torsdag, august 07, 2014

Seinsommarmuffins


Bærsesongen er over oss, bringebæra gir seg og bjørnebæra kjem for fullt. Dei som
er heldige kan finne litt blåbær i skogen, men dei er særs heldige i år for det
er ikkje mykje blått å sjå. Dei som har tilgong til ripsbuskar har kanskje nokre 
seintmodne resterips hengande, og her kjem ei oppskrift til å bruke dei. Du kan også
sjølvsagt bruke fryste rips, det går like bra. 
Denne muffinsoppskrifta har eg laga i fleire år faktisk, og har variert med ulike
typar bær. Rips i muffinsa er heilt nydeleg då dei vert både saftige, søte og syrlige 
på ein gong. Deilige ferske frå ovnen, men også lure å  putte i frysen og tine ein
regnfull dag. 

Saftige ripsmuffins
ca 20 stk

250 g meierismør
3 dl sukker
3 egg
5 dl kveitemjøl
2 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker

3-4 dl knallraude rips

La egga ligge framme slik at dei har romtemperatur når du startar
bakinga. Smelt smøret og avkjøl det. Visp egg og sukker til eggedosis, 
sikt over mjøl+bakepulver+vaniljesukker og vend det forsiktig inn i 
eggedosisen. Rør så inn smøret. Når røra er jevn har du oppi rips - jo
meir rips jo meir saftig og smakfulle muffins. Jo mindre rips jo meir
luftige og estetisk flotte muffins. Der kan ein jo velge sjølv kva ein vil.
Eg går for det første! 

Ha oppi muffinsrøre i formene, om lag ei stor spiseskei per form. Steik
muffinsa ved 225 grader i ca 10-14 minutt til dei er lett gyldne på 
toppen. Avkjøl på rist. 



2 kommentarer:

  1. Friske herlige muffins blir det med rips oppi. Har laga ripssaft og fryst ned noen bokser med hel rips til vinteren. Så kanskje jeg kan fikse noen ripsmuffins på vinteren når gjestene mine minst aner det.
    Herlig med alt naturen gir oss.
    Klem fra Marit

    SvarSlett
  2. Ja, desse smakar av sommar heile året dei. Rips er jo utruleg godt, minner meg om bestemor mi som åt det kvar dag i lag med kruskakli og surmjølk :-)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!