onsdag, august 13, 2014

Småpussel II



Piff opp ringeklokka


Eg har ei slags dørklinke i jern som ein klaskar ned for å varsle at ein er utanfor døra
mi. Dessverre høyrer eg det nesten aldri. I fjor kjøpte eg inn ei trådlaus ringeklokke med
fancy lyd frå Biltema og hengte opp ei inne og ei ute. Men etterkvart tok eg den ned, den
irriterte meg, den passa liksom ikkje inn og var kvit og kjedeleg! Så eit kveldsprosjekt denne veka
var å piffe den opp slik at den freista til bruk att! Eg klypte av eit skinnbelte, limte på med
limpistollim og litt superlim rundt kantane
.
På innemodellen limte eg også på (ved bruk av nokre bittesmå klattar lim)
 eit gamalt bilete av Rosendals-alpene som eg tok for nokre år sidan i herlege blåtonar,
 samt littegrann av diktet "Til eit fjell" av Olav H.Hauge - eit dikt eg likar svært godt og som eg ein gong skreiv på fint papir med gamal skrivemaskin. Valgt ringetone er stilt inn og vil eg forandre så er det berre å trykke gjennom den tynne bilete. Når det ringer på, så lysar det opp ein 
sirkel i bilete, men elles så ser den jo berre ut som ei slags alternativ biletramme/dikttavle.
Og om forandringsbehovet lokkar så er det jo berre å lime på eit nytt bilete, stoffrest eller
tapetrest som eg likar godt og så er alt forandra att. 
Så då forsøker eg på ny med ringeklokke!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!