søndag, august 31, 2014

Pizza perfetto


Eg har aldri vore i italia, det å ete pizza i italia står på lista over ting å gjere
i løpet av livet. Men til tross for det så har eg eit tydeleg bilete av korleis den perfekte
italienske pizzaen skal vere. Tynn og sprø botn, god tomatsaus, mozzarella..
Ein gong i blant prøver eg å få til akkurat dette, og eg trur eg nærmar meg 
litt og litt kvar gong. Denne gongen fekk eg til og med komfyren til å gå i svart
i nokre minutt, så temperaturen skal nok senkast litt neste gong! Men pizzaen vart
knallgod, nesten perfekt, til tross for ingen fancy pizzaovn her! 

Her kjem oppskrift på 3-4 pizzaer og gode tips!

Pizzadeig:
6 dl pizzamjøl Farina Tipo "0"
ca 2 dl vatn
ei lita klype med fersk gjær
2 ss god olivenolje
1/2 ts salt

Tomatsaus:
1 gul lauk
1 kinesisk kvitlauk
1 boks Mutti hermetiske tomater
1- 2 ts sukker
1-2 ts tørka oregano
salt/pepar etter smak

Lag gjerne deigen på føremiddagen om du skal ha pizzaen til kvelds. Lite gjær
og lang hevetid gir knallgod deig! Bruk gjerne kjøkkenmaskin og elt deigen godt. Ha i litt
meir væske om deigen vert for tørr. La så deigen kvile i ei anna bolle med plast
 og kjøkenhandkle over i gjerne 5-8 timar eller meir. Lag tomatsausen ved å surre
 lauk i olje, ha oppi tomater og krydder og la det koke inn til tjukk konsistens.
Jevne gjerne sausen med stavmiksar. Kjøl gjerne sausen ned før bruk.

Set ovnen på høg temperatur. 275 grader prøvde eg, 250 grader har eg nytta før og er
nok tryggare. La steikeplata stå inne i ovnen mens den varmar seg opp. Ha på 
kjøkenvifta, for det kjem ein del damp ut. Kjevle ut  deigen til 3-4 runde og tynne 
pizzabotnar på eit mjølldekka underlag. Når ovnen er varm nok
så ta ut steikeplata, strø på polenta eller mjøl for å unngå at pizzaen set seg fast. 

No må du jobbe raskt! 

Legg på ein pizzbotn, smør på saus, riv på mozzarella og anna du vil ha av fyll. 
Ikkje ta for mykje på! Eg syns gjerne tomat og pepperoni er ein vinnar! 
Og nokre blad med basilikum om eg har. 
Dryss over litt god olivenolje og nokre flak med godt havsalt.
Få steikeplata inn i ovnen og la den steike i ca 7-8 minutt til osten er gyllen.
Pizzaen er klar til å etast på minuttet! 

På veg inn i glovarm ovn. Ca 1/3 pakke mozzarella på denne og nokre
få pepperonibitar, det er nok! Knakande italiensk godt! 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!