enda opp litt i mellom eg, litt vegetarmat her og der og meir og meir fokus på godt dyrka/avla/laga mat. Er ikkje alt ein får til det med, men akkurat no er eg godt på veg! Gler meg til eige heimalaga røykt bacon, og å lage gode pølser. Det kan jo ikkje ein vegetarianar ete;-)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!