søndag, august 03, 2014

Nytt liv - ny start



11. mai i vår skreiv eg på bloggen at ei lita brun høne låg på egg i hønsehuset.
Og så har det ikkje kome eit ord om det etterpå. Eg har faktisk strevd med å få
fram kyllingar i år. To rundar har den vesle smånevrotiske høna lagt på egg og
det har enda i tomme egg, rotne egg, og nokre få daude kyllingar. Eg har klødd
meg i hovudet og teke opp saken med gode naboar som også har høns. Konklusjonen
er at eg nok har plukka egg for tidlig før hanen har vore heilt befruktande samt at
det har vore for tørt slik at eggeskalet har vore for hardt å kome seg ut av. 
Heldig er eg som har arva meg ei lykt som kan lyse gjennom egga og slik kan 
eg no følge med på om det veks seg til eit foster, eller berre vert liggande ei plomme. 
Så til tredje forsøk samla eg fem egg av ei fin Halsnøyhøne og var glad og nøgd 
då Trønderfrøkna (bilete) tok på seg den nye kloksejobben. Ho er slik ei klok høne,
nesten som ei ny Frøken faktisk. I går, dagen før forventa "termin" kom den første 
kyllingen seg ut av eggeskalet sitt. Og eg kjente på ei ekte glede, endeleg. 
Eit nytt liv og på alle måtar ein ny start. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!